Elin Kristina (23) er stemma til Anna: – Det er ein meir krevjande jobb enn folk trur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg måtte følgje med på augo hennar, augnebryna, uttrykka og alt. Og det må gjerast ganske fort. Det er ein meir krevjande jobb enn folk trur, seier Elin Kristina Oskal på telefon til Framtida.no.

Endeleg kan 23-åringen frå Saltdal i Nordland avsløra at det er ho som har stemma til karakteren Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2, som har tittelen Jikŋon 2.

Samisk Disney-historie

Då den første Frost-filmen hadde premiere i 2013 vart filmen den mest innbringande i Disney si historie. Små jenter over heile verda har lagt sin elsk på søstrene Elsa og Anna, som kjempar seg fram i eit nordiskinspirert landskap.

Allereie i første filmen kunne ein høyra joiken Vuelie av Frode Fjellheim og i oppfølgjaren er den samiske inspirasjonen endå meir framtredande.

I førebuingane inngjekk Samerådet og dei samiske tinga i Noreg, Sverige og Finland ein samarbeidsavtale med Disney. I tillegg fekk dei til ein historisk avtale om at animasjonsgiganten for første gong skulle dubba ein film på samisk.

Musikar Emil Karlsen er blant dei som rosar Disney for å no anerkjenna urfolk i større grad enn tidlegare.

Northuldra-folket er inspirert av samisk kultur og tradisjon, difor har Sametinga vore oppteken av at kulturen deira vert behandla med respekt. Mari Boine har den samiske stemma til den uformelle leiaren, Yelena (t.h). © 2019 Disney.

Vart invitert på audition

– Eg hadde sett på internett at dei prøvde å få folk til å koma på audition og eg hadde veldig, veldig lyst, men eg turte ikkje, fordi eg er ganske forsiktig av natur, fortel Elin Kristina Oskal.

I tillegg til å hjelpe til med familien si reindrift og å jobba på skule, satsar 23-åringen på musikk og teater. Ein rød tråd i alt det kreative ho har føre seg er å formidla samisk kultur i heimtraktene.

Før ho var 19 år var det ingen som i det heile teke visste at ho kunne synge, fordi ho ikkje våga å vise fram den sida av seg.

Men då ho fekk ein telefon om ho kunne tenkja seg å koma på audition, var det ikkje vanskeleg å takka ja. Derifrå gjekk turen til STI Media i Oslo for audition. Der fekk ho møta dei som var involverte, men ingen av dei andre skodespelarane, fordi alt var hemmeleg.

Elin Kristina Oskal (23) har stemma til Anna (t.v), medan songar Marianne Pentha har stemma til systera Elsa. Foto: Privat © 2019 Disney.

«Yes, dette naila eg»

To av dei involverte kjente 23-åringen godt til frå før. Manus er nemleg omsett av tanta hennar, Berit Margrethe Oskal, medan ei anna tante, Sara Margrethe Oskal, er instruktør for dubbinga til samisk.

Då Framtida intervjua instruktøren tidlegare i år kunne ho ikkje seia kven som var stemmene, men avslørte at ho likar karakterane endå betre på samisk.

Elin Kristina Oskal fekk beskjed om å berre slappa av, kosa seg og ha det gøy.

– Så stod eg i studio med to skjermar framfor meg, ein med tekst og ein med filmen, samstundes som eg hadde eit headset der dei snakka engelsk. Det var ei multitasking utan like, minnast 23-åringen.

Heldigvis gjekk det bra og Oskal forlot auditionen med ein kjensle av at «yes, dette naila eg», men etter kvart som tida gjekk vart ho meir og meir usikker.

Då dei halvanna veke seinare ringte opp og sa «gratulerer» slo ho handa for munnen og spurte om det var sant.

Vegard Pope Bjørsmo (18) frå Karasjok har dubba ein del for NRK Sápmi tidlegare, men det var med endå større ærefrykt han tok på seg rolla som Disney-helten Kristoff. © 2019 Disney.

Den mystiske telefonsamtalen

Frost kler samisk, det kan ein seie, stadfestar Vegard Pope Bjørsmo, som har stemma til Kristoff.

– Eg veit ikkje korleis ein kan forklara det, men det levde. Det var ikkje ein sånn halvferdig cover av noko. Sjølv om språket var eit anna, føltest det som om det alltid hadde vore på det språket, seier skodespelaren om det han har sett – og høyrt.

18-åringen frå Karasjok trudde eigentleg han hadde gått glipp av sin store sjanse då han på slutten av tredjeklasse på vidaregåande takka nei til ein «mystisk» telefonsamtale der han vart invitert til ein workshop med dubbing i Oslo.

Det var på slutten av året og Bjørsmo hadde brukt opp det udokumenterte fråværet sitt, så då han seinare fekk nyss i at det var Disney som stod bak førespurnaden tenkte han at sjansen gjekk forbi.

Hemmelegheitskremmeriet

Heldigvis tok dei kontakt igjen og denne gongen takka den ferske musikkteaterstudenten ja. Han sat på bussen i sin nye heimby Oslo då den endelege stadfestinga tikka inn på mobilen.

«Hei Vegard. Du blei godkjent som Kristoff i den samiske versjonen av Frost 2», stod det i gratulasjonsmeldinga.

18-åringen vart så jublande glad at det var «nesten kleint» og venninna skjønte kva som gjekk føre seg, men elles har han halde tett.

– I starten skjønte eg ikkje kor mykje som faktisk var hemmeleg. Men når me kom på innspelingar var det ark der det stod at det var forbode å ta bilete og eg måtte signere etter kvar gong, fortel Bjørsmo.

