Frost 2 har samisk premiere parallelt med noregspremieren: – Tøft av Disney

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.11.2019 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er tøft av Disney å våga å satsa på det samiske. Det hadde eg ikkje trudd frå ein så stor gigant som Disney, seier Emil Karlsen.

22-åringen frå Storfjord kommune i Nord-Troms var førre veke på Samisk Hus i Oslo for å markera samisk språkveke.

Karlsen meiner det er ei viktig anerkjenning av urfolk frå eit stort selskap som historisk sett ikkje har vore så flink å handtere minoritetar.

– Det tenker eg er eit steg i riktig retning, seier Karlsen, som har tenkt at han må sjå filmen på nordsamisk.

Musikar Emil Karlsen (22) meiner storkonsernet Disney viser betre takter når det kjem til å ta urfolk på alvor. Foto: Andrea Nøttveit

Fleire urfolksspråk frå Disney

Den første Frost-filmen, som vart sett om til 41 språk, vart ein ekstrem kassasuksess og spelte inn 1,2 milliardar dollar.

Allereie i den første filmen frå 2013 kunne ein høyre joiken Vuelie av Frode Fjellheim. Denne kan ein tydeleg høyre att i traileren for Frost 2.

Tidlegare har giganten sett om filmen om den polynesiske prinsessa Vaiana til urfolkspråka maorisk, hawaiisk og tahitisk, men dette vert første samiske Disney-versjon.

Måndag delte Internasjonalt samisk filminstitutt det første biletet av filmplakaten og tittelen: Jikŋon 2:

Det er sametinga i Noreg, Sverige og Finland, saman med Samerådet, som har fått til ein avtale med Disney Animation om at filmen skal dubbast på nordsamisk.

Omtrent det einaste som er kjent kring den samiske dubbinga er at skodespelar Sara Margrethe Oskal har regien.

Sametinga og Samerådet har skrive under på ei tausheitserklæring og det er framleis ukjent både kven som har stemmene og kven som står for omsetjinga.

– Som regel kjem det samiske etterpå

I det samiske miljøet har rykta om kven som har stemmene til Anna og Elsa allereie byrja å svirre, men ikkje ein gong sametingspresident Aili Keskitalo har fasiten.

Ho gler seg over at Jikŋon 2 kjem ut med samisk tale same dag som han har noregspremiere, noko ho meiner bidreg til å løfte både synlegheita og statusen til dei samiske språka.

– Som regel er alltid dei samiske løysingane noko som kjem etterpå, eller etter kvart, eller kanskje ikkje i det heile tatt, seier Keskitalo.

No håpar sametingspresident Aili Keskitalo at den samiskspråklege oppfølgjaren kan inspirera fleire til å leika på samisk.

Ikkje ein gong sametingspresident Aili Keskitalo veit kven som har dei nordsamiske stemmene i Jikŋon 2. Ho har likevel høyrt rykter, som ho ikkje vil vidareformidla. Foto: Andrea Nøttveit

Vil unngå stereotypiar

For Keskitalo var det viktig at dersom Disney Animation skulle henta inspirasjon frå samisk kultur, så måtte det ikkje vere slik at samane vert flaue eller lei seg når dei såg resultatet.

– Det skal vera noko som me kan relatera til, noko attkjenneleg og ikkje noko som forsterkar stereotypiar om samar, understrekar ho.

Ho håpar kompetansen som dei samiske aktørane opparbeidar seg òg kan nyttast i dubbing av andre produksjonar og på sikt gjere det lettare for samane å fortel sine eigne historiar gjennom animasjon.

Frozen 2-produsent Peter Del Vecho underteikna ein offisiell samarbeidsavtale med sametinga og Samerådet då han vitja Oslo i september. Foto: Lars Opstad/sametinget

Spent sametingspresident

Men sjølv om ho er like spent som alle andre på kven som har stemmene og korleis omsetjinga vert, så er det ein ting som er enno meir spanande:

– Eg er veldig spent på korleis min eiga dotter på 11 år kjem til å oppleve det å ha ein så stor produksjon tilgjengeleg på hennar morsmål. Det bli ei stor oppleving, spår Keskitalo.

I den engelske originalversjonen av Frozen 2 er det Kristen Bell som har stemma til Anna, medan Josh Gad er snømannen Olaf. Kven som har dei nordsamiske stemmene er framleis ukjent. ©2019 Disney.