Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innleveringsfristen er 4. juni 2021.

Hovudpremien er på 2000 kroner, og dei beste tekstane vil bli publisert på Framtida.no og hjå Den norske Helsingforskomité. 

Vi ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjere. Vi ser òg etter i kva grad du klarer å bruke relevante kjelder til å underbygge argumenta dine.

Vel mellom éi av desse oppgåvene:

Oppgåve 1: 

Skriv eit meiningsinnlegg om levekåra for LHBTQI+ i Noreg anno 2021. 

Aktuelle spørmål: 

  • Kva utfordringar/barrierer står skeive i Noreg framleis overfor? 
  • Kva typar diskriminering møter skeive i Noreg i dag?
  • Kva må til for at skeive vert likestilte i det norske samfunnet? 

Aktuelle kjelder: SSB si levekårsundersøking

Oppgåve 2: 

Visste du at Tyrkia er eitt av dei farlegaste landa i verda for transpersonar, at det er straffbart å snakke positivt om homofili i Russland, eller at polske byar og provinsar har erklært seg som LHBT-frie soner? 

Skriv ein argumenterande tekst der du skriv om situasjonen i desse landa og kva du meiner Noreg bør gjere med dette. Adresser gjerne teksten til den norske utanriksministeren Ine Marie Eriksen Søreide.

Bruk døme frå eitt eller fleire aust-europeiske land i teksten.

Aktuelle spørsmål

  • Kvifor er internasjonal solidaritet viktig? 
  • Korleis bør norske styresmakter reagere? 

Oppgåve 3: 

Skriv ein tekst om ditt LHBTQI-føredøme. Kva har du lært av vedkomande, og korleis kan andre unge nytte seg av desse lærdomane for å betre levekåra til skeive i dag?

Hugs på at det alltid styrkar teksten om du brukar kjelder og/eller viser til eigne erfaringar for å underbyggje argumenta dine. 

Informasjon om konkurransen:

Format: Word-fil (pass på å dela som vedlegg til e-posten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å opne fila)

Lengde: Maks 750 ord.

Premie: 1. plass: 2000 kroner til vinnar og 1000 kroner til andreplassen. I tillegg blir fem deltakarar i skrivekonkurransen trekt ut som vinnarar av bokpremiar og regbogemunnbind frå Ukraina! 

Aldersgrense: under 25 år

Innleveringsfrist: 4. juni 2021

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg til: magasinett @ gmail.com
(Pass på at det er ei tilgjengeleg lenkje til dokumentet og aller helst eit vedlegg)

OBS: Hugs å merke teksten med <NAMN>, <ALDER> og <TELEFONNUMMER>. Skriv gjerne kor du er frå og kva skule/utdanningsinstitusjon du høyrer til.