Stolt dubbedebutant

Elin Kristina Oskal reiste til Oslo i haustferien og tok fleire langhelger, som vart brukte i studio. Berre dei aller næraste fekk vete kva ho gjorde der, fordi ho skreiv under på ei kontrakt om at ho ikkje skulle avsløra noko.

– Det har vore så vanskeleg fordi eg har måtte lyge og skrøna og det er noko eg er kjempedårleg på. Det var veldig vanskeleg fordi det kribla slik i magen. Eg var så glad og overlykkeleg og stolt, seier Oskal.

Ho har ikkje sjølv sett det ferdige resultatet og er difor veldig spent på å sjå Anna med si eiga stemme på festpremieren 14. desember.

– Det blir sjølvsagt veldig uvant, men eg er veldig stolt over meg sjølv. Eg håpar at resten av Noreg er like nøgde som eg er. Eg har ikkje ord, eg er berre superspent og nyfiken.

Lange samiske ord

Stemma til Anna vart overraska over at dubbinga føregjekk åleine i studio, utan at medspelarane var der. Det vart intense dagar der ho kunne stå i tre til fem timar og snakke, då er det viktig å ha kontakt med heile kroppen – frå mage, bein og kne.

– I teater så ser dei jo heile kroppen min, med både armar kroppsspråk og stemma mi. Her måtte eg følgje Anna. Eg var ikkje ho, men måtte få stemma til å følgje kroppen, forklarar Oskal.

Noko av det kjekkaste var å gjera dei aller lengste replikkande, fordi samiske ord er lange med mange konsonantar.

– Det er vanskeleg å prate veldig fort, men eg synest det var gøy sidan det er så utfordrande. Eg måtte matche munnen til Anna, som var veldig utfordrande, men eg fekk faktisk dei lengste setningane betre til enn dei korte der ho berre sa «nei» eller «kanskje».

Slik ser den samiske filmplakaten ut:

På samisk heiter «Frozen» – Jikŋon. ©2019 Disney.

Ein kjenslemessig nakkesleng

Ifølgje Oskal har den største utfordringa vore at ho fekk ein slags «kjenslemessig nakkesleng» i studio.

– Anna har veldig mykje humør, ho er sprudlande og ho er liksom så mykje, så det vanskelegaste har vore å kanalisere alle desse kjenslene på ein time. Ein dialog skal du flire og vere glad, medan den neste er trist – så ein går frå det eine til noko anna.

18 år gamle Vegard Bjørsmo er ikkje heilt fersk når det kjem til dubbing og har tidlegare gjort oppdrag for NRK Sápmi, men medgjev at det var med litt meir ærefrykt han gjekk laus på rolla Kristoff i Disney-storfilmen.

– Kva er ambisjonane dine vidare?

– Å dubbe ein Disney-film var ganske høgt på lista, så eg er framleis litt blenda av det. Det kjem nok nokre nye mål, men først må eg landa litt, seier studenten.

– Kvifor er eg sjokka eigentleg?

Begge stemmeskodespelarane synest det er veldig stort at Disney kjem med sin aller første samiskspråklege spelefilm. At Frost 2 kjem med nordsamisk tale parallelt med norsk, trur Elin Kristina Oskal vil gje samsisk språk eit sårt tiltrengt løft.

– Samisk treng å bli høyrt, sett og vist fram, ikkje berre for samar sjølv, men for alle som ønskjer det i heile Noreg, Sverige, Sápmi og verda, seier 23-åringen.

Ho synest det er fantastisk stort at filmen òg kjem ut på samisk, noko ho tek seg sjølv i å vere overraska over.

– Kvifor er eg sjokka eigentleg? Eg synest det var på tide og er kjempe takknemleg for det.

Slik ser kontrakten mellom Sametinga, Samerådet og Disney ut:

I den offisielle avtalen mellom Samerådet, Sametinga og Disney forpliktar selskapet til å både syta for ein samisk versjon og takka det samiske folk i rulleteksta.

Einaste same i klassen

Oskal hugsar tilbake på då ho vaks opp som einaste samiske elev i ein klasse med over tjue barn.

– Ingen skjønte noko om den samiske kulturen eller språket. Til slutt fekk eg nesten lyst til å gøyme det. Eg følte meg annleis, sjølv om eg ikkje vart mobba, seier Oskal.

Ho trur Disney-satsinga kan bidra til å løfta det samiske for alle aldrar, gje det større plass og gje samiske ungar som er i mindre tal der dei bur ei kjensle av stoltheit og tilhøyrsle.

– Eg trur det gir eit sterkare band og bidreg til meir stoltheit.

Frost-frelste Emma

Trass i sommarfuglar i magen, klarte også Vegard Pope Bjørsmo å motstå lysta til å fortelje det. No gler 18-åringen seg stort til å sjå det ferdige resultatet på festpremiere i Oslo – og igjen i Alta – og på ny med klassekameratane frå musikkteaterlinja.

Men ein person er det ekstra spesielt at skal sjå filmen: Veslesystera Emma.

– Eg har ei veslesyster på fire-fem år og eg tenkjer mykje på at ho får denne moglegheita. Ho snakkar ikkje norsk, så for ho å sjå ein film der Disney-prinsane og –prinsessene snakkar samisk, blir veldig stort, seier Bjørsmo.

– Trur du ho kjem til å kjenne att stemma di?

– Det trur eg. Det kjem i alle fall til å bli eit lite spørsmålsteikn når ho høyrer det første gong.