Leiar i Oslo SU: – Stusseleg at folk frå Hamar skal fortelja folk i Groruddalen korleis nabolaget deira er

Magnus Rotevatn
Publisert

Rettar kraftig skyts mot Unge Høgre-leiaren

Dei siste vekene har det rasa ein debatt om integreringspolitikk i Noreg. Særleg har to hendingar i Groruddalen blitt brukt som døme av dei som ynskjer å få fram negative sider med innvandring.

Den eine hendinga handlar om guttar i 10. klasse som nekta å handhelsa på rektor fordi ho var kvinne. Den andre saka er ei jente som byter skule fordi «kulturforskjellene ble for store».

Då Unge Høgre-leiar Ola Svenneby tok til orde for innvandringsstopp i eit intervju med Aftenposten blei det på ingen måte mindre ståhei.

Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre

Forslaget som Svenneby skisserer inneber fleire endringar av norsk flyktningpolitikk. Han ynskjer ei endring av asylsystemet, avgrensa moglegheitene for familiegjenforening og at Noreg skal stoppa å ta imot kvoteflyktningar.

Svenneby meiner at Noreg heller skal hjelpa i nærområda til flyktningane og gje kollektiv beskyttelse til enkeltgrupper, noko ein tidelgare har gitt ukrainarar og bosniarar.

Utspelet til Svenneby er i dag korkje politikken til Unge Høgre eller moderpartiet.

Svenneby meiner seg stempla av Sosialistisk Ungdom. Les heile tilsvaret hans i botnen av saka.

– Noreg blir eit betre samfunn av innvandring

Jack Schønberg, som er leiar i Oslo Sosialistisk Ungdom, meiner at debatten har hamna i feil spor og rettar sterk kritikk mot Ola Svenneby. Framtida.no møter han på kontoret til SV og Sosialistisk Ungdom

– Noreg blir eit betre samfunn av innvandring, seier Jack Schønberg, som er leiar Oslo Sosialistisk Ungdom.

Schønberg seier at innvandring har både kulturelle og økonomiske fordelar.

– Ein tener på meir arbeidskraft. Det ville vore krise for helsesektoren med innvandringsstopp.

To rullestolar på eit sjukehus

Jack Schønberg meiner det ville vore krise med innvandringsstopp for helsesektoren. (Foto: Daniel DeNiazi/CC BY-SA 2.0)

Innvandringspolitikken som Ola Svenneby har foreslått er ifylgje Schønberg rasistisk og basert på kunstige skilje mellom folk.

– Folk frå Bosnia er også muslimar, seier Schønberg.

I ein e-post til Framtida.no skriv Svenneby at forslaget hans ikkje er rasistisk, og at han meiner at påstanden frå Schønberg er grunnlaus.

Homofobi eit problem også blant konservative kristne

Schønberg seier at han synest det er interessant at Unge Høgre forsvarar liberale verdier kun når det handlar om innvandring og integrering. Til dømes så grøssar ein tiandedel av sørlendingane ved tanken på homofile menn, men det er ingen som snakkar om innflyttingsstopp frå Agder.

– Konservativ kristendom er ein større trugsel mot likestilling og skeive. Og me har ikkje eit konservativt muslimsk parti på Stortinget.

Svenneby påpeiker at han aldri har påstått at homofobi kun eksisterer i einskilde miljø. Likevel meiner han at det er meir homofobi nokre miljø, noko som kan vera kulturelt grunngjeve.

– SV har rett i at det er problem med blant anna homofobi også blant konservative kristne. Problemet er at han er for feig til å halda alle til same standard, skriv Svenneby.

Politikken til Unge Høgre er dårleg for minoritetar, meiner Schønberg og legg til at Høgre saman med Kristeleg Folkeparti innskrenka abortrettane då dei sat i regjering.

