Barnas klimapanel møtte prinsesse Ingrid Alexandra: – Ho var veldig nysgjerrig

Barnas klimapanel imponerte prinsessa då ho heldt sin første audiens.

Vilde Standal Bøyum
Publisert

Ein versjon av denne saka vart først publisert hjå Framtida Junior.

På Slottsplassen kjem seks unge menneske ut etter at dei har snakka med Noregs prinsesse og den andre i arverekka til trona.

Prinsesse Ingrid Alexandra hadde sin første audiens, og valde å ha han saman med Miljøagentane frå Barnas klimapanel.

Barnas klimapanel består i år av Maria Tøsse Pihlstrøm (14), Anna Halten Horn (13), Jonah Paalstrøm Sandanger (12), Rosalind Ghafoor Bjerkeland (13), Sander Øverli Gjerde (12) og Tyra Olivia Hestø Andersen (11).

Eit viktig tema for prinsessa

– Var de nervøse før de skulle møte prinsessa?

– Eg trur ikkje det heilt hadde gått opp for meg at det var dette eg skulle gjere. Men så stod vi utanfor døra og så var vi litt sånn «ja, kanskje vi er litt nervøse».

Det seier Rosalind. Men jenta frå Haugesund trong ikkje vere nervøs lenge.

– Det gjekk veldig bra. Det var veldig avslappa stemning, seier ho.

Undervegs i møtet, spurde dei prinsessa om kva saker ho tykte var viktige. Eitt av temaa som kom fram, handla om forsøpling.

– Prinsessa er veldig glad i å surfe, så derfor hadde ho opplevd og sett korleis forsøpling påverkar verda, seier Maria, som er leiaren for klimapanelet.

Vart tatt på alvor

Maria fortel at dei tok opp kjernesakene til klimapanelet med prinsessa.

– Dei handlar sjølvsagt om klima, men òg veldig mykje om at politikarane faktisk skal ta oss unge på alvor, seier ho.

Maria opplevde at prinsessa tok dei på alvor, noko resten i klimapanelet er samde i.

– Ho var veldig nysgjerrig, og spurde mange spørsmål medan vi presenterte det vi skulle vise, seier Rosalind.

– Ho var veldig flink til å la alle få snakke, og ho viste at ho var interessert i det vi hadde å seie, legg nestleiar Anna til.

– Fortsett med å engasjere dykk

– Etter møtet med prinsessa, kva vil de seie til barn om klima?

– Fortsett med å engasjere dykk. Det er mange som bryr seg. Sjølv om det ikkje alltid verkar sånn, så er det framleis eit høgt engasjement blant barn og unge, seier Maria.

Ho tykkjer det seier mykje at prinsessa inviterte til sin første audiens med Barnas klimapanel, for det viser at det er eit stort engasjement blant dei som er litt eldre og at dei faktisk tar det på alvor.

– Det er inspirerande å sjå at dei som kjem til å spele ei viktig rolle i samfunnet vårt, bryr seg, seier Maria.

Ikkje bruk barnas stemmer

Engasjer deg, og vit at det er andre som bryr seg om klima og miljøsaka, ville klimapanelet sagt til barna. Men kva ville dei sagt til dei vaksne etter dette møtet?

Anna veit kva ho saknar frå dei vaksne.

– Vi må bli tatt meir på alvor. Vi skal ikkje bli brukt som maskotar. Politikarar kan seie at dei har snakka med barna, og bruke orda våre som argument, når det absolutt ikkje er det vi har sagt, seier nestleiaren.

Anna ser helst at dei vaksne snakkar meir på barnas nivå i samtalar saman, og ikkje brukar for store ord. Ho meiner at det viser at dei høyrer etter og det er enklare å forstå kvarandre.

Imponerte prinsessa

Utanom å snakke med prinsesse Ingrid Alexandra om klima og framtid, så fekk dei gjort andre artige ting. Ein ting dei drar fram er at dei har fått lagt igjen eit permanent bevis på besøket deira.

– Vi fekk signere prinsessa si bok – ei gjestebok. Så no er det alltid eit minne av oss på slottet, seier Rosalind.

I ein e-post frå Det kongelege hoff får Framtida Junior vite at audiensen har vore både imponerande og hyggeleg.

– Eg hadde eit veldig hyggeleg møte med Barnas klimapanel i dag. Dei imponerte meg med sin kunnskap og innsats. Eg håpar alle vil lytte til det dei har å seie, fortel prinsesse Ingrid Alexandra gjennom e-posten.