Ola Borten Moe (Sp) går av som utdanningsminister og Sp-nestleiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 24.07.2023 09:07

Borten Moe sa først at han ville bli sitjande, men gjorde så heilomvending og sa på ein pressekonferanse fredag kveld at han går av.

Han sa også at han har vore i løpande kontakt med partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum, og dessutan statsminister Jonas Gahr Støre.

– Eg skjønar no at denne situasjonen ikkje samsvarer med å vere statsråd på noko politisk område, sa Borten Moe på pressekonferansen.

Borten Moe fortalde at han på ulike tidspunkt sidan april i fjor har handla aksjar i Kongsberg Gruppen, Yara og Sparebank 1 Midt-Noreg.

– Eg tenkte at dette var heilt greitt, fordi eg ikkje hadde noko konstitusjonelt ansvar for desse selskapa, sa han.

Statsråden erkjende likevel at desse aksjehandlane har medført brot på både habilitetsreglane og regjeringa sine eigne reglar.

I tillegg til å trekkje seg som statsråd går Ola Borten Moe av som nestleiar i Senterpartiet. Han ønskjer heller ikkje å ta attval til Stortinget i 2025.

Braut habilitetsreglane

E24 skreiv fredag at statsråden og Sp-nestleiaren opplyste å ha brote habilitetsreglane og retningslinjene til regjeringa for aksjehandel.

– Det er ei alvorleg sak, det er ei pinleg sak, og det er ei sak som gjer at det kjem til å setjast spørsmålsteikn ved integriteten min spesielt, og heilt sikkert regjeringa si, sa Borten Moe i eit intervju.

Han opplyser at han braut habilitetsregelverket til regjeringa då han i januar deltok på eit regjeringsmøte om ein milliardkontrakt til ammunisjonsprodusenten Nammo. Ifølgje E24 kjøpte Borten Moe aksjar for over 400.000 kroner i våpen- og teknologikonsernet Kongsberg Gruppen.

Sistnemnde eig indirekte 25 prosent av Nammo via våpenleverandøren Patria.

Overfor E24 understreka Ola Borten Moe først at han ønskte å halde fram som statsråd.

– Eg er uhyre lei meg. Eg beklagar veldig sterkt dei feila eg har gjort, seier han.


Ola Borten Moe er nestleiar i Sp og forsknings- og høgare utdanningsminister i regjeringa til Støre. Foto: Ragne B. Lysker/Senterpartiet