Vil bruke påfuglar og pytonslangar som støtte på arbeidsplassen
I Storbritannia blir dyr i aukande grad brukt som emosjonell støtte på arbeidsplassen. Dyra kan vere alt frå kattar og kaninar til påfuglar og pytonslangar.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Sidan 2019 har 11 000 personar registrert at dei har såkalla emosjonell støtte-dyr (ESA). Stadig fleire av eigarane ønskjer å ha med seg dyra på arbeidsplassen, skriv The Guardian.
Det er stor variasjon i dyreartane eigarane ønskjer å ha med jobb. Arbeidsgivarar har fått førespurnader frå arbeidstakarar som vil ha med seg alt frå hundar, kattar og kaninar til minihestar, grisar, esel, pytonslangar, iguanar og rotter.
Kan by på utfordringar
Bela Gor jobbar i BDF, ein organisasjon som arbeider for inkludering av menneske med ulike funksjonsnedsetjingar. Ho jobbar med å rettleie arbeidsgivarar som får førespurnad frå tilsette om å ta med ulike ESA-dyr.
– Uansett kva dyreart ein tilsett ønskjer å ta med på jobb, kan det vere overraskande lett å leggje til rette for å få det til, seier Bela til The Guardian.
Ho fortel at ein samstundes må ta omsyn til andre folk på arbeidsplassen som kan ha problem med bestemte dyr, på grunn av mellom anna allergiar, fobiar eller kulturelle overtydingar.
Kvifor pyton?

ROANDE EFFEKT: Nokre blir rolege og fungerer betre i kvardagen sin ved å ha ein pytonslange i nærleiken. Foto: Pixabay
Årsakene til at nokre vel å skaffe seg ein pytonslange i staden for ein hund som ESA-dyr, kan vere ulike.
– Det kan vere praktisk med ein slange om ein har lite plass eller har allergiar, seier Doug Sanders i ESA til The Guardian.
Han peiker òg på at reptil kan bidra med spesielle fordelar, som til dømes ein roande effekt ved sensoriske vanskar. Sensoriske vanskar inneber at hjernen tolkar eller opplever sanseinntrykk annleis enn det som er vanleg.