1. Ei veke utan bh: – Det er utruleg deilig å ikkje ha gnagsår
«Du lurer kanskje på kvifor bh-en irriterer meg? No skal du høyre!» Slik startar innlegget til Emilie Hansen som skapte julirekord for Framtida.no.

2. Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune
Også i 2021 har dei nominerte til Årets nynorskkommune vore ei populær sak, og den uhøgtidelege avstemminga fekk tusenvis av stemmer. Årets vinnar kan skryta av at over 70 prosent av ungdommane held på nynorsk.

3. Loke (19) trur norsk døyr ut – og at det ikkje er vits å kjempe mot det
Loke Kjersem Krag har engelsk som hjartespråk, og meiner språket har kome til Noreg for å bli. Denne saka blei den mest lesne i desember.

4. Her er rollelista til nye «Tre nøtter til Askepott»
Thorbjørn Harr, Kristofer Hivju og Jonis Josef er ein del av det stjernespekka ensemblet i den nye Tre nøtter til Askepott-filmen. Saka blei den mest lesne i mars.

5. Amir (31) har vorte spytta på, sett att på busshaldeplassen og fått hat – berre fordi han er funkis
Då dei andre elevane lærte om sex, måtte Amir Hashani gå rundt skulen fem gongar. Då visste han ikkje at det var diskriminering, no tek han kampen mot kvardagsdiskrimineringa gong på gong.

6. «Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser»
Når det stormar som verst angrar Karoline Skarstein (28) på at ho kom ut som trans, skriv ho i dette ærlege innlegget som fekk mange lesarar.

7. Utdanningsdirektoratet tilrår å avlysa eksamen i vår
Breaking news frå Framtida.no i januar som blei sitert i dei fleste store avisene i Noreg. Koronasituasjonen gjorde at Utdanningsdirektoratet meiner det ikkje var tilrådeleg å gjennomføra skiftleg eksamen for vidaregåande og 10. trinn på våren.

8. Ingeborg (24) flyttar inn i bilen: – Kjedeleg å gjere som alle andre
Då Ingeborg Aadland (24) var ferdig med å studere hadde ho ikkje lyst til å ta ein fast jobb. I staden valde ho å teste ut ei alternativ buform.

9. «NYNORSKTALENT»: Arianrhod Engebø (26) har eige musikkprogram på P3
Arianrhod «Arian» Engebø er radioprogramleiar på NRK P3. Å skrive noko anna enn nynorsk er uaktuelt, og i radioen kling førdedialekta, men 26-åringen er òg ein av få som snakkar walisisk.

10. Då eg var 20: Carina Dahl flytta inn i Big Brother-huset i fire månadar
Nesten halve Noreg såg Carina Dahl delta i Stjernekamp på NRK i haust. Kvar kveld ho song i tvruta, så var det nok mange som googla songaren og den tidlegare reality-stjerna – og fleire av dei fekk lesa intervjuet vårt med ho om året ho blei 20 år.

11. Yrket mitt: Norges tøffeste-Isak (26) er fiskar på sjark

12. «NYNORSKTALENT»: Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

13. Då eg var 20: Thomas Felberg brende bilete av Sissel Kyrkjebø på TV

14. Elise (19) vil verta bonde: – Politikarane har misforstått oss

15. Noregs siste reaktorsjef: – Meiningslaust å snakka om kjernekraft i Noreg

16. Amalie (22) på Svalbard: – Byråkratane i Oslo-gryta skjønar ikkje heilt kva som går føre seg her oppe
17. Yrket mitt: Benjamin (30) er psykolog

18. Den norske grisen Gunda kan bli Oscar-stjerne

19. Senterungdomleiaren rasar mot politisk «russelåt» frå Unge Venstre: – Gjer meg provosert og forbanna

20. «NYNORSKTALENT»: Kjartan Lauritzen vart danna for å irritere søskena – no skal han varme opp for Post Malone

I tillegg til desse sakene frå 2021 har me i år fått særleg mange lesarar på desse to eldre sakene våre: Generasjon Z, Boomers, Millennials – kva generasjon høyrer du til? og «12 kule ord du berre finn på nynorsk».
Sjå kva lesarane klikka mest på i 2020!