Fastar for klima: Har ikkje ete på seks dagar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 26.11.2019 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over heile verda arrangerer miljøaktivistane i Extinction Rebellion (XR) denne veka sveltestreikar, og rundt 400 i organisasjonen har meldt seg på. Målet er å setje lys på kor sårbar mattilgangen vår er, og tvinga styresmakter til handling.

Aktivistane peikar på vassmangel, flaumar, skogbrannar, tryggleiksfarar som trugar mattilførselen vår, saman med tørken og ekstremvêret som klimakrisa fører til.

– Ingen er trygge frå denne krisa. Det er på tide å handla, skriv dei.

– Det er allereie millionar av menneske som svelt

Mange stader i verda er det ein reell streik, der dei sit ein plass og sultar til dei får oppnådd sine krav, som å snakka med høgtståande politikarar til dømes.

I Noreg er det omlag fem personar som også har teke det drastiske steget å ikkje ete denne veka. For dei er det først og fremst ein test på om dette er eit verkemidel dei vil bruka i større skala i framtida. Difor har dei heller ikkje konkrete norske krav og vil slutta fasten sundag, ikkje når evt. krav er innfridd.

– Difor kallar me det ein faste, ikkje ein streik, fortel Christian Hansson (49) i norske Extinction Rebelllion.

Hansson og Georgiana Keable (61) har ikkje ete på fem dagar når me møter dei.

– Kvifor gjer de dette?

– Kva skal vi gjere? Me har prøvd alt. XR er veldig flinke til å finne nye, kreative måtar i kampen. Gjennom å fasta denne veka har eg kjent at eg forstå behovet for mat. Jo meir olje me tek opp, jo mindre mat får me på grunn av klimaendringar. Så dette er ein måte å både kjenne det på kroppen sjølv, og å sei ifrå til verda, fortel Georgiana Keable (61).

Hansson fortel at det også er for å støtte ungdomen som klimastreiker og for å støtta kollegaar i andre land som streikar for å oppnå konkrete ting i sine land.

– Me er jo priviligerte som kan velje å ikkje ete, og det får oss til å kjenne korleis det er å ikkje ha mat. Det er allereie millionar av menneske i verda som ikkje er sikre på kor neste måltid skal koma frå og mange som svelter. Det blir verre med klimaendringane, seier Hansson.

– Skal me ete olje? Pengar?

Det er inga tvil om at klimaendringane trugar verdas matforsyning, og det har vore fleire debattar om Noreg er sjølvforsynte nok. I dag ligg sjølvforsyningsgraden vår på omlag 45%. Sjølv om me har mykje plass, er berre 3% av Noregs totale areal matjord. 

I Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sin rapport om norsk matforsyning (2017) skriv dei mellom anna at visse hendingar kan ha alvorlege følger for norsk matforsyning og eigen nasjonal produksjon, men ikkje få store konsekvensar for befolkinga.

Likevel påpeikar dei at på lengre sikt kan klimaendringar og andre utviklingstrekk føre til at internasjonale handelssystem som Noreg er avhengige av, vil kunne bli utfordra.

– Kva skal me ete om det blir lite mat i verda? Skal me ete olje? Skal me ete pengar? Er det planen? Kva er planen? spør Hansson.

Han legg vekt på at det ikkje er sikkert at land vil selgje maten sin, om det er det einaste dei har sjølv, i framtida.

– Så det er ikkje ei krise umiddelbart, men det er jo ei fare. Kvifor held me fram å bygge ned matjorda vår i Noreg? Det er eit veldig stort alvorleg problem og me veit korleis me løyser det.

– Eg var ikkje klar over kor utruleg svak eg skulle bli

Når me møter dei har det altså gått fem dagar sidan førre matinntak, og dei understrekar at dette ikkje er noko berre kven som helst kan gjera utan førebuing.

– Det er ein alvorleg ting, det må ein vera klar over. Det er farleg å gjera det utan kontakt med lege, rette vitamin og mineralar og ein må vita korleis ein skal byrja å ete igjen.

Han fortel at det kjennest godt på kroppen etter så mange dagar utan kaloriinntak.

– Det er veldig fysisk og ein har jo aldri gjort det før. Eg har i alle fall ikkje det. Ein blir slapp. Samstundes er det litt overaskande at ein kjenner at menneske tåler ein del. Men ein må vita kva ein gjer, det kan vera farleg, understrekar Hansson igjen.

– Eg var ikkje klar over kor utruleg svak og sjanglande eg skulle bli. Det er også ganske mykje smerte faktisk. Eg har lugge i senga med superhovudpine og tenkt: er dette farleg? og vore redd.

Ho fortel at det også har vore ei ganske kjensleladd veke. Ho veit ikkje om det berre er fordi ho har ikkje har ete, men trur det kanskje også er fordi ho har følt medkjensle.

– Eg har ein ven som er rumensk gatemusikar, og eg har kjent kor vanskeleg han har det og litt meir korleis svolt kan påverka deg. Me opplever det jo nesten aldri. Som dei seier “Utan mat og drikke, dug helten ikkje” og eg har følt meg heilt udugeleg. I går låg eg i senga heile dagen fordi eg ikkje turte å gå rundt, fortel Keable.

Når dei no snart skal ende fasten, må ein ta det gradvis for at kroppen skal tåla det. Keable skal på togtur til England med barnebarnet på måndag og treng ein ekstra dag til å kome seg inn i eit vanleg kosthald igjen.

– Eg skal difor bryta fasten i dag. Eg tenker eg må rekke å få litt krefter tilbake til å tåla reisa, smiler ho.

Hansson skal faste ei full veke, frå sundag til sundag. Så er det opptrapping av matinntak og jobb på måndag.

– Dra til Madrid, og kjemp barnas sak

Framtida.no møter dei under ei klimamarkering med over 30 organiasjonar utanfor Stortinget, fredag ettermiddag.

Dei oppmøtte ynskjer å senda ein felles bodskap til regjeringa om å vera meir ambisiøse i klimapolitikken, når regjeringa dreg til klimatoppmøtet COP25 i Madrid, 2.-13. desember.

– Klimarettferd er også ei veldig viktig sak for oss. Det er ganske urettferdig at Noreg berre kan ta ut meir og meir olje, når det er med på å øydelegga liva til så mange i andre delar av verda som aldri har hatt dei godene me har hatt, seier Keable.

Det er Changemaker som har teke initiativ til markeringa, der også klima- og miljøminister Ola Elvestuen har møtt opp.

Steinar Winther Christensen i Besteforeldrenes klimaaksjon. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Me er opptekne av at Noreg også skal ta sitt ansvar i denne klimakampen. Eg seier til deg Ola Elvestuen: dra til Madrid og kjemp barna si sak, seier Steinar Winther Christensen i Besteforeldrenes klimaaksjon frå talarstolen.

Dei 30 organisasjonane sine krav til regjeringa er at:

  • Noreg kuttar minst 53 prosent av nasjonale utslepp innan 2030.
  • Noreg tek sitt ansvar ved å gi 65 milliardar kroner til klimafinansiering.
  • Noreg må kjempe for internasjonal anarkjenning og rettar til klimafordrivne gjennom for eksempel et klimapass.