Framtida
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innleveringsfristen er 10. desember 2021.

Hovudpremien er på 2000 kroner, og dei beste tekstane vil bli publisert på Framtida.no.

Me ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjere. Me ser òg etter i kva grad du klarer å bruke relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

Vel mellom éi av desse oppgåvene:

Oppgåve 1: 

Skriv eit meiningsinnlegg om korleis sosiale medium påverkar unge si mogelegheit til å ytre seg.  

Aktuelle spørsmål: 

  • Er det enklare å kome til orde fordi det finst fleire plattformer å seie meininga si på?
  • Er du redd for ting du har lagt ut på sosiale medium skal verte feiltolka eller verte brukt mot deg seinare? 
  • Er det tema du vegrar deg spesielt for å ytre deg om på sosiale medium?
  • Kor går grensa for kva som er innanfor på sosiale medium?

Les fleire artiklar om ytringsfridom her!

Oppgåve 2: 

Kva gjer kommentarfelt i saker og/eller på Facebook og andre sosiale medium med ytringsfridomen?

Aktuelle spørsmål:

  • Vegrar du deg for å ytre deg, grunna reaksjonane som kan møte deg på sosiale medium?
  • Er kommentarfelt ein plass for debatt eller for nettroll?
  • Engasjerer du deg i kommentarfelt?
  • Korleis kan ein sikre eit anstendig debattklima på sosiale medium? Kva må til?
  • Bør Facebook og Instagram styre meir/mindre kva som er lov å skrive?
  • Bør anonyme kontoar bli sletta?
  • Bør politikarane gjere noko og setje krav til sosiale medium? I så fall kva krav?

Les til dømes:
Netthets er den største trusselen mot ytringsfridomen

Les for eksempel denne artikkelen: Slik møter du nedsettande kommentarar på nettet

Oppgåve 3: 

Kva er grensene for ytringsfridomen? Skriv ein argumenterande tekst om eit aktuelt tema innanfor debatten om ytringsfridom.

Aktuelle spørsmål: 

  • Kva konsekvensar har cancel culture og no platforming for ytringsfridomen? 
  • Er «woke-kulturen» blitt eit problem eller er det viktig for ytringsrommet?
  • Er ytringsfridomen tryggast i safe spaces?
  • Korleis kan filterbobler påverka den offentlege debatten?

Les for eksempel:
Når bussete blir burka: Facebook gjer oss dummare

Kjende forfattarar åtvarar mot intoleranse

Informasjon om konkurransen:

Format: Word-fil (pass på å dela som vedlegg til e-posten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å opne fila)

Lengde: Maks 750 ord.

Premie: 1. plass: 2000 kroner til vinnar og 1000 kroner til andreplassen. I tillegg blir fem deltakarar i skrivekonkurransen trekt ut som vinnarar av bokpremiar og fine berenett.

Aldersgrense: under 25 år

Innleveringsfrist: 10. desember 2021

Målform: Nynorsk

Kopier teksten inn i eposten din til oss + legg ved som eit Word-dokument-vedlegg og send til: magasinett @ gmail.com
(Pass på at det er ei tilgjengeleg lenkje til dokumentet og aller helst eit vedlegg)

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER> og <TELEFONNUMMER>. Skriv gjerne kor du er frå og kva skule/utdanningsinstitusjon du høyrer til.