Historisk mange vil studere kvensk
– Heilt eineståande, seier instituttleiar ved UiT.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvensk er språket som den nasjonale minoriteten kvenar har prata i Noreg i fleire hundre år. På grunn av fornorskinga er språket mindre utbreidd i dag, og blir rekna som truga.
– Interessa er fantastisk og heilt eineståande, skriv Cathrine Theodorsen på e-post når Framtida tek kontakt for å prate om søkjartal.
Ho er instituttleiar for Språk og kultur ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT).
I haust opnar UiT opp att for nye studentar til både årsstudium i kvensk og bachelorgrad i kvensk og finsk. Ut frå tidlegare søkjartal rekna universitetet med 5 studieplassar til årsstudiet, og 10 til bachelorgraden.
Ifølgje Samordna opptak har 22 personar fått tilbod om plass til årsstudium, og 13 til bachelorgraden.
Viktig for å bevare språket
– Eg har høyrt at det har vore ei auke interesse, men det er fantastisk bra, seier Henrik Madsen.
Han er styremedlem i Kvenungdommen, sit i kommunestyret i Bergen for Raudt, og etterspurde tidlegare i år ein meir heilskapleg kvensk politikk.
– Det viser at det er interesse for kvensk og at arbeidet som blir gjort for å løfte språket nyttar.
Madsen fortel at tala reflekterer erfaringar han har frå Kvenungdommen, som har sett ei auke i medlem dei siste åra.
– Kvifor meiner du det er viktig med fleire folk som studerer kvensk?
– Kvensk er jo eit av Europas mest truga språk. Det at folk får moglegheit til å lære det er veldig bra.
Madsen er glad for at folk får moglegheit til å bli betre kjent med det kvenske språket og kulturen, enten dei har det som bakgrunn eller ikkje.
– Tilbodet har jo vore nede i nokre år, og det er tilfelle av folk som har vore interessert, men som har måtte byrje å studere noko anna, seier han.
– Utan samanlikning
Theodorsen presiserer at UiT oppretta dei fyrste emna i kvensk i 2006, årsstudium i kvensk i 2013 og bachelor i kvensk og finsk hadde fyrste opptak i 2018. Begge studia har hadde opptak annakvart år.
I tillegg kom mastergradsprogrammet i kvensk og finsk på plass hausten 2019.
– Vi har no gjort endringar i studieplanane slik at årsstudiet og BA-programmet har oppstart same studieår og innehalder dei same emna.
Det gjer at studentane kan studere saman det fyrste året, men gjorde at bachelorprogrammet ikkje hadde opptak i fjor.
– Frå vårt perspektiv har vi altså hatt jamleg tilbod, men dessverre kunne vi ikkje ta opp studentar hausten 2022 på grunn av dei endringane vi måtte gjere.
No kan dei derimot ønske fleire velkommen enn nokon gong.
Sidan 2013 har det på det meste vore 5 studentar som har vore meldt opp i årsstudiet i kvensk.
I år er altså over fire gonger så mange som har fått studietilbod enn dei planla på årsstudiet.
– Årets søkartal er dermed utan samanlikning, og vi ser fram til å ta imot alle som takkar ja og startar opp til hausten, skriv Theodorsen.
Opplæring fleire stader
Madsen håpar at dei som no vil studerer kvensk ved UiT kan bidra til å styrke språket i resten av landet, enten som lærarar eller andre ressurspersonar.
– Det er ikkje mange andre stader ein kan lære seg kvensk her i landet, enten ein er barn eller vaksen.
For han sjølv har språket forsvunne ut av den næraste familie, men om han har lært seg uttrykk og frasar.
– Eg kan dessverre ikkje reise til Tromsø for å studere, men kanskje dersom det blir eit tilbod i Bergen i framtida.
Påmelde i kvensk årsstudium
- 2013: 4 stk.
- 2017: 1 stk.
- 2019: 2 stk.
- 2021: 5 stk.
Merk: Studiet har ikkje hatt opptak kvart år.