Store forskjellar: María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah (18) om koronakvardagen og framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 03.06.2021 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidan eg bur i ei lita bygd utanfor San Juan Comalapa, er det tungvint og dyrt for meg å dra fram og tilbake til skulen for å henta og levera oppgåver. Det går ingen offentleg transport no, og nokre lærarar gjev berre fysiske oppgåver.

Det seier María Jacinta Tartón Chuy via Framtida.no sin kontakt i Guatemala, Karen Simon.

17-åringen går andreåret på rekneskapslinja på den vidaregåande skulen i San Juan Comalapa i Chimaltenango, Guatemala.

Den virtuelle undervisninga er vanskeleg å følgja fordi internettsignalet er dårleg.

– Det er ikkje alle som har ein god telefon eller ein datamaskin med tilgang til internett slik at dei kan følgja den virtuelle undervisninga. For meg har det vore nokre problem både med lærarar og med å få god nok tilgang til undervisninga, fortel 17-åringen.

Gjer lekser på rommet til broren

No om dagen får klassen hennar virtuell undervisning 4-5 timar om dagen, 18-20 timar i veka. Før pandemien hadde dei fysisk undervisning som varte fem timar kvar dag, 25 timar i veka.

Skulearbeidet gjer ho på rommet til broren.

– For der er det plass og lys som hjelper meg å konsentrera meg.

Venskapsbyar

Stord kommune i Sunnhordland har tette band til San Juan Comalapa, som har vore venskapsbyen deira sidan 1989. Stord vidaregåande skule arrangerer kvart år ein solidaritetsdag der dei samlar inn pengar til utdanning for unge i Guatemala.

Hannah Kjellevold Steinsland (18) har vore med på det i fleire år. Ho går òg andre året på Stord vidaregåande og tar økonomifag, slik som María Jacinta. Men elles er livet og skuledagen ganske forskjellig.

Stord vidaregåande skule har vore på raudt nivå nokre veker etter jul og rundt påske – og nokre veker i november.

– Det har vore krevjande med heimeskule, men lærarane har vore flinke til å tilrettelegga med digital undervising, seier Hannah Kjellevold Steinsland. Alle har pc som dei bruker i undervisinga og til skulearbeidet kvar dag.

María Jacinta Tartón Chuy er flittig på skulen i San Juan Comalapa. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop

Dyrt med skule

Skulen som María Jacinta Tartón Chuy går på, er offentleg. Sidan ho bur så langt frå skulen og det berre går buss tre gongar i veka, leigde ho eit rom som ho måtte betala.

– No bur eg heime og betaler for internett, papir, utskrifter og transport, kring 250 quetzalar i veka.

Det tilsvarer 276 norske kroner, og er mykje pengar for ein vanleg familie i Guatemala.

I bygda der ho bur, seier ho at det er berre éin av fire ungdomar som går på skule. Dei som ikkje går på skulen jobbar.

– Gutar og menn arbeider i jordbruket, jenter og kvinner arbeider i huset, forklarar 17-åringen.

Vil gjera foreldra lukkelege

María Jacinta Tartón Chuy vil studera på universitetet for å få ei utdanning og jobb som rekneskapsførar. Ein gong i framtida har ho lyst til å bu i eit betre hus saman med foreldra sine.

– Eg drøymer om å ha ein god jobb, mine eigne ting og å gjera foreldra mine lukkelege, seier ho.

– Mange mogleikar

Hannah Kjellevold Steinsland har ikkje funne heilt ut kva ho vil jobba med i framtida, men ho har fått meir interesse for økonomifag på vidaregåande.

– Eg veit berre at eg ikkje vil ha ein jobb der eg må sitja i ro heile tida. Det er mange mogleikar, seier ho.

Ho trur ho vil bu for seg sjølv, utan foreldra, når ho blir vaksen. Slik dei fleste i Noreg gjer.

– Eg håpar ungane mine vil få dei same mogleikane som eg har fått. Eg trivst på Stord, og vil i alle fall bu i Noreg, seier ho.

Stor arbeidsløyse

Men det er ikkje berre-berre å få seg jobb. I Guatemala er det stor arbeidsløyse.

María Jacinta Tartón Chuy fortel om nepotisme, at kontaktar er viktigare enn formell utdanning når det kjem til å få seg ein jobb.

– Mange som sit i viktige stillingar, favoriserer familie og vener, fortel 17-åringen, som likevel understrekar at nokre private bedrifter gir jobbar til dei som verkeleg kvalifiserer seg og tek utdanning

I nærmiljøet hennar merkar dei pandemien på mange område.

– Mange har mista jobben og trua på framtida, dei har økonomiske problem, transport er vanskeleg og kriminaliteten har auka.

FRUKOST: María Jacinta med ein stabel tortillas, nysteikte maislefser som folk i Guatemala et til dei fleste måltid. Saman med tortillas har ho ein varmrett av mangold (ein grønsak som kan minna om spinat eller kål) og tomatsaus servert på ein stein. Hannah Kjellevold Steinsland med ei skål frukostblanding ved spisebordet heime hos mora. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop og privat

– Priviligerte

Hannah Kjellevold Steinsland trur det norske samfunnet har lært av pandemien, og funne nye måtar å arbeida på og blitt flinkare. Ho er ikkje bekymra for framtida, men understrekar at litt bekymring har me alltid i oss, også ho.

– Me er priviligerte som bur i Noreg, og det er vanskeleg for oss å forstå og setja seg inn i kor store forskjellar det er mellom korleis me har det i Noreg og korleis det er i andre land, som Guatemala, seier ho.

– Me må ikkje ta ting for gitt.

 

Takk til Ingunn Hansejordet for omsetjing frå spansk. Videoen er filma og redigert av Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop, og Karen Simón i Adepaz har hjelpt til med intervju.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no. 

LES OGSÅ: Studentar i front for mangfald og samfunnsendring i Guatemala

Studentleiarane Luis (23) og Ketzali (20) kjempar for eit meir rettferdig Guatemala. Foto: Eva Fjellheim.