Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innleveringsfristen er 11. oktober 2021.

Hovudpremien er på 2000 kroner, og dei beste tekstane vil bli publisert på Framtida.no.

Me ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjere. Me ser òg etter i kva grad du klarer å bruke relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

Vel mellom éi av desse oppgåvene:

Oppgåve 1: 

Skriv eit meiningsinnlegg om håpet ditt for framtida, og kva du tenkjer må gjerast for å nå dette håpet.

Aktuelle spørsmål: 

  • Kva synest du er urettferdig i dagens samfunn? Og korleis kan samfunnet bli meir rettferdig?
  • Er det noko med samfunnsutviklinga du er uroa over? Kva kan gjerast med det?
  • Korleis skaper me eit mest mogleg berekraftig, rettferdig og lukkeleg samfunn?
  • Kva meiner du må gjerast for at fleire skal flytta til distrikta – og kva er håpet ditt for heimstaden din dei neste 20 åra?

Oppgåve 2: 

Både naturkrisa, klimakrisa og eldrebølgja påverkar framtida til unge og framtidige generasjonar. Skriv eit meiningsinnlegg om kva som må til for at dei som ikkje har stemmerett skal bli høyrde.

Tips: Les gjerne nokre av artiklane våre om stemmerett eller nokre artiklar i seriane Kven skal snakke for framtida? og Slutten på demokratiet?

Oppgåve 3: 

Skriv om forventningane dine til dei som skal styra Noreg dei neste fire åra.

Skriv eit meiningsinnlegg eller eit brev til ein folkevald om ei aktuell sak du håpar stortingspolitikarane og regjeringa vil gjera noko med! Skriv om fråversgrensa, klima, natur, busstilbod, karakterar, lekser, skulehelsetenesta, tannhelse, distriktspolitikk eller ei anna sak du brenn for og som du håpar blir gjort noko med!

Informasjon om konkurransen:

Format: Word-fil (pass på å dela som vedlegg til e-posten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å opne fila)

Lengde: Maks 750 ord.

Premie: 1. plass: 2000 kroner til vinnar og 1000 kroner til andreplassen. I tillegg blir fem deltakarar i skrivekonkurransen trekt ut som vinnarar av bokpremiar og fine berenett.

Aldersgrense: under 25 år

Innleveringsfrist: 11. oktober 2021

Målform: Nynorsk

Kopier teksten inn i eposten din til oss + legg ved som eit Word-dokument-vedlegg og send til: magasinett @ gmail.com
(Pass på at det er ei tilgjengeleg lenkje til dokumentet og aller helst eit vedlegg)

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER> og <TELEFONNUMMER>. Skriv gjerne kor du er frå og kva skule/utdanningsinstitusjon du høyrer til.