Verda har planlagt produksjon langt over klimamåla: – Gir grunn til bekymring

Dersom me skal klara å nå 1,5-gradsmålet må verdas land produsera halvparten så mykje fossil energi i 2030 som det dei legg opp til i dag.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2015 vart Parisavtalen signert. Til no har 195 land i verda er med på avtalen som forpliktar dei til å kutta utslepp. Målet er at den globale oppvarminga skal aldri skal stige meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid. Helst ikkje meir enn 1,5 grad.

Nye tal syner at verda ikkje er i rute.

20. november la CICERO, FN sitt miljøprogram (UNEP), Stockholm Environment Institute og fleire andre organisasjonar ut ein ny rapport, som viser det store gapet mellom målet og planlagde utslepp av kol, olje og gass.

120 % for mykje

– Det er eit betydelig gap mellom planlagt produksjon og maksimalt forbruk av fossil energi dersom klimamåla skal nåast. Det bør ha stor interesse for eit oljeproduserande land som Noreg, seier Bård Lahn, forskar ved CICERO Senter for klimaforskning i ei pressemelding.

Slik det ligg an no, planlegg verda å produsera 120 % meir fossil energi enn det som er mogeleg, dersom ein i 2030 skal vere i rute til 1,5 gradsmålet. Det er dobbelt så høge utslepp som verda har råd til, om ein skal klare målsetjinga.

Dersom målet er to grader, er det planlagt 50 % høgare utslepp i 2030 enn det som gjer 1,5 gradsmålet mogleg.

Planlagt kol-produksjon er verst

– Funna gir grunn til bekymring. Større produksjon av fossil energi gjer det vanskelegare å nå klimamåla. På nasjonalt nivå kan det bidra til at investeringar, infrastruktur og kompetanse blir retta inn i feil sektor, og bidreg til ein såkalla «lock-in»-effekt der ein vert låst til eit fossilt energisystem, seier Lahn.

Raud: Planlagt og prosjektert fossil energiproduksjon. Grøn/gul: Det ein har lova å produsera (maksimum) gjennom klimaavtalar. Turkis: Produksjon i tråd med 2-gradarsmålet. Blå: Produksjon i tråd med 1,5-gradsmålet. Grafikk: The Production Gap report 2019

Gapet mellom mål og planlagt produksjon i verda er størst når det kjem til kol. Det er planlagt å vinne ut 150 % meir kol enn det som går, dersom målet er to gradars oppvarming. Er målet 1,5 grad, er det planlagt 280 % så store utslepp enn det målsetjinga tillet.

For olje og gass er gapet litt mindre, med planlagt produksjon for mellom 40 og 50 % meir enn det som vil vera i tråd med eit togradarsmål i 2040, ifølgje CICERO.

Kva kan Noreg gjera?

I rapporten har dei brukt 10 land som utgongspunkt. Sju land som ligg i toppen av produksjon i verda: Kina, USA, Russland, India, Australia, Indonesia og Canada. I tillegg til tre land med stor produksjon og sterkt ytra klimaambisjonar: Tyskland, Noreg og Storbritannia.

Landa som er undersøkt i rapporten. Grafikk: The Production Gap Report 2019

I rapporten listar Production Gap Report opp ulike tiltak som landa som produserer kan gjere for å få utvinningsnivået meir på linje med det klimaet kan tåla.

  • Økonomiske tiltak (til dømes tilskots-reform)
  • Regulering (til dømes forbod mot ny utvinning)
  • Statleg levering av varer/tenester
  • Tiltak for å betra informasjon og openheit (til dømes nasjonal rapportering av produksjon og mål innan fossil energi-produksjon).

Forbod mot meir utvinning

Dei trekk også fram Belize, Costa Rica, Frankrike, Danmark og New Zealand som alle har vedteke delvis eller totalt forbod mot å leita etter og utvinna olje og gass.

I stor kontrast til Noreg, som aldri har hatt fleire felt i produksjon – og endå er det fleire planlagt.

Til slutt legg dei vekt på ein kollektiv innsats frå private og næringsliv. Men at internasjonalt samarbeid spesielt, er særs viktig for å få ned produksjonen, gjennom innrapportering via Parisavtalen og utveksling av lærdom og erfaringar.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen møtte elevane som fredag 24. mai streika frå skulen for å sikre at politikarane høyrer klimakrava deira. Foto: Bente Kjøllesdal