Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

4.-5. september gjekk Oslo Pax av stabelen, arrangert av Nobels fredssenter. Konferansen er den fyrste i det som skal bli årlege toppmøte-samlingar for fred, og i år var temaet: klima og fred. 

– Alle som deltok på konferansen fekk vera med å diskutera klima frå ulike perspektiv. Utfordringar og mange ulike løysingar vart tekne opp, fortel Sofie Nordvik (24) til Framtida.no etter samlinga.

Målet med samtalane var å saman produsera konkrete tilrådingar til FN sitt klimatoppmøte i New York. Der skal Nordvik sjølv overlevera lista med tilrådingar på hovudmøtet 23.september.

Saman med amerikanske Kelsey Juliana, canadiske Morgane Ollier og Christiana Figueres frå Costa Rica, sette ho saman dei sju konkrete tiltaka basert på kva deltakarane hadde kome fram til. 

Kelsey Juliana leier klimasøksmålet i USA, Morgane Ollier er visepresident i CliMate og Christiana Figueres er tidlegare FN-diplomat, i dag FN sin klimasjef og står bak Parisavtalen frå 2015.

Christiana Figueres tok til tårene då Sofie Nordvik (t.v.) spurde kvifor ho framleis kjempar for klima. – Eg gjer det for døtrene mine og dei komande generasjonane. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Dronninga mi!

Ulike generasjonar og folk som jobbar på ulike nivå i klimaarbeidet var samla desse dagane, noko Nordvik sette stor pris på.

 – Det var stas at dei hadde med folk som kan ein del om internasjonal klimapolitikk. Og så var det veldig stort å få snakka med Figueres. Ho er liksom dronninga mi!

24-åringen er ungdomsdelegat for Landsrådet for Noregs barne- ungdomsorganisasjonar (LNU), med klima som fagfelt.

Ho vart tidleg invitert på ungdomsmøtet i New York, men synest det er viktig at unge får vera med inn i romma der leiarane diskuterer også. Utanriksdepartementet tok dette på alvor, og ho har no fått plass på hovudmøtet 23. september også. 

– Det står i Parisavtalen at ein skal ha offentleg deltaking og at unge er særleg viktige å inkludera i klimaforhandlingar. Det er likevel ikkje gitt at unge får vera med der det faktisk skjer, seier ho.

Trur ikkje Solberg er nøgd

Med på turen vil også statsminister Erna Solberg (H) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vera. Nordvik vil nytta høve til å diskutera litt klima med dei også. 

– Eg trur det er viktig å snakka om Noreg sitt handlingsrom og kva me kan gjera. Me kan ikkje seie oss nøgde før me er på rett kurs til å fiksa klimakrisa, og det trur eg eigentleg at Erna også er samd i.

Ho trur det blir kult å høyra statsministeren sitt perspektiv på korleis ein kan vera meir ambisiøse frå norsk side. 

– Kva trur du Solberg vil meina om lista?

– Eg trur ei slik liste kan vera med å dytta dei i rett retning. Det er nok ikkje nok at lista kjem, men at den kjem samstundes med klimabrøl og tusenvis av unge som streikar viser på alle plan, at me bryr oss om framtida vår. Då er det ingen som kan bagatellisere det engasjementet. 

Dårleg flysamvit

Flyreisa er lang og klimaaktivist Greta Thunberg valde mellom anna å segla til New York, for å unngå dei store utsleppa. Nordvik reiser med fly begge vegar, og kjenner at det slit i samvitet.

– Eg har tenkt masse på om eg skal vera villig til å ta flyreisa for å vera med. Først tenkte eg at eg ikkje burde gjera det. 

Men som ungdomsdelegat og representant for norske barn og ungdomar, fall ho ned på at det var rett å reise likevel.

– Alternativet er at ein million av oss skulle reist, eller at dei unge som ropar framfor Stortinget ikkje skal bli høyrt av FN. Det er også eit dårleg alternativ. 

Ho meiner nettopp dette er eit tydeleg døme på endringa som trengst.

– Det er vårt ansvar å stå opp mot eit system som tvingar oss til å handla klimafiendtleg.

Juliana Kelsey (t.v.) står i spissen for klimasøksmålet i USA. Morgane Oliier (t.h.) er visepresident i CliMate. Her frå panelsamtale under Oslo Pax. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Paradoks

Sofie Nordvik trur det er viktig at lista til verdssamfunnet kjem med tyngda av ein respektert institusjon, men meiner også at Noreg må ta ansvaret som fredsprisutdelar på alvor. 

– Me kan ikkje berre dela ut Fredsprisen og vera nøgde med det, samstundes som me handlar motstridande. Skal prisen ha integritet vidare, må ein ta klimakrisa med dei humanitære konsekvensane på alvor. 

På samlinga i Oslo vart det mellom anna løfta fram at Noreg er ein storeksportør av våpen og samstundes eit symbol på fred. 

– Me er også symbolet på klimarettferd, samstundes som me er blant dei som tener mest per innbyggar på å forureina. Denne lista kan visa vår rolle og vårt ansvar, og at ein ikkje får respekt utan å handla deretter.

Som ungdomsrepresentant lovar ho å følgje med på kva statsministeren løftar fram som norske ambisjonar, og vil seia ifrå om det ikkje møter forventingane til barn og unge.

– Eg er der for å sørge for at barn og unge si stemme blir høyrt, og at ein ikkje berre kan ignorera krava til barn og unge. 

Les lista med fleire detaljar her.