Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 13.10.2020 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske presidenten Donald Trump ville ho skulle «reise tilbake der ho kom ifrå», men så enkelt er det ikkje å vippe den 30 år gamle kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez av pinnen. (Ho hadde heller ikkje trunge reise så langt, ho er frå New York.)

Frå ho sikra seg sigeren i fjorårets kongressval til no, så har demokratiske Ocasio-Cortez synt at ho er ei politisk røyst som krev merksemd.

Her er sju grunnar til at Ocasio-Cortez har teke verda med storm:

1. Ho er den yngste kvinna nokosinne i Kongressen

Då Alexandria Ocasio-Cortez vart valt inn på Kongressen gjekk det ikkje upåakta hen. Det er ikkje kvar dag ei 28 år gammal kvinne med aner frå Puerto Rico tek plassen til ein eldre kvit mann som har site i kongressetet i 10 år. Det gjorde Ocasio-Cortez i sitt første forsøk, og det var rett sjokkerande.

Ved årsskiftet tok Alexandria Ocasio-Cortez plass i den amerikanske Kongressen som den yngste kvinna nokosinne til å gjere det. Då var ho for få månadar sidan fylt 29 år.

2. «Kvinner som ho skal ikkje stille til val»

Alexandria Ocasio-Cortez er ein frisk pust på fleire vis. Ho er ung, kvinne, latinamerikanar og frå ein arbeidarklasse-familie. Ho var fødd i bydelen Bronx i New York, men familien flytta for å sikre AOC og broren eit betre skuledistrikt.

Som ho sjølv sa i kampanjevideoen sin: – Det er ikkje meininga at kvinner som eg skal stille til val.

Samstundes skil ho seg frå mange andre demokratar ved å vere hakket meir radikal. Ho stilte til val på ein plattform som inkluderte mellom anna helseforsikring for alle, jobbgaranti, strengare våpenkontroll, å heve minimumsløna og å kvitte seg med ICE – etaten som handhever toll- og immigrasjon i USA.

3. Ho vann det ved hjelp av grasrota

Ocasio-Cortez samla inn to millionar dollar til valkampen sin. Heile 61 prosent av støtta fekk ho frå personar som gav mindre enn 200 dollar kvar. Det er ein høgare del smådonasjonar enn nokon annan i Kongressen.

Samstundes ville AOC ikkje ta imot pengar frå politiske lobbyist-organisasjonar.


4. Ho arbeidde som bartender kort tid før ho vart fulltidspolitikar

Det var ikkje mange åra mellom Alexandria Ocasio-Cortez stod bak ein bardisk til ho gjekk inn døra til den amerikanske Kongressen som fulltidspolitikar.

Etter far hennar døydde, laut Ocasio-Cortez arbeide som bartender på ein taco-restaurant slik at familien kunne betale rekningane sine. Samstundes jobba AOC, som har ei grad i økonomi og internasjonale relasjonar, frivillig for ein utdanningsorganisasjon.

Då ho gjekk av med valsigeren skapte ho òg overskrifter då ho sa til The New York Times at ho ikkje kom til å ha råd til ei leilegheit i Washington før kongressløna kom på konto.

5. Ho set klima på den amerikanske dagsorden

Saman med senatoren Ed Markey la AOC fram forslaget til ein Green New Deal for USA. Det er ein ambisiøs klimapolitikk med mål om å gjere USA fornybart innan ti år, og vil krevje ei massiv omstilling av heile samfunnet.

Avtala vart stemt ned i Sentatet, men fekk støtte frå fleire demokrotatiske presidentkandidatar, inkludert Bernie Sanders som AOC støtta ved presidentvalet i 2016.

I slutten av juni diskuterte Ocasio-Corez klimakrise, engasjement og handling med Greta Thunberg i The Guardian.

Alexandria Ocasio-Cortez presenterer forslaget for ein Green New Deal saman med senator Ed Markey. Foto: Senate Democrats/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

6. Ho er driven på sosiale medium

Alexandria Ocasio-Cortez har ein av dei mest engasjerte følgjarskarane på Twitter, og er så driven på sosiale medium at ho vart hanka inn til å lære politikarkollegaane sine ein ting eller to.

The Guardian illustrerer ved hjelp av ni Twitter-meldingar suksessoppskrifta til AOC. 30-åringen når følgjarane ved å bruke Fox News til sin eigen fordel, gjere faktasjekk morsomt og ikkje vere redd for å kritisere sitt eige parti. Samstundes snakkar ho flytande «emoji».

Den viktigaste grunnen til at Ocasio-Cortez gjer det godt på sosiale medium er likevel fordi ho brukar det aktivt, seier The Guardian. Twitter er ikkje ein plass ho berre frigjer pressemeldingar, ho skapar sitt eige innhald og sine eigne nyheiter på ein overraskande, men ekte måte.

7. Ho er ikkje redd for å stille spørsmål

Alexandria Ocasio-Cortez er ikkje redd for konfrontasjon, eller å stille dei vanskelege spørsmåla. Samstundes har ho gjort det mange trudde var umogeleg: Få videoar frå møter i kongresskomitear til å gå viralt.

Eit klipp som syner AOC spørje ut etikkekspertar om regjeringskorrupsjon har vorte sett over 40 millionar gongar frå Twitter.

I klippet syner 30-åringen kor enkelt det vil vere for amerikanske politikarar og Det kvite hus å ta imot pengar frå og la seg styre av interesseorganisasjonar – heilt lovleg.

Dette klippet fekk Twitter til å koke:

Som ho sjølv seier i klippet, for nokre er ho ein bad guy, men for andre er 30 år gamle Alexandria Ocasio-Cortez eit friskt pust.