Språkforskarane i Beforeigners: – Ein gutedraum i oppfylling

Den norskspråklege serien om framvandrarar frå ulike tider som hamnar i Oslo har teke verda med storm. For å skape truverde har språket vore heilt sentralt.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.10.2021 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er språknerdar, inspirerte av Tolkien. Denne typen oppgåve har vore ein gutedraum som har gått i oppfylling, fortel Julian Kirkeby Lysvik, og ser bort på kollegaane sine rundt bordet i det kvite seminarrommet på Blindern.

Saman med André Nilsson Dannevig og Alexander K. Lykke har han skapt og rekonstruert språka som no lyder på TV-skjermar rundt heile landet i den norskspråkelege HBO Nordic-serien Beforeigners.

Dei har gjort det mogeleg for karakteren Alfhildr å banne på norrønt, skapt aksenten til steinaldermannen Navn, og sørgja for at 1800-tals overklassen ikkje snakkar som Ibsen skriv.

Nicolai Cleve Broch spelar politimannen Lars Haaland i serien, ein heilt vanleg Oslo-borgar. Krista Kosonen spelar politikvinna Alfhildr som er framvandra frå vikingtida. Pressefoto: Eirik Evjen/HBO Nordic

Jakta på fagfolk

– For oss var det ganske openbert at det å jobbe med språk kom til å verte veldig viktig, forklarar Anne Bjørnstad då Framtida.no møter ho på på ein kafé i Oslo.

Saman med Eilif Skodvin har ho skrive manuset til Beforeigners, serien som tek føre seg kva som skjer dersom flyktningar byrjar å kome frå fjerne tider i staden for fjerne stadar. Første spørsmålet dei stilte seg var: Korleis skal ein få sjåarane til å tru at desse menneska kjem frå ei anna tid?

Då vart språket ein nøkkel.

– Det følest som ein opplagt ganske kul ting, som gjer at det kjennest mykje meir realistisk. Du skal verkeleg føle at dette er eit menneske som har kome frå tusen år sidan, og prøvar å finne seg til rette. Det er ikkje nokon som går utkledd som viking i Oslo, seier Bjørnstad.

Manusforfattar Anne Bjørnstad utelukker ikkje at det også dukkar opp fleire språk i Beforeigners i komande sesongar. Foto: Bente Kjøllesdal

Særleg tanken om at framvandrarane skulle snakke norrønt melde seg ganske tidleg, det var meir eit spørsmål om det var mogeleg, fortel ho.

Manusforfattarane vart samde med regissør Jens Lien om at dei ikkje skulle ta nokon snarvegar, og Bjørnstad starta jakta på fagfolka.

– Eg er ganske van til å drive å ringe rundt, og prøve å finne nokon som veit noko om spesielle ting. Men ekspertane sit ikkje og ventar på at eg skal ringe – dei har sine eigne jobbar, seier Bjørnstad.

Ho har sjølv studert ved Universitetet i Oslo, skrive for studentavisa Universitas og erfaring frå både journalistikken og research i TV-produksjonar. Det trur ho har vore ein fordel for å finne fram til dei riktige folka.

Akademia på sitt vakraste

Framtida.no møter dei tre språkforskarane på eit seminarrom på Blindern. Her arbeider framleis to av dei: Lysvik og Lykke er begge doktorgradsstipendiatar ved Universitetet i Oslo. Då Anne Bjørnstad tok kontakt for eitt år sidan var også Dannevig i arbeid hjå UiO. Då var han vitskapeleg assistent hjå Senter for fleirspråklegheit, no brukar han mastergrada si i lingvistikk til å lære dataprogram norsk.

Dannevig trudde knapt sine eigne auge då han i mai i fjor fekk ein e-post frå Bjørnstad:

– Eg antok at det var spam, og var heilt klar til å oversjå den. Men eg tenkte at «okei, eg sjekkar det».

I e-posten forklarte Bjørnstad at ho arbeidde med ein TV-serie, ein norsk science-fiction om framvandrarar frå ulike periodar. Ho leitte etter nokon som kunne jobbe med språka frå epokane: norrønt, steinalderspråk – som enda opp med å heite mesolittisk – og 1800-tals norsk.

– Då svarte eg sjølvsagt at det kan eg! Please, please, please. Men eg treng hjelp, fortel Dannevig.

