Langt færre internasjonale studentar etter ny studieavgift: – Hårreisande usolidarisk politikk

Edith Meek Allern
Publisert

I 2022 var det rundt 7500 studentar i Noreg frå land utanfor Europa. 6820 av desse frå Asia, Afrika og Sør-Amerika, ifølgje tal frå Kunnskapsdepartementet.

Med ny studieavgift for studentar frå utanfor EØS og Sveits, ventar norske studieprogram langt færre internasjonale studentar denne hausten. Det viser ei ny kartlegging gjort av Panorama nyheter over opptakstala på studieprogram ved fem norske universitet. Nettavisa har særleg sett på utviklingsstudiar, som både handlar om og tradisjonelt har hatt studentar frå, ulike delar av verda. 

– Det kjennest absurd å undervise om felles løysingar på globale problem med berre europearar til stades, seier Arnhild Leer-Helgesen, førsteamanuensis i utviklingsstudiar ved Universitetet i Agder (UiA), til Panorama nyheter. Ikkje éin student frå utanfor EØS ventast UiA-masteren Global Development, Crisis and Change i haust, mot elleve i 2022.

– Det er dette vi heile tida har frykta, seier leiar i SAIH, Selma Bratberg, til Framtida.no om dei nye opptakstala. Ho trur avgifta får store konsekvensar for internasjonale studentar og meiner bortfall av perspektiv også vil svekke utdanningskvaliteten i Noreg. 

Uroa for studentane som mistar tilbodet

Bratberg meiner mange studentar no vil gå glipp av høgare utdanning i det heile teke. Ein del som søkjer seg til gratis utdanning i Noreg, gjer det nettopp fordi dei ikkje har råd til utdanning i sitt eige eller andre land, seier ho. Sjølv om utdanning er blitt meir tilgjengeleg dei siste tiåra, er det i stor grad middelklassen i mange land som nyt av dette, meiner Bratberg.

Selma Bratberg er leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Foto: Elena Bogen Slydal/SAIH.

– Vi har fått mange meldingar frå studentar som har planlagt å studere i Noreg over lang tid, men no har fått den draumen øydelagt, fortel Bratberg. Dette er alvorleg for den einskilde, understrekar ho, og viser til at høgare utdanning kan vere definerande for framtidsmoglegheiter, jobb og om ein får leveleg inntekt.

Ho trur også nedgangen i internasjonale studentar vil svekke utdanningstilbodet til norske studentar. Studentar frå andre land enn europeiske, gir norske studentar ein breiare horisont, nye spørsmål og måtar å tenkje på, gjennom andre kulturelle og politiske perspektiv, meiner ho.  

Kolonialistisk ettersmak

Bratberg understrekar at ho skjønnar at det handlar om EØS-reglar om likehandsaming når ein framleis gir gratis utdanning til studentar frå EØS-land. 

– Likevel er det jo hårreisande usolidarisk politikk å skilje på denne måten mellom europearar og ikkje-europearar. Vi får klasserom der ein studerer det same, men dei som er fødd i Europa får studere gratis, medan andre skal betale, meiner ho.

Bratberg meiner dette viser at saka har koloniale aspekt, då det blir eit skilje i utdanningstilbodet mellom regionen til koloniherrane og dei landa dei koloniserte. 

Å sjå koloniale strukturar i innrettinga av utdanningssystemet, er ikkje uvanleg internasjonalt, understrekar ho. SAIH samarbeider med aktørar i feltet for retten til utdanning globalt. Bratberg fortel at rørsler mot skulepengar internasjonalt ofte knytast til rørsler mot kolonialisme. Ho viser òg til «Rhodes must fall»- og «fees must fall»-rørslene, som utvikla seg til breiare protestar for dekolonisering av utdanning i Sør-Afrika.

– Tek ein Sør-Afrika som døme, ser vi at dei med dårleg råd har lågare tilgang til høgare utdanning, og dei med dårlegast råd er i stor grad den svarte befolkninga. Framleis er veldig mykje knytt til hudfarge, meiner Bratberg.

Fees must fall var ei studentleia protestrørsle i Sør-Afrika som begynte i 2016. På dette biletet talar ein demonstrant om saka til studentar som har samla seg for å krevje at Universitetet i Cape Town opnar igjen, etter å ha vore stengd på grunn av dei store protestane. Foto: Creative Commons/Ashraf Hendricks

– Knapt nokon velferdsordningar behandlar alle i heile verda likt

– Det blir urimeleg å kritisere Noreg for å drive forskjellsbehandling, svarar statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp). 

– Vi gjer det same som dei aller fleste land. Internasjonale studentar blir behandla på same måte som norske studentar blir behandla i andre land, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Noreg er eit av svært få land i verda som har tilbode alle internasjonale studentar gratis utdanning. Samstundes betalar norske studentar i dei fleste tilfelle studieavgift for å studere i utlandet, påpeikar Løkensgard Hoel. 

– Norske studentar betalar også studieavgifter for å studere i til dømes Sør-Afrika, som er langt høgare enn det sørafrikanske studentar betalar. Det er ingen grunn til at det skal vere annleis her, meiner han. 

Ein finn knapt nokon andre velferdsordningar som behandlar alle i heile verda likt. Det gjer heller ikkje helsevesenet, legg han til. 

Oddmund Løkensgard Hoel er statssekretær for forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel

Finst unntak frå studieavgifta

Løkensgard Hoel forklarar at studentar frå utanfor EØS og Sveits utgjer 3 prosent av studentane ved norske universitet og høgskular. Sjølv med studieavgift vil eit stort fleirtal av studentane få gratis utdanning i Noreg, understrekar han. Løkensgard Hoel viser til fleire ordningar som vil gi unntak frå studieavgifta. Ein kjem ikkje til å krevje studieavgift frå:

  • Flyktningar eller utanlandske statsborgarar med permanent opphaldsløyve i Noreg
  • Studentar som kjem gjennom ordninga Students at risk – ei ordning for forfulgte studentar til å fullføre utdanninga si i Noreg
  • Studentar frå det globale sør som kjem gjennom samarbeidsprogramma NORPART og NORHED
  • Studentar frå utanfor EØS og Sveits på utveksling i Noreg
  • Studentar frå det globale sør som kjem gjennom sokalla fellesgradar – studiar norske institusjonar tilbyr i samarbeid med utanlandske institusjonar

Løkensgard Hoel understrekar at dei vil sjå på heilskapen og vurdere ordninga når ho har fått fungere over tid. I samband med dette vil dei også sjå på stipendordningar. For studentar frå det globale sør, må stipend primært vurderast frå eit bistandspolitisk perspektiv, legg han til. 


Ung mann i park med genser med "University of Washington".

Even Høgberget synest det er fantastisk å studere i utlandet, men han merkar godt at økonomien er trongare for tida. Når Framtida.no snakkar med studenten er den amerikanske dollaren nesten 11 kroner. Foto: Privat

Mønster før avgifta

Dei ti siste åra antalet internasjonale studentar som kjem til Noreg auka med nærare 2100 personar. Omtrent halvparten, 45 prosent, kjem frå Europa, medan 38 prosent kjem frå land i Asia. Tilstrauminga av internasjonale studentar frå Asia og Nord-, Sør- og Mellom-Amerika har meir enn dobla seg i løpet av dei ti siste åra. I 2022 auka derimot antalet studentar frå Afrika mest i antal (11 prosent).

Kjelde: Tilstandsrapport for høgare utdanning 2023 punkt 2.17.