Instruktøren om Anna og Elsa i Frost: –  Eg likar dei aller best på samisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kan sjølvsagt ikkje seie det. Eg veit at alle går rundt og seier: «Kven er Elsa og kven er Anna», men det nyttar ikkje å spørje, ler Sara Margrethe Oskal på spørsmål om kven som har stemmene i den samiske versjonen.

Forfattaren og skodespelaren vart headhunta til oppdraget med å instruera dubbinga av Frost 2 til nordsamisk.

Ho skryt av talentet i det samiske miljøet og håpar den kompetansen som dei no har kan brukast òg i seinare produksjonar, slik at enno meir film vert tilgjengeleg på samisk.

Les også: – Det er mange måtar å vere samisk på

Klyp seg i armen

49-åringen medgjev at ho har følt på ansvaret med å instruera den aller første Disney-filmen til nordsamisk.

Det er nesten slik at ho innimellom må klype seg i armen for å finna ut om dette verkeleg skjer. Som lita kunne ho ikkje i sin villaste fantasi sjå for seg at det ho såg på tv, skulle vere tilgjengeleg på samisk.

At ein Disney-film attpåtil kjem ut på nordsamisk samtidig som norsk er heilt «wow».

– Me er vande med at me får det på samisk seinare, om det skjer nokon sinne, men no skjer det samtidig, seier Oskal begeistra.

Sjølv har ho arbeidd med dubbing sidan 1995 då ho stemmela den samiske versjonen av Karius og Baktus. Seinare har ho jobba med å instruere både filmar og fleire tv-seriar for NRK Sápmi.

På nordsamisk heiter «Frozen» – Jikŋon. ©2019 Disney.

Bevis på språkets verdi

Men dette er «utruleg stort», understrekar Oskal, som gler seg aller mest til å få sitja i ein kinosal og ta del i den opplevinga det er når samiskspråklege barn for fyrste gang får sjå ein Disney-film på sitt eige språk.

– Eg trur at det vil gje dei ei kjensle av at deira språk er like mykje verd som alle andre språk, seier Oskal, som peikar på at det stadig kjem døme på at elevar utanfor samiske kjerneområde ikkje får undervisninga dei har krav på utan vidare.

– Dei får eit bevis på at språket har ein verdi. Det er ikkje berre noko som vert høyrt i eit klasserom, understrekar ho.

Hemmeleg prosess

Oskal kan ikkje seie noko om prosessen, anna enn at «det går bra» og at det ikkje er noko tidsnaud. Ho forklarar at uansett kva film og språk det er snakk om handlar det om å få språket munnleg og levert på ein truverdig måte.

For å vere ei god filmstemme hjelper det å ha evna til vere tilstades, og ein bør vere arbeidsom, ifølgje 49-åringen.

– Så må ein skjønne det med skodespel. Sjølv om det berre er stemma som brukast, så må du bruke heile deg. Du må bruke kroppen din og kome i kontakt med kjenslene. Det er veldig krevande.

Kor lenge ein kan jobbe i studio med lyd varierer frå person til person og med erfaringsnivået, men ifølgje Oskal er tre timar i løpet av ein dag det som er behageleg.

– Kva håpar du dei som ser filmen synest?

– Eg håpar at dei ikkje tenkjer særleg mykje over at det er på samisk. At dei berre kan slappe av å nyte filmen og let seg rive med av historia ein får servert, seier Oskal.

I den engelske originalversjonen av Frozen 2 er det Kristen Bell som har stemma til Anna, medan Josh Gad er snømannen Olaf. Kven som har dei nordsamiske stemmene er framleis ukjent. ©2019 Disney.

Likar samiske Anna og Elsa best

Før ho fekk oppdraget hadde ikkje Oskal sett Frost meir enn ein gong og medgjev at det er Løvenes konge som er Disney-favoritten.

–  Er Elsa og Anna annleis på samisk?

– Eg likar dei aller best då. Fordi eg blir mest rørt av dei når eg høyrer dei på samisk. For meg så er det mest naturleg no, sidan eg jobbar med det. Sjølvsagt snakkar dei samisk! avsluttar Oskal.

Les også: Frost 2 har samisk premiere parallelt med noregspremieren: – Tøft av Disney

I den norske versjonen er det Lisa Stokke som har stemma til Elsa (t.v), May Kristin Kaspersen er Anna og Thorbjørn Harr er Kristoffer.
©2019 Disney.