Avlogga i sommar? Her er dei viktigaste nyheitene du kanskje har gått glipp av
Kva skjedde medan du (og journalistane som ikkje er sommarvikarer) var borte på ferie?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ikkje alltid like lett å følgje med på nyheiter i sommarvarmen. Juli er over, og med det nærmar kvardagen seg for dei fleste. For å gjere overgangen litt enklare tek vi difor eit tilbakeblikk på dei største nyheitene frå dei siste vekene.
Fyrst, litt norsk politikk:
Kommunevalet nærmar seg med stormskritt, og det har vore nokre stormar i norsk politikk over sommaren.
Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, meinte vi burde innføre «innvandringsstopp» for å løyse integreringsutfordringane i Noreg.
Dette fekk sjølvsagt reaksjonar frå både andre ungdomsparti og politisk leiing. Sosialistisk Ungdom var krass i kritikken, medan Frp-leiar Sylvi Listhaug applauderte forslaget. Erna Solberg, leiar i Høgre, avviser derimot innspelet frå ungdomspartiet.
Les meir:
- Meining: «Svenneby skal ha ros for å tore å løfte ein viktig og vanskeleg debatt»
- Leiar i Oslo SU: – Stussleg at folk frå Hamar skal fortelja folk i Groruddalen korleis nabolaget deira er
- Ola Borten Moe gjekk av som utdanningsminister og nestleiar i Senterpartiet.
- Bjørnar Moxnes gjekk av som partileiar i Raudt.
Om Bjørnar Moxnes er det ikkje så mykje meir å seie enn at det å prøve å stele solbriller på Gardermoen med både kamera og vakter til stades, ikkje er så lurt. Nestleiar Marie Sneve Martinussen har teke over som partileiar fram til neste landsmøte.
Avgangen til Ola Borten Moe har meir å seie for den sitjande regjeringa.
Han måtte gå av etter å ha brote habilitetsreglar.
E24 avdekka at han kjøpte aksjar gjennom Kongsberg Gruppen og seinare var med på eit regjeringsmøte om ein milliardavtale med ammunisjonsprodusenten Nammo. Kongsberg Gruppen eig indirekte 25 prosent av Nammo.
Borten Moe er den fjerde statsråden som må gå av i regjeringa Støre. Avgangen kjem ikkje lenge etter at kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen gjekk av, etter det vart avdekka at ho også hadde gjennomført habilitetsfeil, ved å vere involvert i tilsetjinga av venar.
Så nært kommunevalet blir det difor spennande å sjå kva utslag desse sakene får.
Les meir:
- Ola Borten Moe (Sp) går av som utdanningsminister og Sp-nestleiar
- Studentane håpar på ein ny minister som lyttar til dei
Ute i den store verda:
Når vi tek eit par steg over landegrensa, har Sverige slite med å få Nato-medlemskap. No har dei i teorien sikra ja frå alle tretti medlemsland, men det tyrkiske og ungarske parlamentet har ikkje stemt offisielt enno. Eit stort hinder for særleg Tyrkia sitt ja, har vore koranbrenningane som har skjedd i Sverige.
I sommar har også ein irakisk statsborgar brent koranen framfor den irakiske ambassaden i Sverige, som førte til at folk storma den svenske ambassaden i Irak. Koranbrenningane har også opna for ein større debatt i Skandinavia om koranbrenning bør vere lov.
Krigen i Ukraina tek ikkje ferie, og nyleg fridde Vladimir Putin til fleire land i den Afrikanske Unionen. Fleire representantar bad om ein skikkeleg gjennomgang av det afrikanske fredsforslaget, og kom med kritikk av Russland.
Dei har heller ikkje ordna nokon ny kornavtale etter at Russland trekte seg ut. Fram til dei gjorde det, sikra avtala at Ukraina kunne halde fram å eksportere korn.
No er det difor ein stor risiko for matkrise i fleire land, blant anna Jemen, som importerer mykje av kornet sitt.
Les også:
Landet Niger har også fått store omveltingar. Førre veke gjennomførte militæret eit statskupp og avsette den demokratisk valde presidenten i landet. For fleire vestlege land er Niger eit viktig land:
Tidlegare koloniherre Frankrike kjøper uran til atomkraftverka sine frå dei, og i kampen mot forskjellige terrorgrupper i det såkalla Sahel-beltet har Niger ein sentral geografisk posisjon.
På den litt lysare sida har Nepal gjort likekjønna ekteskap lovleg. Det skjer etter at høgsteretten i landet kom med ei mellombels avgjerd om at likekjønna par kan registrere ekteskapet sitt fram til ein endeleg dom.
Frå før er det berre Taiwan som har legalisert likekjønna ekteskap av dei asiatiske landa.
USA er som vanleg eit eige kapittel
Fleire politisk viktige rettssaker i USA står for døra.
