Åtte klimaaktivistar arrestert ved Miljødirektoratet – limte seg fast med lynlim

Til saman 12 personar frå klimaaktivistgruppa Extinction Rebellion Norge vart bortvist av politiet då dei aksjonerte mot Miljødirektoratet onsdag.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 26.12.2021 23:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Morgonen onsdag 11. desember aksjonerte Extinction Rebellion Norge utanfor og i lokala til Miljødirektoratet i Oslo.

I ein Facebook-video forklarar ein av aktivistane at dei protesterer mot manglande forvaltingsevne frå miljødirektoratet.

– Me vil at dei skal fortelje sanninga om klimakrisa. Me vil at dei skal slutte å grønvaska klimapolitikken til den noverande regjeringa. Me såg det sist då det gjaldt Trænarevet. Andre institusjonar seier nei, direktoratet seier ja og då skjer det, seier han i videoen frå aksjonsgruppa.

Extinction Rebellion Norge demonstrerte på Miljødirektoratet sine lokaler onsdag. Foto: Extinction Rebellion Norge

Dette er ikkje første gongen Extinction Rebellion gjennomfører slike aksjonar. I juni vart ti personar arresterte då dei blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet.

8 arresterte, fjerna og bøtelagde

Aksjon av Extinction Rebellion i og utanfor Miljødirektoratet 11.12.19. Foto: Ingvild Eide Leirfall

To av aksjonistane limt fast til dørene som går opp til andre etasje. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Omlag 20 minutt etter at dei 12 aksjonistane kom til lokala, var politiet på plass.

Rundt ti politibetjentar, fem politibilar, to brannbilar og ein sjukebil stod utanfor lokala før aksjonistane etterkvart vart fjerna og arresterte.

Alle fekk valet om å fjerna seg og få pålegg, eller å bli sitjande, fjerna med makt og teke med i arresten.

Førelegg og bøter vert anten kunngjort på politistasjonen eller kjem i posten, så det er enno uvisst kor mykje og kor mange forelegg som vart skrivne ut i samband med aksjonen, fortel Extintion Rebellion i ei melding til Framtida.no.

Extinction Rebellion i aksjon i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Meiner kriseforståinga manglar

Då Extinction Rebellion vart oppretta i Storbritannia tidlegare i år kritiserte dei miljøorganisasjonane for å ha feila.

I ei pressmelding i samband med dagens aksjon skriv organisasjonen mellom anna:

«Vi gjør opprør mot et system som forholder seg passivt til krisen vi opplever. Miljødirektoratet har et stort ansvar og et viktig mandat, som de må forvalte mye bedre.»

Dei meiner at kriseforståinga manglar hos miljøstyresmakta og seier at det alt for ofte er næringsinteresser, profitt og kortsiktige løysingar som får gå framfor omsynet til klima, miljø, naturmangfald og berekraftige løysingar.

Aksjon av Extinction Rebellion i og utanfor Miljødirektoratet 11.12.19. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Åtte personar vart arrestert då Extinction Rebelliong aksjonerte i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Fire krav til direktoratet

Extinction Rebellion meiner Miljødirektoratet ikkje er den stemma for miljø og naturmangfald som det burde vera. Aktivistane kjem også med fire krav til direktoratet:

  • Vi krev å få høyre den heile og fulle sanninga om situasjonen for klima og naturmangfald.
  • Vi krev at all forvalting skal vere basert på kunnskap og skje etter føre var-prinsippet.
  • Vi krev at omsynet til klima, miljø og natur skal kome før næringsinteresser.
  • Vi krev at direktoratet bidreg til at Noreg oppfyller sine internasjonale forpliktingar.
Aksjon av Extinction Rebellion i og utanfor Miljødirektoratet 11.12.19. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Åtte personar vart arrestert då Extinction Rebelliong aksjonerte i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

 

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter

Extinction Rebellion

Klimaaktivist-organisasjonen starta i Storbritannia i fjor. Med store, spektakulære aksjonar ulike stadar, der dei nyttar ulike former for sivil ulydigheit, har rørsla blitt spredd til fleire andre land.