Då KrF gjekk inn i regjering i 2019 blei partia samde om å fjerne moglegheita for fosterreduksjon når fostera var friske. Foto: Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

– Eg har budd i Oslo i ti år

Schønberg meiner at Noreg i det vesentlege har lukkast med integrering. Ifylgje han blir det laga eit skremslebilete av bydelar på austkanten i Oslo, som regel av folk som ikkje kjem derifrå sjølv.

– Det er veldig stussleg at folk frå Hamar skal koma å fortelja folk i Groruddalen korleis nabolaget deira er.

Schønberg viser til at fleire foreldre i Aftenposten har tatt til motmæle mot biletet som har blitt danna i media av Groruddalen.

– Viss Schønberg er interessert i privatlivet mitt, kan eg også informera han om at eg har budd i Oslo i ti år, tre bydelar, på båe sider av byen. At me har utfordringar i blant anna  Groruddalen er ikkje eit lokalt nabolagsproblem. Det er eit problem for heile samfunnet vårt, skriv Svenneby

At Ola Svenneby vel å snakka om innvandring og integrering har ikkje noko med lokalvalet å gjera, meiner Jack Schønberg. Det er heller ein kulturkrig som er målet.

– Det er merkeleg at Svenneby skal ta opp dette no og ikkje i ein programprosess.


Les fullstendig svar frå Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre: (Trykk for å utvide)

Mark Twain sa ei gong at ein aldri skal diskutera med ein idiot, fordi idioten vil dra deg ned på sitt nivå – og slå deg med si erfaring. Det var ganske klokt sagt. Men eg kan likevel forsøkja å svara ut påstandane frå Oslo SU.

Mitt forslag handlar ikkje om innvandrarar. Det handlar om utanforskap. Og eg trur det vil tæra på samfunnslimet dersom me får mange som står økonomisk, kulturelt og geografisk utanfor storsamfunnet. Det heng saman med kor mange menneske samfunnet evnar å integrera.

I staden for å diskutera innhaldet, som Schønberg ikkje har fått med seg, går han rett på stemplinga av meg og forslaga mine. Utan å ein gong grunngje kvifor. Å foreslå kollektiv beskyttelse er altså ikkje rasistisk, som om eg blir beskyldt for det.

I så fall bør SU ganske brennkvikt kjempa for å fjerna den moglegheita, når dei no sikrar fleirtalet til regjeringa. For det einaste som eg har foreslått er å videreføra ein moglegheit som allereie er der. Det er ikkje noko eg har hosta opp sjølv.

At eg meiner at me har utfordringar – som kva for eit samhald me har, sysselsetjing, feller verdiar mm. – betyr ikkje at det går til helvete. Tvert imot. Fleirtalet av nordmenn med innvandringsbakgrunn går det veldig bra med. Men det betyr likevel ikkje at utanforskapet ikkje kan bli for stort.

Viss Schønberg er interessert i privatlivet mitt, kan eg også informera han om at eg har budd i Oslo i ti år, tre bydelar, på båe sider av byen. At me har utfordringar i blant anna Groruddalen er ikkje eit lokalt nabolagsproblem. Det er eit problem for heile samfunnet vårt.

Eg har heller aldri sagt at homofobi utelukkande eksisterer i einskilde miljø. Men i nokre miljø er det meir homofobi enn i andre, og det kan vera kulturelt grunngjeve. Det er synd SV ikkje er villige til å kjempa for oss når fobien kjem frå ein anna minoritet. Det er dessverre ikkje overraskande.

SV har rett i at det er problem med blant anna homofobi også blant konservative kristne. Problemet er at han er for feig til å halda alle til same standard.

Eg diskuterer når som helst med SU. Men då må dei heva nivået ganske mykje for kva som me kan forventa når det gjelder å vera anstendig og reieleg. Dette blir for dumt.


Smilande kvinne med raudt hår

Ida Johanne Aadland deler nokre av Unge Høgre-leiar Ola Svenneby sine bekymringar, men åtvarar mot innvandringsstopp.
Foto: Privat