På demokratane si side er sonen til president Joe Biden, Hunter Biden, tiltala for skatteunndraging og å ulovleg eige skytevåpen. Det har allereie vore ei rettshøyring, med ein dommar valt av tidlegare president Donald Trump. Rettsprosedyrane vil truleg ta tid.
På republikanarane si side har Trump blitt tiltala for fleire ting, men den mest alvorlege tiltala er å ha prøvd å gjere om på valresultata i 2020 då han tapte presidentvalet. Dommaren i saka vart utnemnd av Obama, og har tidlegare dømt personar som braut seg inn i kongressen 6. januar i 2021, då Joe Biden tok over som president.
Det amerikanske presidentvalet er i 2024, og valkampen har allereie starta. Desse rettssakene kan difor bli viktige brikker i valkampen.
I amerikansk lov er det ingenting som hindrar Trump frå å bli valt til president, sjølv om han blir dømt. Akkurat no leiar han i meiningsmålingar av presidentkandidatar på republikansk side.
Klimaendringar pregar Syden-ferien
Greta Thunberg hadde også (litt mindre alvorleg) rettstrøbbel i sommar. Ho vart tiltala etter ein aksjon i Malmö der ho blokkerte vegen for tankbilar saman med ei gruppe aksjonistar. Thunberg stilte i retten førre veke og må betale dagbøter for å ikkje gjere som politiet påla henne.
Mange brukte ikkje sommaren på klimaprotestar, men hadde planar om å ligge på stranda rundt Middelhavet. Det har likevel ikkje vore heilt enkelt. Fleire turistdestinasjonar kan skryte av rekordvarme.
På Rhodos har det herja skogbrann fleire stader på øya. Brannen utvikla seg særleg fordi det var tørrare og varmare enn vanleg. Han vara i nesten to veker før han var under kontroll.
Både Frankrike, Italia, Spania, Algerie og Tunisia kunne melde om varmerekordar med temperaturar på mellom 45 og 49 gradar. Utan klimaendringar ville denne varmeperioden vore mindre intens, ifølgje forskargruppa World Weather Attribution.
Men kva er ferien utan underhaldning?
Fleire har kost seg med både filmar og seriar i sommar, og Barbie- og Oppenheimer-filmane har knust kinorekordar i både Noreg og utlandet.
Likevel kan det ta tid før vi ser mange fleire av dei, i alle fall frå Hollywood. Manusforfattarane i USA har streika sidan mai, og i juli følgde fagforeininga til skodespelarane etter. Det førte blant anna til at hovudrollene i Oppenheimer-filmen gjekk frå premiera i Storbritannia.
Les også:
- Melding: Mykje moro i Barbie-land sjølv om konseptet skurrar litt
- Oppenheimer: Den perfekte filmatiseringa av ei sann hending
Betre betaling frå strøymeplattformer er eitt av hovudpunkta til fagforeiningane, og det kan ta tid før dei blir einige med dei største produksjonsselskapa.
Når ein hoppar over til musikkverda, har det også skjedd litt. Taylor Swift klarte å ha ein konsert i Seattle med så mykje hopping at det fekk utslag på verktøy som måla seismisk aktivitet.
Artisten Lizzo er endå ein amerikanar som må i ein rettssak. Ho blir saksøkt av tidlegare tilsette dansarar som seier ho utsette dei for seksuell trakassering, eit fiendtleg arbeidsmiljø og kommenterte vektauken til ein av dansarane. Lizzo har vore ein av profilane som har fronta kroppspositivisme, og ho seier påstandane til dansarane ikkje stemmer.
På sportssida av underhaldning kan Karsten Warholm skryte av både siger og ny rekord i Diamond League. Det norske kvinnelandslaget held også førebels tritt i fotball-VM, med blant anna hat-trick i kampen mot Filippinane.
Eit nytt semester er like rundt hjørnet
Nye studentar gjer seg klare til eit nytt semester, men med eit stort unntak: Det har vore ein stor nedgang av internasjonale studentar frå utanfor Europa. Desse studentane må no betale skulepengar, etter endringa regjeringa gjorde i statsbudsjettet.
Likevel, det er nok av studentar som har søkt på ein del studium. Medisinstudiet i Oslo kan for fyrste gong vise til ei poenggrense på over 70. Siviløkonom i Bergen har flest førstegongssøkjarar totalt. Arkitektur i Oslo har flest førstegongssøkjarar per studieplass.
Les også:
Medan vi ventar på semesterstart, har også jakta på bustader starta. Nesten 16 000 registrerte studentar står i kø for bustader. Norsk Studentorganisasjon fryktar difor at den komande hausten blir tøff for mange studentar.
Er du av typen som slit med å følgje med på nyheitene kvar einaste dag? Kvar veke har Framtida.no ei oppsummering av Vekas viktigaste.