Stor bustadmangel blant studentane, viser undersøking: Manglar 15.000 studentbustader

Norske studentar står overfor ein stor bustadmangel, ifølgje Studentboligundersøkelsen 2023. NSO fryktar at hausten blir vanskeleg for norske studentar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 31.07.2023 08:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Studentbustadmangelen tek frå 15.000 studentar sjansen til ein trygg og rimeleg heim å bu i, seier leiar Oline Sæther av Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Det manglar omkring 15.000 studentbustader for å nå målet til studentane om at 1 av 5 skal kunne bu i studentbustader. Sjølv med ei historisk vilje til å byggje studentbustader frå regjeringa, er det framleis tilnærma stillstand når det gjeld delen studentar som får plass i studentbustader, ifølgje studentorganisasjonen.

– Vi må trakke hardare på gassen

Høge leigeprisar og studentar som slit med å finne bustader i den nye studiebyen sin har vore mykje omtalt så langt i sommar. NSO meiner at viljen til å byggje fleire studentbustader er for låg.

– Vi må trakke hardare på gassen. 85 prosent av norske studentar blir tvinga ut på den stadig tøffare private leigemarknaden. Vi forventar no at stat, kommune og studentsamskipnadene samarbeider om å få sett spadane i jorda, seier Sæther.

Meiner studiestøtta må hevast

Norsk Studentorganisasjons studentbudsjett viser samtidig at norske studentar går 6407 kroner i minus kvar månad med dagens studiestøtte.

– Her er bustad den desidert største utgifta. Det viktigaste grepet for å hjelpe dagens studentar er lett. Studiestøtta må opp, og det må bli fart på bygginga, meiner NSO.


Ung kvinne i svart genser står med armene i kross og ser misnøgd ut.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold