Greta Thunberg tiltalt etter aksjon i Malmö

Magnus Rotevatn
Publisert

Klimaaktivist Greta Thunberg har blitt tiltalt av politiet etter ho deltok i ein aksjon organisert av gruppa Ta tillbaka framtiden. Dette melder avisa Sydsvenskan. Det skal òg vera tatt ut tiltale mot minst ein annan aktivist.

Gruppa blokkerte vegen for tankbilar i hamneområdet i Malmö. Omkring tretti køyretøy blei stoppa av aksjonen, som føregjekk over fleire dagar i juni.

Politiet skal ha pålagt aktivistane å forlata vegbanen. Thunberg og tre andre aktivistar valde å ikkje etterkoma dette, men heller å bli borne vekk.

Eit mindre problem enn fossilt brensel

Til Sydsvenskan seier Ta tillbaka framtiden at dei ser på ein tiltale som eit mindre problem enn transport av fossilt brensel. Dei har også uttalt at tiltalane ikkje kjem til å påverka aktivismen deira.

Det er forventa at saka til Thunberg kjem opp i retten i slutten av juli.


Ung kvinne holder skilt med teksten "skolstrejk for klimatet".

Greta Thunberg deltok i dag på sin siste skulestreik for klimaet. Foto: Privat