Uroa for framtida for velferdsstaten
Berre éin av fire unge ser lyst på framtida og trur velferdsstaten vil bli betre i framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei undersøking frå Framtida.no som 270 elevar på 16 vidaregåande skular i Noreg har svara på.
Grunna for låg svarprosent kan ikkje resultata reknast som representative for alle VGS-elevar, men kan likevel seie noko om tendensane.
Kva tenkjer du om framtida til velferdsstaten i Noreg?
Større kostnadar enn inntekter
Med stadig fleire eldre, og færre i arbeid for kvar pensjonist, er det venta at kostnadene til staten vil auka meir enn inntektene.
Det kjem det fram i Perspektivmeldinga som blei lagt fram av regjeringa tidlegare i år. Denne handlar om utsiktene for økonomien dei neste 40 åra.
Vil ha samfunnsøkonomi inn i skulen
Då Framtida.no besøkte påbyggklassane på Fitjar vidaregåande skule, var det ingen av elevane som hadde høyrt om Perspektivmeldinga.
– Me burde lært meir om politikk og finansiering av velferdsstaten i skulen, seier Oda Volden de Fine (18) ved Fitjar vidaregåande skule. Ho går på VG3 påbygg.
Framtida.no treff ho saman med klassekameratane Victoria Malene Maraas (18), Maria Lillenes (18) og Hanan Anwar Ahmed (17 1/2).
Uroa for dei eldre
Elevane Framtida.no snakka med på Fitjar vidaregåande er uroa for situasjonen til dei eldre framover.
– Fokuset på dei eldre må blir betre, seier Oda Volden de Fine, og er redd det blir dårlegare mat på sjukeheimane.
Ifølgje Perspektivmeldinga treng Noreg 110 000 fleire årsverk i helse og omsorgssektoren innan 2035.
Elevane trur løningane må bli betre, og seier òg det må bli enklare å bli sjukepleiar.
– Det er livsviktig arbeid, understrekar Oda Volden de Fine.
Maria Lillenes jobba sjølv på sjukeheim i sommar. Ho har lyst til å utdanna seg som klinisk sosionom for å hjelpa folk til å fungera både i samfunnet og i jobb.
Hanan Anwar Ahmed seier ho òg har lyst til å jobba med folk.
– Om eg kunne valt igjen, så ville eg valt helsefag, seier ho.
Ungdommane er likevel einige at det har vore mykje viktig å læra på VG 2 barne- og ungdomsarbeidar.
– Me lærer å kjenna menneske, og det er noko me får bruk for uansett, seier Victoria Malene Maraas.
Kor einig er du i dette utsegnet: «Skattane og avgiftene i Noreg må aukast»?
Mot skatteauke for alle
Korleis skal me få råd til å ta oss av fleire eldre og aukande kostnader?
Av dei kring 270 ungdommane som svara på undersøkinga til Framtida.no, seier eit fleirtal at dei er ueinige i at skattane og avgiftene i Noreg må aukast. Kring 20 prosent meiner skattane må aukast.
Oda Volden de Fine ønskjer ikkje at alle skal få auka skatt.
– Eg ønskjer at dei rikaste kan få ein auke i skatten sin, seier 18-åringen.
- LES OGSÅ: Tett oppfølging hjelper unge uføre ut i arbeid: – Ingen er god på alt, men alle er god på noko
Vil ikkje kutta i velferdstilbod
I undersøkinga til elevar i vidaregåande, har Framtida.no spurt om kva dei meiner må til for å finansiera den norske velferdsstaten i framtida. Eit knapt fleirtal av dei spurte som meiner det er viktig å sørgja for gode vilkår for næringslivet for å skapa fleire arbeidsplassar.
Berre 12,9 prosent meiner me kan halda fram som før.
Kutt i sjukelønsordninga, auke i eigendelen for helseteneste og kutt i andre velferdsytingar er svært upopulære.
Kva meiner du må til for å finansiera den norske velferdsstaten i framtida? (Her kan du kryssa så mange gonger du vil)
Undersøkinga er sendt ut til 100 vidaregåande skular i Noreg. Elevar frå 16 skular svara. Flesteparten av desse på Vestlandet og Austlandet. 76 prosent av elevane går på studiespesialisering, resten på yrkesfag.
LES OGSÅ: Demokrati i ubalanse? På dette området er norske politikarar klart i utakt med unge veljarar