Oppenheimer: Den perfekte filmatiseringa av ei sann hending 

Heimsøkjande scener sit igjen med deg etter at filmen er ferdig, skriv vår meldar om Oppenheimer.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 23.08.2023 13:08

Oppenheimer er ei spektakulær tidsreise gjennom J. Robert Oppenheimer sitt liv – oppfinnar av atombomba og øydeleggjaren av verder – regissert av Christopher Nolan (Tenet, Inception, osb.).

Cillian Murphy gjev ei gripande og truverdig framføring som Oppenheimer. Saman med Murphy finn me blant anna stjernene Robert Downey Jr., Emily Blunt, Florence Pugh og den norske Trond Fausa Aurvåg i rollebesetninga.

Christopher Nolan har skrive, regissert og produsert filmen. Foto: © Universal Studios. All Rights Reserved.

På vippen av ein ny verdskrig er Oppenheimer i sentrum av ei ny retning innan fysikk: kvantefysikk. Då tyske kjemikarar hadde greidd å splitta uran-atomet, voks ideen om bomber av atomar.

Oppenheimer leia det amerikanske atombombe-prosjektet, og etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki fekk han tittelen far til atombomba. 

I etterkrigstida har Oppenheimer blitt ein av verdas viktigaste menn, og han nyttar denne tittelen til å fremja internasjonal våpenkontroll. Dette provoserer det amerikanske byråkratiet, spesielt hans rival, Lewis Strauss (Robert Downey Jr.). 

Akkurat som i Tenet og Inception er tid eit sentralt tema i filmen. I staden for å gje sjåaren ei A4, kronologisk framstilling av livet til Oppenheimer, gjev Nolan sjåaren ei sporadisk, men likevel strukturert framstilling. Denne forteljarmetoden gjer filmen meir dynamisk, og underbyggjer den urolege og kaotiske undertonen av filmen. Fluiditeten av tida førar også til at alle dei viktigaste karakterane får skinna like mykje utan å bli gløymt bort. 

Nolan leikar med forskjellege fargefilter for å skilja mellom dei to delane av filmen. I den eine delen får me forteljinga frå Oppenheimer sitt subjektive perspektiv. Her nyttar Nolan eit fargerikt filter. Den andre delen er i svart-kvitt, hendingane blir fortalde gjennom fleire karakterar og perspektivet skal vere objektivt. Filterbruken gjer det enklare å følgja med i den sporadiske hoppinga i tidslinja, og byttet mellom filtera byggjar vidare på undertonen av kontrollert kaos. Samtidig er filterskiftet eit kreativt stilistisk val som får filmen til å vera meir levande. 

Filmen er oppteken av å visa kontrastar i mennesketilværet

Saman med kinematografen Hoyte van Hoytema har Nolan perfeksjonert visuell forteljing. Ikkje minst komplementerer lydbiletet til Ludwig Göransson kinematografien. I filmen blir ikkje bilete av atom og stjerner berre nytta til å forklara atombomber, dei blir også nytta til å skildra menneske. Den kaotiske tilstanden til desse naturfenomena gjenspeglest i krigen og i Oppenheimer sitt liv. 

Den første atombomba saman med Oppenheimer (Cillian Murphy). Foto: © Universal Studios. All Rights Reserved.

Dessutan nyttar Nolan draumevorne senar for å visa kor ubegripeleg destruktive atomvåpen er. Då den første atombomba vert sprengd, sit karakterane og sjåaren med same kjensla, ærefrykta. Senane som viser effekten av atombomba på menneskekroppen er heimsøkjande og sit igjen med deg etter at filmen er ferdig.

Filmen er oppteken av å visa kontrastar i mennesketilværet. Til dømes kontrasten mellom å vere teoretisk eller praktisk fysikar. Dei to delane i filmen er også kontrastar av kvarandre. Første delen er prega av Oppenheimer sin naivitet rundt atomvåpen og håp om at atomvåpen kan enda krig. I den andre delen møter me ein desillusjonert Oppenheimer. Det er berre to sider i atomvåpenproblematikken. Oppenheimer på eine sida, og USA, prega av The Red Scare, på den andre. Kontrasten fortel oss om polariseringa under denne tidsperioden og at denne tankegangen gjer ein blind for vondskap og rettferd, spesielt frå USA si side. 

Albert Einstein (Tom Conti) og J. Robert Oppenheimer (Cillian Murphy). Foto: © Universal Studios. All Rights Reserved.

Sjølv om Oppenheimer først og fremst var ein vitskapsmann, var tilværet hans, som ein jødisk anti-fascist, politisk. Difor er essensen av filmen politisk. Oppenheimer tek klar stilling imot atomvåpen, fascisme og amerikansk opptrapping. For å vera ein Hollywood-storfilm, er det imponerande at Oppenheimer ikkje er redd for å snakka om radikale venstrelente idear i eit positivt lys. Samstundes held filmen USA ansvarleg for skadane landet påførte Oppenheimer, kollegaene hans, og ikkje minst, verda. Eg får inntrykk av at Nolan verkeleg ville gjenfortelja historia slik som ho var. 

Oppenheimer er meir enn historisk drama, filmen er eit varsel om massedestruktive våpen. Ettersom det har gått over 70 år sidan bombinga av Hiroshima og Nagasaki, verkar hendinga fjern for oss utanfor Japan. Difor er det viktig at filmar som Oppenheimer gjenfortel historia, slik at ho ikkje gjentek seg.

Skal du sjå Oppenheimer?

Skal du sjå Oppenheimer?

Sjølvsagt20
Kanskje4
Nei1
Skal sjå Barbie i staden3
Svar totalt: 28

Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


© 2023 Warner Bros. Entertainment Inc. All Rights Reserved.

Oppenheimer:

Nasjonalitet/språk: USA og Storbritannia, Engelsk

Regi: Christopher Nolan 

Noregspremiere: på kino 21. Juli 

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Biografi, historisk drama