Julian Kirkeby Lysvik (t.v.), André Nilsson Dannevig og Alexander K. Lykke. Foto: Bente Kjøllesdal

Dannevig visste kvar han skulle finne den. Han kjende til at Lykke hadde spesialisering i norrønt, og at både han og Lysvik hadde konstruert språk på fritida.

– Eg sa til han at eg treng å treffe dei ganske snart, seier Anne Bjørnstad når ho tenker tilbake på den korrespondansen.

– Og han sa: I morgon?

Bjørnstad ler av entusiasmen og handlekrafta.

– Så med ein gong eg trefte dei tre, så følte eg at «Yes, no kan vi få til alt!», seier ho, og legg til:

– Det var akademia på sitt vakraste.

Slik vert ein gutedraum realisert.

Øl, pizza og steinalderspråk

Dei tre språkforskarane legg ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid det siste året. Ikkje berre har dei sett om replikkar til språk som er anten konstruert eller rekonstruert, men dei har også spelt inn uttalen på lydfiler som skodespelarane brukar. Dei tok på seg Bjørnstad si utfordring med brask og bram, men det skulle løysast på toppen av deira eigne kvardagsjobbar.

– Heile prosessen med arbeidet vi har gjort starta eigentleg med steinalderfolket, fortel Lysvik.

Det første dei vart bedne om var å skape ein aksent til steinalderfolket. Framvandrarane frå kring 8000 f.Kr. snakkar ikkje mykje mesolittisk, eller surhes som er det mesolittiske namnet, i den første sesongen. Dei har lært norsk, men treng ein felles aksent som gjer at sjåaren skjønar at dette er ei homogen gruppe.

Karakteren Namn er ein steinaldermann frå 8000 f.Kr som plutseleg har hamna i notidas Oslo. Pressefoto: Lukas Salna/HBO Nordic

– Då sette vi oss eigentleg berre ned hjå Julian med burger og øl, og tok føre oss norsk. Vi tenkte: Kva trekk frå andre språk kan ein tenkje seg hadde vorte overført til norsk om ein lærer norsk som eit andrespråk, forklarar Lykke.

– Det som var viktig her var at vi ville lage ein aksent, men dei må ikkje høyres ut som ei typisk innvandrergruppe. Det skal ikkje vere slik at når du høyrer dei snakke så tenker du «ah, finsk» eller «ah, fransk», for å ta språk på F, seier Lysvik til latter frå dei to andre.

Dei jobba såleis baklengs. Dei leitte etter lydar som gjorde at aksenten skilde seg ut, fann alternativ og diskuterte med Anne Bjørnstad.

Bitane byrja å falle på plass då Eilif Skodvin i manuset var kreativ med ordstillinga, og fann ut at også steinalderfolket er ein smule kreative i språket:

– Dei lagar mykje nye ord. Dei seier ting som at det er unok istaden for ikkje nok, forklarar Bjørnstad.

Samstundes gjer tonefallet mykje av jobben, fortel Julian Lysvik. Det er flatt, men søkk på slutten av setningane.

– Du er nerd altså

Då aksenten var på plass, tok Lysvik over stafettpinnen på mesolittisk. Samstundes tok Lykke ansvar for norrønt og Dannevig fekk i oppgåve å forme 1800-tals norsk.

Lysvik fortel at med eitt han visste korleis språket skulle høyrest ut, så kunne han konstruere ord og setningar ut frå det idealet.

– Eg starta med kor frekvente lydar er, og derifrå har eg laga ord.

– Det der visste eg faktisk ikkje. Har du laga frekvenslister? Du er nerd altså, skyt Lykke inn og latteren ljomar i seminarrommet.

Mesolittisk har ein eigen grammatikk, med fire kasus og eit relativt komplekst bøyingssystem for verba.

– Det som er kult er at om folk høyrer etter, så kan dei kjenne att ord og mønster som vert gjentekne i replikkane, seier Lysvik.

Har du eit vakent språkøyre kan du høyre at ordet urfa som tyder «snill» liknar urfam som tyder «snillheit», men også er ordet som brukast når ein skal seie «ver så snill».

Frå norrøn skrift til tale

Medan Julian Lysvik konstruerte eit språk frå botnen av, så har Alexander K. Lykke hatt ei heilt anna oppgåve. For norrønt språk har ein veldig mange kjelder tilgjengelege.

Når karakteren Alfhildr og hennar skjoldmøy-kollega Urðr pratar saman, så føregår det på faktisk norrønt.

