Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 31.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For stygge til å få bli med i utstilling

Det er no snart seks år sidan Naturhistorisk museum måtte stenge dørene etter at Riksrevisjonen sa at bygningen var i så dårlig stand at det kunne føra til skade på samlingane.

Museet er landets eldste museumsbygg, og 152 år etter opninga opnar museet dørene igjen den 14. oktober. Då utan ein del av dyra som var med før.

– Mange av dei gamle objekta bar preg av at dei som stoppa dei ut aldri hadde sett dyret i røynda, seier formidlingsleiar Kari Årrestad til Bergens tidende.

Omlag halvparten av dyra er nyinnkjøpte når museet igjen tek imot gjestar. Dei gamle som får bli med tilbake er blitt restaurerte og har til dømes fått meir livaktige augo og ekstra pels.

– Heile posituren er veldig merkeleg

Fagleg ansvarleg for oppussinga av museet, er ornitolog og førsteamanuensis Terje Lislevand. I ein Facebook-video frå Universitetet i Bergen viser han fram nokon av dyra for aller siste gong. Desse skal nemleg ikkje vera med i dei nye utstillingane.

Lislevand kjem til ei hylle der det ligg ei over hundre år gamal sjøløve.

– Det er noko feil med blikket, og heile posituren er veldig merkeleg. Skulle ein ha vise korleis ei sjøløve ser ut med hjelp av dette dyret, ville det blitt feil.

Sjøløva er over hundre år gamal. Foto: Torill Sommerfelt Ervik/UiB

– Her er det ganske mykje som er feil, seier Lislevand og viser fram ein tiger.

Han forklarar at både ansiktsuttrykk og kroppshalding er feil, men ikkje minst fargane på den utstoppa tigeren. Den er nemleg blitt måla og spraylakkert, og han trur det kan skuldast at ein ikkje visste så godt som i dag, korleis ein tiger faktisk ser ut.

– Det hende nok at dei måtte tippa litt. Dessutan fanst det då som no både gode og dårlege preparantar, og det er nok ikkje alle dyra våre som er gjort av dei beste fagfolka, fortel Lislevand på Universitetet i Bergen sine eigne sider.

Tigeren er måla og over hundre år gamal. Ikkje så rett, i følgje Lislevand. Foto: Skjermdump frå video/Torill Sommerfelt Ervik/UiB

Ynskjer eiga utstilling for «dei etterlatne»

Marie Kleppe. Foto: Privat

Etter at videoen vart lagt ut er det mange i kommentarfeltet som har ynskja seg ei eiga utstillinga med dei «for stygge» dyra.

24 år gamle Marie Lovise Skansen Kleppe, starta underskriftskampanje då ho såg videoen.

– Eg synest det er veldig dumt at desse dyra som ein gong levde, skal stuast vekk og kanskje aldri brukast igjen, seier ho til Framtida.no.

Ho meiner dyra framleis kan læra oss mykje og at det er ein verdi i å sjå korleis folk såg på dyr og taksidermi (utstopping) for 100 år sidan, og kor langt teknologien og vitskapen har kome.

– Det er også ein fin kontrast som kan framheva kor bra dei nye dyra er.

– Gjer meg glad i hjartet

Og ho er ikkje åleine om å ville sjå dyra i utstilling. Underskriftkampanjen nærmar seg allereie 400 signeringar, tre dagar etter den vart lagt ut. Folk vil sjå dei rare dyra.

På underskrifts-sida kan ein også leggje ved årsaka til at ein har signert. Dette er nokon av kommentarane:

– Fordi dårlig utstoppede dyr er kjempemorsomme!

– Desse fjesa gjer meg glad i hjartet mitt.

– I disse dager hvor alle forherliger virkeligheten med filter og perfekte bilder i SoMe, bør man ikke gi det uperfekt en sjanse? Skamutstoppa dyr trenger også kjærlighet!

– Dette er barndommen min, det er slik de så ut. Stygg eller ikke, de betyr noe.

På Naturhistorisk museum sine nettsider kan du sjå fullstendig oversikt over kva utstillingar som opnar 14. oktober.

Angrar på filmen

– Kvifor laga de denne filmen?

– Ja, det kan du spør om. Eg angrar allereie, ler Terje Lislevand på telefon til Framtida.no.

Han fortel at kommunikasjonsavdelinga ynskte å laga ei artig vinkling på nyopninga.

– Kvifor angrar du?

Terje Lislevand. Foto: Universitetet i Bergen

– No har det jo blitt veldig mykje merksemd rundt desse som ikkje skal bli utstilt, i staden for alt det fine og nye me har med til opninga, fortel han.

Han set likevel pris på engasjemetet og tykkjer det er fint å sjå at folk bryr seg om museet.

– Det var jo litt som forventa. Det blir gjerne litt merksemd når folk ser at det manglar ting dei hugsar frå barndomen til dømes. Men folk vil også sjå at det kjem til å vera mykje fint og flott, som me håpar vil vega opp.

Han legg til at sjølv om veldig mykje no er sett på lager, er dei der for framtida.

– Det er ikkje slik at alle desse er elendige og dårleg utstoppa dyr. Det er mange fine dyr som me kanskje kan bruka seinare.

– Så, vil underskriftskampanjen få ynsket sitt oppfylt?

– No må me fyrst få ferdig det nye museet, så får me sjå kva framtida bringer.

Oppdatering: Etter saka vart publisert tikka det inn ein melding frå Universitetsmuseet i Bergen i kommentarfeltet til Framtida.no: «Dei skamutstoppa dyra blir utstilling i 2020.» Utstillinga blir på nyåret 2020.

Under opninga 14.10.2019 – var dei stygge dyra på plass, likevel.

– Av og til kan det vera utfordrande å vurdere om vi treng å bedøve eit dyr for å undersøkje det, fortel Rolf-Arne Ølberg. Foto: Dyreparken

Universitetsmuseet i Bergen

  • Naturhistorisk ved universitetsmuseeter Noregs eldste museumsbygning, bygt i 1865 (Naturhistorisk).
  • Museet ble stengt i november 2013 grunna behov for rehabilitering.
  • Museet opnar igjen 14. oktober 2019.
  • Universitetsmuseet sine fagfelt er antropologi, arkeologi og kunst og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.