Melding: Mykje moro i Barbieland, sjølv om konseptet skurrar litt

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 19.12.2023 09:12

Terningkast: 5

Greta Gerwig sin Barbie har trekt til seg merksemd heilt sidan han vart annonsert, og merksemda har berre vakse og vakse. Tidlegare kunne Framtida melde at produksjonen førte til mangel på rosa maling på internasjonal skala, og etter å ha sett filmen kan eg lett tru det: Dette er sannsynlegvis den mest rosa filmen eg nokosinne har sett. Sjølv Warner Bros.-logoen før filmen er rosa! Men korleis er han som film?

Handlinga følger, ikkje så overraskande, Barbie (Margot Robbie) og hennar liv i plastikkparadiset Barbieland. Kvar dag er perfekt, og kvar kveld er jentekveld, noko som gjer det vanskeleg for den forelska Ken (Ryan Gosling) å verkeleg få merksemda hennar.

Idyllen vert derimot til kaos når Barbie for første gong tenkjer på døden, etterfølgt av skremmande symptom som flate føter og dårleg ande. For å få tilbake det perfekte livet sitt må ho reise til den verkelege verda og finne jenta som leika med henne, men mottakinga der er ikkje så varm som ho håpte.

Kvar dag er perfekt, og kvar kveld er jentekveld i Barbieland. Foto: 2023 Warner Bros. Entertainment Inc. All Rights Reserved.

Mykje av humoren i filmen er basert på dissonansen mellom Barbieland og verkelegheita

Skjermbilete frå ein Barbie-trailer. © 2023 Warner Bros. Entertainment Inc. All Rights Reserved.

Barbie er ikkje ein uomstridd figur, kulturelt sett: Det er for eksempel ikkje tilfeldig at Redd Barna kvart år gir «Gullbarbien» til den aktøren dei meiner har bidratt mest til å gi ungdom dårlegare sjølvbilete.

Storfilmen, som aktivt har framstilt seg sjølv som filmen for dei som «hatar Barbie», gjer denne kritikken til kjerna i ei forteljing om kvinner si stilling i patriarkalske samfunn. Bebuarane i Barbieland lever i ei naiv tru på at innsatsa deira har utsletta alle problemstillingar for kvinner i den verkelege verda, men sjølv forteljarstemma i introsekvensen veit at det er tull.

Mykje av humoren i filmen er basert på denne dissonansen mellom Barbieland og verkelegheita, og det kjem spesielt fram då linja mellom dei to verdene vert kryssa frå begge sider. Til og med Mattel, leiketøysgiganten bak Barbie, er med i filmen, i form av eit styre som utelukkande består av menn. Som feministfabel er ikkje Barbie akkurat subtil. Eg tek meg likevel i å lure på om ein film som dette eigentleg har retten til å gjere seg til ein autoritet på eigen tematikk på denne måten. Det er trass alt Mattel som tener på billettsala, uansett korleis dei framstiller seg sjølve.

 

Regissør Greta Gerwig står også bak filmar som Little Women og Lady Bird. Foto: Martin Kraft, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Gerwig sitt satiriske blikk utgjer mykje av humoren og tiltrekkingskrafta til Barbie, men det er også mykje å hente her for den ekte Barbie-fansen. Produksjonsdesignet er, som nevnt, svært rosa, men også ein gjennomført hyllest til Barbie sin estetikk og historie. Karakterane i Barbieland er baserte på ekte barbiedokker, husa deira er dei klassiske dokkehusa i forstørra utgåve, og sjukebilar vert opna ved å brettast opp på midten. Sjølv nokre av dei meir uvanlege Barbie-produkta får plass, som for eksempel den gravide dokka Midge som berre vart produsert ei kort stund. Sjølv for dei av oss, meg sjølv inkludert, som ikkje har noko forhold til dokkene, er den bevisst falske estetikken rett og slett morosam å sjå på. 

Sjølv om eg nok ikkje kan senke augebrynet mitt heilt når det kjem til filmen sitt forhold til produktet og korporasjonen bak han, er dette ein svært underhaldande og tidvis rørande film som brukar kjeldematerialet på ein meiningsfull måte. Den banale humoren passar det grunnleggande konseptet om dokker som leiketøy, samtidig som han lar dei rolegare og meir alvorlege augeblikka verke meir meiningsfulle.

© 2023 Warner Bros. Entertainment Inc. All Rights Reserved.

Barbie tek for seg den ikoniske dokka med både kritikk og kjærleik, men om ein hadde fjerna alle referansane til produktet ville kjernefortellinga framleis ha vore den same. Det er delvis ein film om å vere Barbie, ja, men aller mest ein film om å vere menneske, og ikkje minst om å vere kvinne. 

Kjem du til å sjå Barbie-filmen på kino?

Kjem du til å sjå Barbie-filmen på kino?

Seff22
Om nokon drar meg med6
Nei1
Skal sjå Oppenheimer i staden2
Svar totalt: 31

Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


Bokomslag og teksta: They will not burn

Hekseprosessane i Vardø når eit engelskspråkleg publikum. Foto: Manilla Press/Bonnier Books

Barbie

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Greta Gerwig

Noregspremiere: På kino 21. juli

Aldersgrense: 6 år

Sjanger: Komedie