Fyrste spelar med hijab i fotball-VM

Åshild Slåen
Publisert

I går kunne det marokkanske kvinnelandslaget i fotball juble for ein historisk siger mot Sør-Korea i verdsmeisterskapet i Australia og New Zealand.

I tillegg til å vere den fyrste VM-kampen laget deira har vunne, var det også fyrste gong ein fotballspelar, Nouhaila Benzina, brukte hijab i VM.

Marokko hadde allereie spelt mot Tyskland i meisterskapet, men då var Benzina innbytar, og ho vart ikkje brukt. Sundag var ho derimot forsvarsspelar, og hjelpte laget halde på 1–0-leiinga Ibtissam Jraïdi scora i fyrste halvdel av kampen.

Frå 2007 hadde FIFA eit offisielt forbod mot å bruke både hijab og turban. Grunngjevinga var at det var utrygt. Etter fleire prøvekampar vart det derimot sett på som trygt, og forbodet forsvann i 2014.

Likevel er det ikkje før no at ein fotballspelar har brukt hijab medan dei spelte på seniornivå i FIFA-arrangement.


Generalsekretær i Norway Cup Pål Trælvik. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB / NPK