Redaksjonell rapport for 2021: 880.000 brukarar har besøkt Framtida.no

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt i 2021 har over 880.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er det nest høgaste brukartalet nokon gong.

I snitt var over 19.300 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2021. Kvar månad har 70-140.000 brukarar vore innom nettstaden.

Trafikken frå læringsplattformar held fram med å auka. Det viser at Framtida.no blir mykje brukt i skulen.

LES OGSÅ: Dette er dei mest lesne sakene i 2021

Kvalitetsjournalistikk som blir lagt merke til

I løpet av 2021 har Framtida.no publisert rett under 1400 artiklar, eit par hundre færre enn året før. Det har vore ei medviten satsing dei siste åra å laga meir kvalitetsjournalistikk som krev meir arbeid. Redaksjonen har brukt meir tid på fleire lengre journalistiske prosjekt, og meir tid på laga fleire lengre artiklar, intervju og reportasjar.

Mellom anna har redaksjonen jobba med to større artikkelseriar – om gløymde kriser og ein om ung representasjon og om viktige politiske saker for unge i framtida. Begge desse er omtalt under. Me har òg halde fram på artikkelserien «Nesten vaksen» – om det ein bør vita når ein er på veg inn i vaksenlivet. Og me har skrive forklarande saker i serien «I klårtekst» – og artikkelserien «Over regnbogen» om LHBTQI+ og menneskerettar i Russland og Aust-Europa.

Sidan september 2010 har Framtida.no og Magasinett publisert nær 21700 artiklar.

Breaking news frå Framtida.no på VG.no 26. januar.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 341 gongar i 2021. Det er det nest høgaste talet nokon gong.

Framtida.no har òg hatt rekordmange saker på SOL.no, og blitt sitert rekordmange gonger i riksavisene og hos NTB.

Nøgde brukarar

Brukarundersøkinga vår viser at brukarane er svært nøgde. 39 prosent av dei som svara i haust, gav oss terningkast 6 – ein oppgang på fem prosentpoeng frå 2020. 32 prosent gav oss terningkast 5. Det er ein oppgang på tre prosentpoeng. Undersøkinga viser òg ein vekst i talet på unge brukarar. Over halvparten av dei som svara var i hovudmålgruppa vår på 14-25 år.

Ekstra satsing på Instagram

Frå hausten 2019 har me satsa meir målretta på Instagram og Instagram stories, og denne satsinga har heldt fram i 2021.

På Instagram er det no 3905 som følgjer oss, ein auke på 900 i løpet av 2021. Ved årsskiftet følgde 7262 Framtida.no på Facebook – ein oppgang på 496 i løpet av året. På Twitter har me 2976 følgjarar, ein auke på 11.

Skjermdump frå Instagram-kontoen @framtida.no.

Gløymde kriser

Den første større artikkelserien me laga i 2021 var gjennom det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser».

Her skreiv me om kriser verda rundt som ikkje får stor plass i mediedekninga i Noreg. Me intervjua mange unge som er berørte av krisene, og me har intervjua norske hjelpearbeidarar, organisasjonar og politikarar.

Me har skrive om gløymde kriser i 10 land: Haiti, Filippinane, Burundi, Den sentralafrikanske republikk, Uganda, Mosambik, Guatemala, Guinea, Russland og uigurane i Kina. Me har òg skildra nokre kriser som går på tvers av landegrenser – som den rekordstore migrasjonen frå Sentral-Amerika til USA i vår og om studentaktivistar som har blitt undertrykt i mange land under koronapandemien.

María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah Kjellevold Steinsland (18) gjekk begge i 2.klasse på vidaregåande då me intervjua dei våren 2021. Men elles er kvardagen ganske annleis. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop og privat

Kven skal snakke for framtida?

Me takkar òg Fritt Ord for støtta til artikkelserien «Kven skal snakke for framtida?».

Me har skrive om ung representasjon, økonomisk politikk, skatt og offentleg forbruk og velferd og aktuelle interessekonfliktar mellom generasjonane. Me har blant anna skrive om bustadmarknaden, energi- og klimapolitikk, arbeidsliv og arbeidsmarknaden.

Me har snakka med ungdommar og ungdomspolitikarar fleire stader i Noreg. Me har vore på rånetur med ungdom på Sunnmøre og laga reportasje frå protestleiren i Repparfjord. Me har intervjua unge bønder, førstegongsveljarar, unge som ikkje har røysterett og unge kandidatar i Samtingsvalet.´

Me har òg laga ei spørjeundersøking om korleis unge i ulike delar av landet ser på økonomi, offentleg forbruk og velferdstilbod. Me har strevd etter å snakka med fleire typar kjelder, og unge med forskjellige bakgrunnar. Me synest det er viktig å få fram mangfaldet av unge, både med tanke på utdanning, politiske preferansar, kjønn og interesser.

Førstegongsveljarane Sofie Husseini (17) og Tonje Marie Halmrast (18) blei intervjua i serien «Kven skal snakke for framtida?». Foto: Kristiane Bøgwald.

