Melder over 40 grader i Sør-Europa – styresmaktene i beredskap
Ei varmebølgje rammar denne veka delar av Sør-Europa og Nord-Afrika, med temperaturar som er venta å passere 40 grader.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er venta i delar av Spania, Frankrike, Hellas, Kroatia og Tyrkia, melder BBC.
I Italia kan gradestokken også nå 48 varmegrader. Det er utskrive raudt farevarsel i ti byar, blant dei Roma, Bologna og Firenze. I byen Lodi utanfor Milano døydde tysdag ein 44-årig arbeidar som jobba med å måle ein fotgjengarovergang.
Eit satellittbilete frå EUs Copernicus-program viser at bakketemperaturen i regionen Extremadura i Spania tysdag låg på 60 grader, melder kanalen.
Storbritannias meteorologiske institutt seier hetebølgja er venta å nå toppen sin på fredag, og halde fram inn i helga. Då er det mellom anna meldt opptil 45 grader i den greske hovudstaden Aten.
Det meteorologiske instituttet i Italia gir hetebølgjene namn etter mytologiske skikkelsar. Den pågåande bølgja er oppkalla etter helveteshunden Kerberos med tre hovud, som mellom anna figurerer i Dantes «Den guddommelege komedie».
Over 60.000 personar vart registrerte døde i Europa som følgje av hete i sommarmånadene i fjor, 18.000 av dei i Italia. Det viser ein nyleg framlagd studie frå Barcelonas institutt for global helse og det franske forskingsinstituttet INSERM.