Mental Helse Ungdom om koronakrisa: – Verste konsekvensen er at folk ikkje orkar å leve

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er rett og slett dritbekymra. Det er alvor. Me som jobbar her mister menneske. Me blir kjende med folk, har lyst til å hjelpe dei, men me kan ikkje hjelpe alle. Me veit kva hjelp dei burde fått, men det tilbodet finst ikkje i dag. Eg trur mange vil få eit sjokk. 

Det svarar Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom, på spørsmål om kor uroa organisasjonen er for unge i og etter koronakrisa.

Ho er opprørt over at dei pyskiske helseutfordringane dei er vitne til ikkje vert tekne på alvor:

– Det er vel få nokon av oss har snakka med i denne perioden, som ikkje har blitt litt påverka av nedstenginga av landet. Det er sjølvsagt overkommeleg for nokre, men krise for andre. At det ikkje blir teke på alvor, er heilt absurd, seier ho på telefon til Framtida.no.

 – Det skjer jo ingenting

Toft meiner det psykiske helsetilbodet var for dårleg allereie før koronakrisa inntraff, men at pandemien har skapt eit endå større behov for å arbeide med dette parallelt med koronahandteringa.

Line Toft i Mental Helse Ungdom. Foto: Mental helse ungdom

Særleg meiner ho pandemien har påverka ungdom og unge vaksne si psykiske helse.

– Me ser at det har gått langt allereie, men om ein ikkje tek tak no så blir det ein kjempejobb etterpå.

– Tek regjeringa mental helse på alvor?

– Kanskje dei gjer noko bak lukka dører som me ikkje veit om. Dei seier dei skal gjere det, men me har ikkje sett noko til det førebels. Me opplever å ikkje bli høyrt. Det skjer jo ingenting. Det må skje no. Ikkje neste haust.

Kritiserer regjeringa

Mental Helse Ungdom er berre ein av fleire aktørar som arbeider med psykisk helse, som kritiserer regjeringa for ikkje å ha meir fokus på psykisk helse i unntakstilstanden landet står i.

Både Helsesista og Psyktærlig etterlyser konkrete tiltak for å sikre den psykiske helsa under pandemitida.

– Me saknar at de tek den norske befolkinga si psykiske helse på alvor, og fokuserer meir på det. For kvart tiltak med innstrammingar rundt korona, må de også presentere tiltak for å ta vare på den psykiske helsa, seier helsesista Tale Maria Krohn Engvik i ein video på Instagram.

Engvik ber regjeringa investere pengar, ressursar og menneske i psykisk helsehjelp, og ikkje berre forvente at dei som slit skal klare seg sjølve.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Helsesista (@helsesista)

Auka press etter koronakrisa

Skjermdump frå Helsesista 05. november 2020.

Mental Helse Ungdom fortel at dei har opplevd eit auka press på tenestene dei tilbyr, etter at landet stengde ned i mars.

Samstundes fekk organisasjonen kutt i dei statlege midlane, og dei mistenker deira eigne kutt og kutt i fleire kommunale tiltak kjem av at pengane vart flytta til å handtera koronakrisa.

 Det følest som at dei er villige til å kasta ei sårbar gruppe framfor bussen, for å redde ei anna. Me seier ikkje at ein ikkje skal prioritere koronasituasjonen, men at det er veldig lite heilskap i det. Ein fiksar liksom eit problem med å skapa eit nytt. 

Ho fortel at dei i organisasjonen var frustrerte allereie i mars, då det ikkje kom ekstra ressursar til psykisk helse. Samstundes hadde dei forståing for at det var ein situasjon ingen var budde på, inkludert regjeringa.

– No har det gått ein lang periode der alle har fått kjenne på korleis dette tærer på psyken. Det var ikkje greit i mars, men det er i alle fall ikkje greit no. No er det ingen unnskuldingar, seier Toft og legg til:

– Me er ganske slitne av å prøve å lappe saman eit tilbod som skulle vore dekt av skattepengane.

I tillegg til å rusta opp i psykiatrien generelt, meiner Toft regjeringa burde ha fått på plass konkrete retningslinjer og ein rettleiar i psykisk helse. Den bør vere tilpassa ulike leiarar i samfunnet som skal lose sine grupper gjennom denne tida: lærarar, barnehagepedagogar, arbeidsgjevarar, mellomleiarar, foreldre og andre.

– Korleis skal dei halde seg til elevar, kollegaar eller barn som slit? Kven skal dei kontakte om det vert vanskeleg? spør ho og påpeiker at om ein har føringar på dette, risikerer ein i mindre grad at individet føler eit ansvar for å ikkje ha gjort nok.

Ser at folk ikkje orkar leve lenger

– Kva er konsekvensane dersom ein ikkje får på plass eit betre psykisk helsetilbod?

– Den verste konsekvensen er at folk ikkje orkar å leve lenger. Det er definitivt den verste konsekvensen, og me ser det skjer. Det er menneske som ikkje har hatt psykiske problem tidlegare, men som seier dei no slit psykisk på grunn av pandemien.

Ho fortel at det er mange som ikkje sleit psykisk før, men som no tek kontakt, og at dei også opplever at det er tyngre tematikk som vert teke opp enn tidlegare.