Debattprosjekt, journalistkurs, bokbad og arrangement

Til liks med fleire andre medium er arrangement eit bein å stå på for Framtida.no. Koronapandemien har lagt ein dempar på satsinga i 2021.

Likevel har me fått høve til å har vore med på å arrangera fleire arrangement og debattkurs for skuleklassar i fleire kommunar. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

På demokratidagen på Vinjesenteret fekk elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule skrivekurs, debattkurs og dei fekk òg prøva seg på debatt.

Framtida.no har mellom anna:

  • vore medarrangør av Berekraftvekene med fleire arrangement på Stord
  • vore medarrangør av webinar med LHBTQI+-aktivistar frå Aust-Europa, i samarbeid med Den norske Helsingforskomité.
  • arrangert demokratidag for ungdom i lag med Nynorsk kultursentrum på Vinjesenteret
  • kursa ungdommar i Fitjar, Time, Vinje og Stord i debatt
  • leia direktesend språkdebatt i samarbeid med Noregs Mållag, Time vidaregåande skule, Rogaland Mållag og Garborgsenteret
  • kurs i miljøjournalistikk for 13 skuleklassar saman med Framtida Junior, støtta av Vestland fylkeskommune og Bergesenstiftelsen.
  • samarbeidd med Falturiltu om å arrangera Falturiltuseminaret
  • ansvaret for programmet på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Stord
  • leia direktesendt valdebatt på Stord, i samarbeid med Bladet Sunnhordland og Stord folkebibliotek
  • leia andre debattar og bokbad på Stord i samarbeid med Stord folkebibliotek

Arne Strand heldt føredrag om Afghanistan på Stord under Berekraftvekene i februar. Her viser han eit afghansk teppe som viser terroråtaket 11. september 2001. Foto: Svein Olav B. Langåker

Fleire medarbeidarar

I 2021 har Framtida.no hatt ein redaksjon på vel fire årsverk. Svein Olav B. Langåker og Bente Kjøllesdal har jobba gjennom heile året. Birgitte Bakken starta i januar og har jobba for Framtida.no og Magasinett. Ingvild Eide Leirfall kom tilbake frå morspermisjon i oktober. Nyheitsleiar Andrea Nøttveit jobba ut mai. Då tok Bente Kjøllesdal over som nyheitsleiar. Eirik Dyrøy Lotsberg starta i august som journalist i Framtida.no på deltid.

I mai og juni jobba praksisjournalist frå Nynorsk Avissenter Kristiane Nerdrum Bøgwald.

Karine Jonsrud Pedersen, Kristina Kassab Liland, Ida Johanne Aadland og Emilie Hansen har vore sommarvikarar. Eirik Tangeraas Lygre har òg levert fleire saker til oss. Me har òg knyta til oss fleire frilansarar, noko som har hjelpt oss med å få journalistikk frå fleire stader i landet.

Magnus Rotevatn, Jannicke Totland og Elise Solvåg har vore faste bokmeldarar.

Janne Nerheim og Marte Husabø har gjennom heile året jobba med Framtidajunior.no.

Redaksjonen har hatt kontor i Oslo og på Stord. På grunn av koronasituasjonen har det vore mykje heimekontor på Oslo-redaksjonen.

Frå debattkurs på Fitjar vidaregåande skule.

Skrivekonkurransar og debattsatsing

Saman med Magasinett har Framtida.no samarbeidd om fire skrivekonkurransar i løpet av 2020. Den første handla om språk, og blei arrangerte i lag Samlaget og Fridthiov Oos´ legat.

Den neste skrivekonkurransen hadde tema menneskerettar og LHBTQI+ og blei arrangert i lag med Den norske Helsingforskomité. Dei siste konkurransane hadde tema håp og ytringsfridom og sosiale medium.

Totalt kom det inn nær 400 bidrag i skrivekonkurransane. Bidraga har hatt eit høgt nivå. Utlysingane av konkurransane har hatt over 21.000 visningar.

Framtida.no har publisert 165 debattinnlegg i år, ein liten nedgang frå rekordåret i fjor.

I midten er vinnar Theodor Aasheim Imsland (11) saman med Ingrid Kristina Selsås (10) (t.h.) som vann tredjeplassen, og Tuva Kismul Østvold (11) som fekk heiderleg omtale for bidraga til skrivekonkurransen til Framtida Junior om miljø. Foto: Svein Olav Langåker

Framtidajunior.no

I 2021 har over 137.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no – ein oppgang på over 14 prosent frå 2020. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har over 417.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men me er òg glade for at trafikken aukar i helgane og feriane. Det kan tyda på å Framtidajunior.no også blir brukt meir i fritida.

Framtidajunior.no har gjennomført seks skrivekonkurransar i 2021. Totalt har det kome inn over 600 bidrag frå barn over heile landet. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

I 2021 har me publisert kring 950 artiklar på Framtidajunior.no og 33 kvissar. Sidan starten 17. oktober 2017 er det publisert over 3700 artiklar og 175 kvissar.

