Studentane håpar på ein ny minister som lyttar til dei

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Vi vil ha ein minister som inviterer til samarbeid og speler på lag, seier nyvald leiar i Norsk studentorganisasjon, Oline Sæther, til NTB.

Det er venta at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er like om hjørnet med å utnemne ein etterfølgjar til Ola Borten Moe, som måtte gå frå jobben som forskings- og høgare utdanningsminister 21. juli.

Nye ministrar blir utnemnde av kongen i statsråd. Neste ordinære statsråd på Slottet skal haldast fredag 11. august, men allereie førstkommande fredag kan ein ny forskingsminister bli sett inn – i god tid før eit nytt studiesemesteret startar.

Erklært uønskt

– Til den nye statsråden har vi fleire forventningar. I ei tid der det er tøft å vere student, treng vi ein minister som har ei genuin interesse for sektoren, som ønskjer å snakke saka til studentane, seier Kaja Ingdal Hovdenak, som er leiar av Studentparlamentet ved Universitet i Bergen.

Kaja Ingdal Hovdenak er leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. Foto: Henriette Frøysland Thorkildsen

I november i fjor vart Ola Borten Moe erklært uønskt ved universiteta i Oslo og Bergen av studentparlamenta der. Kritikken mot han som skulle vere studentanes næraste allierte i regjeringa, førte til stans i dialogen.

Statsråden svarte med at han syntest reaksjonen til studentane var pubertal, men forholdet betra seg ikkje nemneverdig utover våren.

Tre namn

Avisa Khrono har undersøkt kven som kan vere aktuelle til å ta over vervet som ny statsråd.

I artikkelen blir utdanningspolitikar for Senterpartiet på Stortinget, Marit Knutsdatter Strand, parlamentarisk leiar i partiet, Marit Arnstad, og Ola Borten Moes statssekretær, Oddmund Løkensgard Hoel, nemnde.

Det blir også diskutert om kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) vil ta ansvaret for heile utdanningssektoren, men dette blir avvist av dei politiske redaktørane i både Klassekampen og Nationen, som Khrono har spurt.

– Senterpartiet er mellom anna opptekne av desentralisert utdanning og like utdanningsmoglegheiter over heile landet, seier Anne Ekornholmen i Nationen.

Vil bli tekne på alvor

– Vi ønskjer oss ein statsråd som, i motsetning til Borten Moe, lyttar til oss og tek situasjonen til studentane på alvor, seier Hovdenak.

Studentane har lenge kravd ein auke i studiestøtta opp til 1,5 gonger av grunnbeløpet i folketrygda, utan at dei har vorte høyrde. Rett nok vart støtta auka med 7 prosent i år, men alt dette har vorte ete opp av auka prisar og inflasjon.

Sjølv om aksjehandlane førte til avgang som minister, fekk Borten Moe ros av Støre for innsatsen sin som statsråd for forsking og høgare utdanning.

– Vi forventar ikkje at vi skal vere samde om alt, og den nye ministeren må gjerne stille dei same spørsmåla som Ola Borten Moe, men vi forventar at ministeren for høgare utdanning verkeleg prioriterer velferda til studenten, seier Oline Sæther.

(©NPK)


Illustrasjonsfoto: Alexis Brown/Unsplash