Den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RFS) i Sudan har sagt dei vil godta USA sitt forslag til våpenkvile, ifølgje Reuters. Regjeringa har førebels ikkje sagt ja til forslaget.
Samstundes har FN sitt menneskerettsråd sagt at dei skal ha eit ekstraordinært møte på grunn av skuldingar om massemord i byen al-Fashir. RFS har klart å ta over byen, som var ein av dei viktigaste stadene styresmaktene kontrollerte.
Fredag morgon vart det rapportert om eksplosjonar nær hovudstaden Karthoum.
Sidan 2023 har det vore borgarkrig i Sudan mellom den paramilitære gruppa og regjeringshæren. Begge gruppene er skulda for menneskerettsbrot, og fleire millionar menneske er drivne på flukt. FN sa i juni at det var ein høg risiko for folkemord.
Kvinner og barn i ein flyktningleir i Darfur-regionen på måndag. | Foto: Flyktninghjelpen (NRC) via AP
Arbeidarpartiet vil endre dei etiske retningslinjene for fondet, og fram til desse er på plass, blir Etikkrådet sett på sidelinja.
Bakgrunnen for avgjerda er at spesielt store selskap kan bli utelukka frå fondet. Problemstillinga har blitt løfta på grunn av Israel-Palestina-konflikten, og spørsmål rundt kor mykje investeringar på Vestbreidda bidreg til okkupasjon og brot på folkeretten.
Budsjettpartnarane til Arbeidarpartiet, SV, MDG og Raudt, var alle mot forslaget.
Finansminister Jens Stoltenberg greia ut om oljefondet sine investeringar i Israel 4. november. | Foto: Peter Mydske / Stortinget
Minst 188 døde på Filippinane etter tyfon
Tyfonen Kalmaegi har bevegd seg gjennom Filippinane, og vidare mot det sørlege Kina og den vietnamesiske kysten denne veka. Ifølgje BBC har uvêret drepe minst 188 personar på Filippinane og fem i Vietnam. I tillegg er 135 sakna.
Ein ny og potensielt større tyfon er også på veg mot Filippinane, og er venta å treffe øya Luzon på måndag.
Forskarar åtvarar om at slike stormar blir større og kraftigare på grunn av klimaendringar. Førre veke kravde Melissa, den største registrerte orkanen nokon gong, 28 menneskeliv på Jamaica.
Det er store øydeleggingar på Filippinane etter tyfonen. | Foto: AP Photo/Jacqueline Hernandez
Ine Eriksen Søreide vil bli ny leiar i Høgre
Tidlegare forsvarsminister og utanriksminister Ine Eriksen Søreide stiller som leiarkandidat til Høgre sitt landsmøte i februar, ifølgje VG.
Erna Solberg varsla etter valet at ho ikkje stiller som leiar for neste periode. Søreide har vore ein favoritt til vervet, men har brukt tid på å annonsere kandidaturet sitt.
Både noverande nestleiar Henrik Asheim og parlamentarisk nestleiar Nikolai Astrup har tidlegare sagt dei vil bli leiar, men begge trekte kandidaturet sitt etter uttala frå Søreide.
Det er også kamp om nestleiarvervet, der både Peter Frølich, Unge Høgre-leiar Ola Svenneby og Erlend Svardal Bøe har sagt dei vil stille som kandidatar.
Ine Eriksen Søreide og Erna Solberg under trontaledebatten 14. oktober 2025. | Foto: Morten Brakestad/Stortinget
Tre personar døydde då amerikanske dronar bomba ein båt i Karibia førre helg. Dette er det siste av fleire droneåtak frå Trump-administrasjonen mot båtar i Karibia.
Ifølgje amerikanske styresmakter blir båtane brukt for å smugle narkotika til USA. Forsvarsminister Pete Hegseth har sagt at båten vart brukt av ei terroristgruppe, men har ikkje spesifisert kva gruppe det er snakk om.
Ifølgje BBC har 64 personar døydd i Karibia og det austlege Stillehavet sidan åtaka frå USA starta i september.
Både den colombianske presidenten Gustavo Petro og den venezuelanske presidenten Nicolás Maduro har fordømt åtaka.
Forsvarsminister Pete Hegseth og president Donald Trump ved ein pressekonferanse i oktober der temaet var narkotikakartell. | Foto: AP Photo/Evan Vucci
Dødeleg jordskjelv ramma det nordlege Afghanistan
Ifølgje Røde Kors er det minst 27 døde og 962 skadde etter jordskjelvet nord i Afghanistan. Skjelvet var sterkast i nærleiken av byen Mazar-E-Sharif, med 500 000 innbyggjarar.
Den blå moskeen, som er viktig for sjiamuslimar, og mottek mange pilegrimar kvart år, er delvis øydelagt i skjelvet.
Kupert terreng gjer det vanskeleg for hjelpearbeidarar å kome til dei mest utsette områda.
Det er ikkje berre terrenget som gjer hjelpearbeidet vanskeleg. Mykje infrastruktur er øydelagt etter fleire år med krig, og ved eit skjelv i september fekk berre mannlege hjelpearbeidarar sleppe inn av dei Taliban-leia styresmaktene. Over 2200 menneske mista livet i skjelvet, og ifølgje Verdas helseorganisasjon var det flest menn som fekk hjelp.
Lokale bebuarar i Samangan-provinsen leiter gjennom eit øydelagt hus. | Foto: AP Photo/Sirat Noori
Lyspunkt: Nordmenn les fleire bøker no enn på 90-talet
Ifølgje SSB les vi fleire bøker enn før. Dei har undersøkt lesevanane til nordmenn mellom 1994 og 2024. Dei yngste og eldste gruppene er dei som les mest.
Vi les også fleire papirbøker no enn på 90-talet. I fjor las 24 prosent av nordmenn i ei papirbok dagleg.
Kvinner les i snitt meir enn menn. Sidan 2020 har vi også høyrd meir på lydbøker, der dagleg lytting har hoppa frå 4 prosent til 8 prosent.
Folk les framleis bøker i ei meir digital verd. | Foto: Tom Hermans on Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.