Denne klassen ved Langeland skule på Stord fekk miljøjournalistkurs av Framtida Junior.

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem kvar 14. dag til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og innhald til papiravisa.

Talet på abonnentar er stabilt. I 2021 vil me opna for å samarbeida med fleire aviser om å gi ut Framtida Junior på papir, og me vil redusera utgjevingstakten til éin gong i månaden og me vil forsterka abonnementsarbeidet.

Kjenner du nokon som burde få avisa? Her går det an å bestilla abonnement!

Redaktør Svein Olav B. Langåker med miljøjournalistkurs på Litlabø skule på Stord.

Miljøprosjekt

Me vil særleg takka Vestland fylkeskommune, SIM og Bergesenstiftelsen for støtta til miljøprosjekt i regi av Framtida Junior.

Som ein del av dette prosjektet har redaksjonen laga til ein artikkelserie om miljø for Framtida Junior og Framtida.no, og i den nasjonale avisveka sende me ut 16.000 utgåver av Framtida Junior til sjetteklassingar over heile landet, i samarbeid med Mediekompasset.

Me har laga til kurs i miljøjournalistikk for 13 skuleklassar saman med Framtida Junior. Fleire kurs held fram i 2022.

Lesedigg

I 2021 har Framtida Junior samarbeidd med Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune om å utvikla ei ny digital teneste som skal hjelpa barn å finna kjekke bøker å lesa.

Lesedigg blir lansert i slutten av januar. Følg med!

Filip, Lisa, Malene og Leah ved Sagvåg skule har kome med tips til korleis Lesedigg kan utviklast.

Gode samarbeidspartnarar

I 2021 har Framtida.no fått nokre nye samarbeidspartnarar. Me har halde fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på Høgskulen på Vestlandet på Stord under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu. Og me har samarbeidd med Høgskulen på Vestlandet om Samtidsdagane på Stord.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Framtida.no har framleis samarbeidsavtalar med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og Dusken.no.

Fleire aviser har valt å leggja ut ein nyhendeboks med Framtida-saker på sidene sine, slik at lesarane deira kan få dei siste sakene frå Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Framtida.no har ansvar for å drifta Magasinett – nettidsskriftet for ungdomsskuleelevar og elevar på vidaregåande og Pirion

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade for at støtta frå Kulturdepartementet på 1,2 millionar kroner til Framtida.no og Framtidajunior.no held fram. I ein merknad frå kulturkomiteen i desember 2018 heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener de to barne- og ungdomssatsingene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er to svært vellykkede og viktige tiltak. Både framtida.no og framtidajunior.no leverer journalistikk som barn og ungdom ikke får tilgang til på nynorsk ellers. Flertallet oppfordrer regjeringen til å se på hvordan man kan sikre at disse satsingene kan videreføres.»

Me er svært glade og takknemlege for alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 250.000 kroner.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no.

Framtidajunior.no har fått 200.000 frå LNK i 2020. Framtidajunior.no har òg blitt støtta av Utdanningsdirektoratet og Magasinett. Utdanningsdirektoratet støttar òg kursa våre i bokbad og debatt.

I 2021 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått kompensasjon for dette. Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

Norsk Kulturråd har gjeve Framtida.no 180.000 kroner i tidsskriftstøtte.

Fritt Ord støtta «Gløymde kriser»-prosjektet vårt med 75.000 kroner og «Kven skal snakke for framtida?»-prosjektet vårt med same sum.

Bergesenstiftelsen har støtta eit miljøjournalistikkprosjekt i Framtida.no og Framtida Junior med 75.000 kroner. Vestland fylkeskommune har støtta dette med 50.000 kroner. Miljøfondet til SIM har støtta utgjevinga av miljøavisa med 20.000 kroner.

Framtida.no har òg hatt nokre inntekter frå sal av bilde og artiklar til aviser, debattkurs og leiing av debattar og bokbad.

Planar for 2022

Framtida.no skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg.

Framtida.no planlegg fleire nye artikkelseriar. Me har fått støtte frå Fritt Ord til ein artikkelserie om unge og religion i Noreg. Denne vil me starta på no på nyåret. Me vil òg halda fram med serien vår med forklarande saker; I klårtekst og serien Nesten vaksen.

Framtida.no vil også arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

No ved nyttår slutta Svein Olav B. Langåker som redaktør for Framtida.no, og går over i stillinga som dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved sida av rolla som redaktør for Framtida Junior. Nyheitsleiar Bente Kjøllesdal er konstituert Framtida.no-redaktør heilt til Andrea Rygg Nøttveit byrjar i stillinga 1. april.

Framtida.no har to grunnleggande hovudmål: å visa fram og auka engasjementet til ungdom, og vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaksjonen på epost tips @ framtida.no eller send oss ei melding på Instagram!