Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Signe Horn, generalsekretær i Voksne for barn. Ordstyrar under debatten om klimaangst under Arendalskuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Når eg tenker på klimaet blir eg redd og sint. Vaksne har overlatt heile drittjobben til oss, byrjar Signe Horn (59). Ho er generalsekretær i Voksne for barn, som under Arendalsuka har invitert til samtale om nettopp klimaangst.

 

Sitatet ovanfor kjem frå ein av dei unge dei har snakka med rundt saka.

– Dette seier noko om det mange unge føler. Samstundes er det mange vaksne som gjer narr av klimastreikane og meiner at ungdomen ikkje veit sitt eige beste, fortel Horn. 

Unge mest uroa

Det finst ingen statistikk på dei kva dei under 18 år føler, men i CICERO si klimaundersøking frå 2018 kom det fram at 60 prosent av dei under 30 år, er ganske eller veldig uroa for klimaendringar.

 

Skjermdump frå Cicero.oslo.no, henta frå Klimaundersøkelsen 2018.

Likevel opplever mange unge at dei manglar støtta frå dei vaksne. Då ungdom strøymde til skulestreikane for klima i vår, vart mange latterleggjorde og håna av foreldregenerasjonen. 

Les meir om «generasjonskløfta» i klimasaka: Dei unge er langt meir villige til å ofre flyturar, bilkøyring og kjøtt for å redde klimaet enn eldre

Minner om atomfrykt

Signe Horn minnast då ho sjølv var ung og dei på hennar alder frykta atomvåpen. Også denne kjensla fekk eit eige ord me enno finn i ordbøkene: atomfrykt.

Horn meiner klimaangst blant unge i dag minner om det same. 

– Det er ei heilt eksistensiell kjensle av at det er noko som verkeleg står på spel. Atomvåpen-krisa kunne løysast med at nokre land snakka med kvarandre og me fekk atomvåpenavtalane. Klimakrisa er utruleg mykje vanskelegare å løysa. Det er mange fleire, som skal handla mykje meir, for å kunne gjera noko med det, seier ho. 

Les også: For nokre blir bekymringa for klimakrisa så stor at dei får angst og oppsøkjer psykolog.

Bruk ura

Erik Nakkerud er psykolog og forskar på miljøpsykologi ved Universitetet i Oslo. Her under debatten om klimaangst under Arendalskuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Erik Nakkerud (29) er psykolog og forskar på miljøpsykologi ved Universitetet i Oslo. Han meiner løysinga er å snu uroa til engasjement.

– Eg er veldig oppteken av handlingsalternativ. At ein fortel unge at det finst løysingar og at dei ved å engasjera seg, kan vera med på å pressa fram løysingane. Ein har kanskje ikkje stemmerett, men ein kan engasjera seg på andre måtar. 

Gaute Eiterjord (23) i Natur og ungdom, vart med i organisasjonen nettopp for å kunne vera med å gjera noko og ikkje berre sitja å uroa seg. 

– Alle i samfunnet må ta barn og unge si uro på alvor og læra seg å snakka om dette som den krisa det er. Så må me også snakka om at det finst løysingar, sjølv om dei krev mykje meir handling frå politikarar og oss andre, enn me gjer i dag. 

Treng du nokre tips? Slik kan du leve meir klimavenleg

– Viktigast at me kan leva på denne kloden

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom, under debatten om klimaangst under Arendalskuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Eiterjord meiner at alle vaksne må engasjera seg meir for ungane sine når det kjem til klimasaka.

– Dei bryr seg veldig mykje om ungane sine på mange andre felt, men det aller viktigaste for oss er jo at me kan leva på denne kloden i framtida også. 

Han meiner valet 2019 burde vere eit tydeleg klimaval når ein har sett alt engasjementet frå unge gjennom året. 

– Det må dei vaksne politikarane og vaksne med stemmerett tenka på når dei stemmer. Men så langt verkar det som om dei er meir opptekne av å snakka om bompengar og andre ting, som kan vera viktig, men som ikkje handlar om framtida til alle på kloden. 

Les også: – Eg er skuffa over at regjeringa ikkje tar klimakrisa meir alvorleg

– Me treng unge, kreative sjeler

Hans Olav Kvaal Hygen (48) er klimaforskar ved Meteorologisk institutt. Der har han jobba i snart 20 år, særleg med formidling av klimainformasjon. Også han meiner det er viktig å fokusera på kva som kan gjerast og kva som faktisk blir gjort, i møte med klimaangsten.

– Vil me ha samfunnsendringane som trengst for å klara dette, kan ein dundra på med å seie at verda går rett til helvete. Men då vil det ikkje skje noko som helst. Folk vil få angst, apati og det vil bli full stopp, seier han.

Han meiner ein må få folk til å ha lyst til å vera med på å finna løysingane og gjera endringane som trengst. 

– Me treng unge, kreative sjeler til å gå ut og finna dei løysingane min generasjon ikkje ser ut til å klara å finna. Eg håpar dei klarar å hjelpa oss vidare.

F.v. Gaute Eiterjord, helsesjukepleiar Per Arthur Andersen og klimaforskar Hans Olav Kvaal Hygen. Her under debatten om klimaangst under Arendalskuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Har du fått med deg denne? – Ordet klimaendringar kan faktisk redusera engasjement

500 millionar på flukt

– Er det grunn til å vera uroa for klimaendringane, frå eit fagleg perspektiv? spør ordstyrar Horn.

– Ja, me må vera uroa. Det kjem til å bli ein del tøffe tak, svarar Hygen.

Varme, dårlegare skiføre og mykje kraftig nedbør som vil skapa lokale problem, er noko av det me kan venta oss i Noreg. 

– Men me er så vanvittig rike og har gode folk, som gjer at me kan koma oss greit ut av situasjonen. Men Noreg er jo ikkje åleine i verda. Dersom havet stig eín meter, er 500 millionar menneske utan ein heim og vil bli tvungne på flukt.

Les også meiningsinnlegget til Sebastian (18): – Noreg vil måtte jobbe hardt for å bli eit nullutsleppsland

For seint å venta på dei unge

– Korleis tenker du at din generasjons politikarar vil koma til å kunna endra dette? spør Horne og ser på Eiterjord frå Natur og Ungdom.

– Eigentleg er det for seint å venta på at min generasjon skal vokse opp og bli vald inn på Stortinget eller bli sjefar i ulike selskap, dersom ein skal redda klimakrisa.

Han meiner hans generasjon likevel kan ha ei viktig rolle til å pressa dei som har makt i dag, til å gjera meir. 

Eiterjord fortel at mange rundt han fekk ei oppvaking i fjor sommar, med tørke og skogbrannar over heile landet.

– Det var først då folk byrja snakka om klimaangsten, som ein kanskje hadde kjent på lenge men no satte eit namn på. Det er ei skummel kjensle å føla på og ein kan bli litt apatisk om ein tenker for mykje på det. 

Han meiner det viktige i møtet med klimaangsten er å få fram at det finst løysingar. At det endå er mogleg å løysa klimakrisa og at det alt finst mange tiltak.

– Det manglar berre politisk vilje til å gjennomføra det. I møte med klimakrisa er politikarane så apatiske. Det er dét som skremmer meg mest, seier 23-åringen.

Her kan du lese vêrvarslet for dei neste åtti åra: Det vert meir ekstremnedbør.

flaum

Frå flaumen i Utvik i Nordfjord sommaren 2017. Foto: Tord Bruland