– Folk er sjukare, og har det endå vanskelegare. Fleire føler på ei håpløyse. Det er mange som saknar nokon å snakka med og no blir det endå verre når ein skal vere saman med endå færre.

Toft påpeikar at det er får likskapar mellom oppveksten til dei som styrer landet i dag, og oppveksten i 2020. Difor meiner ho regjeringa lyt spørje dei unge kva dei treng for å ha det godt.

Helsedepartementet: – Det er god hjelp å få

Helse- og omsorgsdepartementet viser til rettleiaren dei har for psykososial oppfølging ved ulykker, kriser og katastrofer, og seier det ikkje per no blir jobba med ein eigen beredskapsplan eller rettleiar for psykisk helse i samband med koronakrisa.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H). Foto: regjeringen.no

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) skriv i ein e-post til Framtida.no, at ansvaret for å handtere psykiske problem ikkje ligg hjå den enkelte lærar, føresette eller arbeidsgjevar.

– Alle som kjenner på eit behov for helsehjelp bør ta kontakt med helse- og omsorgstenesta. Det er god hjelp å få for dei som slit, om det berre er behov for ein prat, eller om ein har behov for oppfølging og behandling.

– Kva gjer de for å sikra gode psykiske helsetilbod i denne tida?

– Me har gjort fleire ting. Helseministeren var i vår klar på at det var svært viktig at tenestene og tilboda som blei stengde ned eller reduserte skulle opne igjen så fort som mogeleg, på trygge måtar. Fleire tenester har òg etablert gode digitale løysingar under pandemien.

Ho viser til ekstraløyvingar i revidert nasjonalbudsjett for 2020, der vart løyvd pengar til ekstra tiltak for sårbare barn og unge. Vidare fortel Bjerke at Helsedirektoratet har hatt ei kampanje retta mot ungdom for å informere dei om kor dei kan få hjelp.

– Det er viktig for oss å seie at det er god hjelp å få, også i denne vanskelege tida vi er inne i no, skriv ho.

– Me veit for lite om konsekvensane hittil

Statssekretæren avviser også at pengar har blitt flytta frå kommunale tilbod og tilskot til organisasjonar som driv med psykisk helse til fordel for meir somatisk retta arbeid mot Covid-19. Ho påpeiker at det er løyva ekstra pengar til fleire av dei kommunale tiltaka og frivillige organisasjonar.

– Fryktar de konsekvensane for den psykiske folkehelsa?

– Mange har hatt det uvanleg tøft i år på grunn av korona-pandemien, med sosial isolasjon og einsemd, permittering og tap av arbeidsplass. Det er klart dette kan tære på folk si psykiske helse. Me veit for lite om konsekvensane hittil.

Bjerke fortel at regjeringa difor har gitt Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet oppdrag om å oppsummere og analysere kunnskap om seinverknadar av sjukdommen og av dei inngripande tiltaka.

Dette skal munne ut i vurdering om dei faglege råda til helse- og omsorgstenestene bør endrast, og sørgje for at oppdatert kunnskap er tilgjengeleg for befolkninga.

Slit du?

Psyktærlig har laga ei tipsliste med kva ein kan gjere for å roe seg sjølv:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Å være bekymret i utfordrende og nye livssituasjoner er helt vanlig. Noen ganger tar bekymringen og stresset overhånd, og da må det tas grep. Etter nedstengningen av landet i mars fikk nordmenn oppimot en tredobling av angst- og depresjonssymptomer. Mange av oss ble urolig. Hva skjer nå? Hvordan skal dette gå? Skal jeg dø? Slike katastrofetanker er vanlig å ha i blant, men det er viktig å ikke la tankene ta overhånd. Er du en av dem som fikk økt indre uro når landet stengte ned? Å kjenne på mye stress og angst er ubehagelig, men ikke direkte farlig. Det finnes heldigvis mange ting man kan forsøke for å roe seg selv ned. – Pust. Fokuser på pusten din og på å holde tempoet normalt. Kjenn etter at du får pustet godt ned i lungene! – Bekymrer du deg over ting du kan gjøre noe med? Det er problemløsing – gjør noe med det! Er det noe du ikke kan gjøre noe med? Forsøk å tenk at det du ikke har kontroll på er ikke vits å bekymre seg for. – Rydd! Å ha orden kan bidra til at stressnivået senker seg. – Sett av tid til å bekymre deg. «Fra kl 12.10 til 12.25 skal jeg bare tenke på det jeg bekymrer meg for.» Sett gjerne opp en aktivitet du liker etterpå for å løsrive deg frs bekymringene. – Les deg opp på stressmestring og angst! Du finner mye nyttig på nett – alt fra gratis kurs, informasjonshefter og tips. Det er viktig at vi tar vare på oss selv nå. At vi lar oss selv ha det slik vi har det, og bruker de verktøyene vi har for å ivareta psyken vår. Hva hjelper deg med å få ned stressnivået?

Et innlegg delt av Psyktærlig (@psyktaerlig)


Les også skrivekonkurransevinnar: «Kjære ordførar! Hjelp generasjon prestasjon no!»

Sunniva Helene Dahlstrøm (16) etterlyser meir psykisk helse på timeplanen. Illustrasjonsfoto: Victoria Heath, Unsplash.com