– Så det er veldig mykje enklare å ta meg, seier Lykke og ler.

– Om eg gjer ein feil, så kan du gå i ei grammatikkbok og sjå at «aah, Alexander – der skulle det vore ein a og ikkje ein i!».

Det har likevel vore langt frå ein enkel jobb Lykke har hatt.

– Det finst inga ordbok der du kan slå opp: Kva heiter busk på norrønt? seier Lykke, og legg til:

– Det heiter vel runnr, når eg tenker meg om.

Karakteren Alfhildr stammar frå vikingtida. Pressefoto: Lars Olav Dybvik/HBO Nordic

Men der finst ordbøker med norrøne ord han aktivt har nytta i arbeidet, som Johan Fritzners Ordbog over Det gamle norske Sprog. Lykke har henta ord derifrå, og når det er behov for nyord har han måtte konstruere nyord basert på reglane i språket.

Som eit ekstra hinder på norrønvegen kjem vikingtida sine framvandrarar frå 1000-talet, medan dei skriftlege kjeldene vi har i dag stammar frå 1200-talet. Alle språk endrar seg konstant, og på så mange år vert det ein merkbar forskjell.

– Vi har kunnskap om at nokre formar er unge norrøne formar, og andre er gamle. Eg har konsekvent gått for alt som er så gammalt som mogeleg, for å dra det så langt tilbake som råd, forklarar Lykke.

Samstundes har ei av hovudoppgåvene til Lykke vore å sikre at den norrøne uttalen ikkje høyrest islandsk ut. Det er trass alt heilt ulike språk. Når ein av dei norrønttalande hovudpersonane er frå Island og uttale-læraren på set er islending, er det lettare sagt enn gjort.

Lingvisten som fekk ibsensk på fjernsyn

I sitt arbeid med 1800-tals norsk møtte André Nilsson Dannevig også liknande uttale-utfordringar.

– Du skal høyre at desse menneska er frå 1800-talet. Det må ikkje høyrest ut slik som Nicolai Cleve Broch sin karakter Lars Haaland pratar.

Språket kan heller ikkje vere for likt dansk, då dei jo ikkje snakka dansk på 1800-talet. Samstundes vert det kunstig om karakterane snakka som i Ibsen sine verk, fortel Dannevig.

– Det hadde vore kjipt som lingvist å vere den som fekk dei til å prate ibsensk eller dansk i ein serie – for noko tull.

Det er ikkje berre språket som skil seg ut hjå framvandrarane frå 1800-talet. Pressefoto: Lars Olav Dybvik/HBO Nordic

Eit av grepa Dannevig gjorde for å sikre at språket skilde seg ut utan å verte rart, var å sørgje for at eigedomsord nesten alltid kjem før substantiv.

Når dottera i serien kjempar for russetida si, så snakkar stefaren hennar frå 1800-talet om «ditt overgangsrite» ikkje «overgangsritet ditt». Han vil alltid leite etter «mine briller» ikkje «brillene mine».

Samstundes har Dannevig lagt inn nokre særord, trass i at dei nok ikkje var vanlege på 1800-talet. Difor kan du nok høyre ordet «pibe» nemnt.

På 1800-talet var det eit større dialektmangfald enn det som kjem fram i serien, men det var viktig at ein skulle klare å kjenne att framvandrarane frå denne tida som ei homogen gruppe:

– I serien sin logikk går det også an å forklare, for desse menneska er openbert overklassemenneske som kjem frå 1800-talet. Det er ikkje Gud og kvar mann, og takk og lov for då hadde eg måtta tatt andre val, forklarar Dannevig.

«Dette ordnar vi»

Dei tre språkforskarane har gått oppgåvene uredde imøte. Dei har fått e-postar søndagskveldar om omsetjingar av replikkrevisjonar som helst lyt vere klare til måndag, og grubla over korleis dei skal omsetje nyord som «tidsisme» til gamle språk.

Det var likevel ei utfordring som fekk Julian Lysvik til å tvile:

– Vi fekk ein e-post frå Anne om vi kunne setje om til gamalsamisk. Eg tenkte at dette nok er ei oppgåve som er for stor for oss.

Dei eldste skriftlege kjeldane vi har på samisk, og det er nokre få ord, er frå 1600-talet. Dette skulle vere samisk frå 1000-talet.

