Samordna opptak: første gong med poenggrense over 70

Nynorsk Pressekontor
Publisert

For første gong er poenggrensa på medisinstudiet i Oslo over 70 for det ordinære opptaket. Studiet er framleis det vanskelegaste å komme inn på i Noreg.

Dei fem neste studia på lista over dei vanskelegaste studia å komme inn på er også medisin på ulike stader i landet.

Tala frå Samordna opptak viser likevel ein nedgang i talet på søkjarar med medisin som førsteval – frå 3837 i fjor til 3398 i år.

Vanskelegare å kome inn på fleire studium

Vidare på lista over studia med høgast karakterkrav kjem psykologi på Universitetet i Oslo (68,5 i poenggrense) og Industriell økonomi og teknologileiing på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim (68,4).

16 av dei 20 studia det er vanskelegast å komme inn på, har høgare poenggrense i år enn i fjor i ordinær kvote.

Litt ned i førstegongskvote

I opptaket for kvote for førstegongsvitnemål, som gjeld dei som søkjer med vitnemålet frå vidaregåande, er Industriell økonomi og teknologileiing på NTNU i Trondheim øvst på lista over vanskelegaste studium å komme inn på.

Her er poenggrensa 63. På andreplass er medisin på same stad, der grensa er 62,2, noko som er ein nedgang på 0,3 poeng frå i fjor.

Vidare på lista i førstegongsvitnemåls-kvoten, er medisin i Ålesund, hounoursprogrammet i realfag på UIO og medisin ved UIO.

Til saman 104.618 søkjarar har fått tilbod om studieplass på universitet og høgskular i kommande studieår. Det er ein nedgang på 0,6 prosent samanlikna med i fjor. Av alle som har fått tilbod om studieplass i år, har 63.264 søkjarar komme inn på førstevalet sitt, noko som svarer til 60,5 prosent.


Forelesingssal med "Kort forklart"-logoen over.

Kollasj av Framtida. Illustrasjonsbilete frå Dom Fou via Unsplash