– Men André svarte på e-posten medan eg dreiv å leita opp bakgrunnsinfo, og der står det: Dette fiksar vi! seier Lysvik.

Då var det berre å gripe oppgåva fatt. Etter litt forskarleit enda dei opp med å kontakte professor emeritus ved UiO, Rolf Theil, om omsetjingsarbeidet til gamalsamisk.

– Eg skreiv: Eg antek at dette er meir eller mindre umogeleg, men viss det lèt seg gjere. Og han svara i ein fantastisk e-post: Nei, dette trur eg ikkje er umogeleg i det heile teke, fortel Lysvik.

Professoren hadde nettopp skrive ein artikkel om samiske låneord frå urnordisk. Theil fekk tilsendt replikkane, og tilbake fekk dei gamalsamisk frå 1000-talet, rekonstruert etter vitskapelege prinsipp.

Dei var ikkje åleine om å få hakeslep:

– Eg trudde dei hadde dikta opp gamalsamisken, men då dei fortalde det var rekonstruert, då fekk eg gåsehud, fortel Anne Bjørnstad.

Ho rosar språkforskarane ho har hatt på laget for å alltid strekke seg lenger, og gjere meir enn ho har bede om.

Språknerdar frå nord til sør

Manusforfattar Bjørnstad er også open om at det har vore ein utruleg krevjande og omfattande jobb å lage Beforeigners.

– Men det er utruleg tilfredsstillande når det fungerer så bra som det har gjort.

– Eg er jo stolt av det. Tenk på alle dei vikingseriane og -filmane som er laga i verda – det er jo ingen av dei der vikingane snakkar sitt eige språk, seier Bjørnstad.

– Det aller mest spennande, synest eg, er at ein kan bruke språket til å fortelje noko om karakteren, fortel Anne Bjørnstad. Karakteren Urðr snakkar nesten berre norrønt i serien fordi ho ynskjer seg attende til vikingtida, medan Alfhildr i større grad har lagt fortida bak seg og difor snakkar mykje norsk. Pressefoto: Eirik Evjen/HBO Nordic

Serien har slått an, ikkje berre i Noreg, men også i utlandet. Manusforfattaren fortel at ho har lese haugevis av kommentarar på Twitter, og spanske og katalanske meldingar av serien. Dei les ho i Google Translate, og får ho dobbel moro: At dei likar serien, og Google Translate sine små omsetjings-blemmer.

Samstundes har ho vorte merksam på kor mange som vert fenga av språka. Sjølv har ho alltid vore oppteken av språk, ho har studert engelsk eit år og russisk i to, men ho har mest trudd det var ein sær ting ho likte. Med Beforeigners har ho fått tilbakemeldingar frå drøssevis med likesinna.

– Overalt er det folk som seier «eg er jo språknerd, difor likar eg serien», og eg tenker «endå ein språknerd – så kult!».

Ein gong i livet-sjanse

Språkforskarane på Blindern håpar språkentusiasmen breiar rundt seg.

– Hovudgrunnen til at eg valde å involvere meg i dette er at eg ser på dette som ein eineståande formidlingsmogelegheit for fagfeltet, fortel Alexander K. Lykke.

– Om eg har vekka interessen for norrønt hjå ein sjåar, så er det verdt det. Det har vore den seriøse motivasjonen, utover «åå, tøft, TV».

Det er ikkje kvar dag ein får høve til å nytte språkkompetansen sin på denne måten, men det har vore dess meir kult å få gjere ordentleg, gjennomført og gjennomtenkt arbeid med manusforfattarar som er opptekne av at det skal vere ekte, seier Lysvik.

– Og så var det ikkje minst, ein utruleg kul serie. Eg hugsar då vi fekk manuset for eit år sidan, og det var ein page-turner. Vi satt med manuset til tredje episode, og alt eg tenkte var «Eg må berre få tak i manuset for fjerde», fortel Lysvik som sjølvsagt ikkje vil røpe noko frå resten av sesongen.

André Dannevig minnest då han såg Game of Thrones og innsåg at nokon hadde laga språk til serien. For ein sinnsjukt kul jobb, tenkte han. No har lingvisten fått gjort det same sjølv.

– Eg er så utruleg fornøgd med det. Du trur ikkje denne sjansen kjem, for det gjer den stort sett ikkje. Men den gjorde det for oss, og det er heilt vilt.

Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Foto: Bente Kjøllesdal