Dette betyr statsbudsjettet for deg som er under 25 år
Onsdag la Arbeidarpartiet fram forslaget til statsbudsjett for neste år. Dette er det som kan påverke deg som er under 25 år.
Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Dette er budsjettforslaget til Ap, men dei må få støtte frå MDG, Raudt, Senterpartiet og SV for å få fleirtal i Stortinget og kunne vedta eit budsjett. På område som velferd, sosialpolitikk og arbeidsliv er dei ganske samde, men når det kjem til skatt, olje og klima er det stor usemje. Denne oppsummeringa er basert på Ap sitt budsjettforslag, og ting kan endre seg før eit endeleg budsjettvedtak skjer like før jul.
Skattelotteri for unge
I valkampen lanserte finansminister Jens Stoltenberg forslaget om eit «lotteri» som vil gi skattefrådrag til 100 000 tilfeldig valde personar mellom 20 og 35 år. Frådraget er på opp mot 125 000 kroner, og kan i praksis bety at dei heldige utvalde får inntil 27 500 kroner lågare skatt i året.
I forslaget til statsbudsjettet kom det fram at dei som tener over 345 000 kroner, vil få eit lågare frådrag. Dei med høgare inntekt enn 657 500 kroner vil ikkje få noko frådrag.
Ordninga skal vare i inntil fem år. Målet er å undersøke om eit skatteinsentiv kan auke deltakinga i arbeidslivet blant unge.
Foto: Dylan Nolte/Unsplash
Litt meir i studielån
Regjeringa foreslår å justere satsane for lån og stipend i Lånekassen med 2,1 prosent frå studieåret 2026–2027.
Auken i studielånet utgjer mindre enn 320 kroner i månaden, ifølge Norsk studentorganisasjon (NSO). NSO-leiar Sigve Næss Røtvold meiner utviklinga i studielånet er utruleg skuffande.
Regjeringa vil også sette ned eit utval som skal vurdere hovudtrekka i ordninga med studielån og stipend. Utvalet skal legge fram nye anbefalingar i 2027.
Foto: Joshua Hoehne/Unsplash
Gratis fastlege for 16- og 17-åringar
Regjeringa vil bruke 30 millionar kroner på å gi gratis legevakt og fastlege til 16- og 17-åringar.
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at han vil unngå at ungdommar lèt vere å oppsøke helsehjelp på grunn av økonomi.
– Det er viktig at ungdom oppsøker lege tidleg når symptom oppstår, slik at dei raskt kan få hjelp og starte på eventuell behandling, seier han i ei pressemelding.
Foto: Fotos/Unsplash
Kjempar mot ungdomskriminalitet
Regjeringa vil auke innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet. Dei aukar mellom anna studieopptaket i kriminalomsorga, og aukar kapasiteten i ungdomsfengsla.
Regjeringa vil gi 45 millionar kroner til å utvide ordninga med hurtigspor for unge lovbrytarar. Hurtigsporet inneber mellom anna at forbrytarar får raske, følbare og individuelt tilpassa straffer, og at førebyggande arbeid trer i kraft tidleg. Ti kommunar skal no tilby éin-til-éin-oppfølging av unge gjengangarkriminelle.
Foto: Hajran Pambudi/Unsplash
Ingen endringar i BSU eller frikort
Regjeringa vil halde på dagens BSU-ordning. Unge kan spare inntil 27 500 kroner i året og få skattefrådrag på 10 prosent.
Frikortgrensa for skattefri inntekt blir verande på 100 000 kroner.
Foto: Andre Taissin/Unsplash
Satsing på psykologi og yrkesfag
Regjeringa vil opprette nye studieplassar og satsingar på fleire norske universitet.
På NTNU vert det oppretta eit maritimt forskingssenter for kunstig intelligens, for 100 millionar kroner over fem år.
Det skal opprettast 900 nye studieplassar for fagskulestudentar i 2026, til ein prislapp på 68 millionar kroner. Regjeringa vil særleg prioritere tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er viktige for det grøne skiftet, i tillegg til kompetanse som er naudsynt for forsvar og sivil beredskap.
Foto: Universitetet i Stavanger / Morten Berentsen
Fleire unge i arbeid
Regjeringa vil auke pengebruken på arbeidsmarknadstiltak. Mellom anna vil dei bruke 172 millionar kroner på eit forsøk på å få fleire ungdom i arbeid. Pengane skal gå til Nav, som skal hjelpe unge som slit med å få seg jobb.
Denne hjelpa skal ikkje vere knytt til nokon diagnose, slik mange arbeidsmarknadstiltak er i dag.
Samstundes vil regjeringa bruke 125 millionar kroner på å rekruttere til helse- og omsorgssektoren. Dette skal vere særleg retta mot unge som ikkje er i arbeid eller utdanning.
Foto: Eric Prouzet/Unsplash
Mindre distriktssponsing
I fjorårets budsjettforslag innførte den dåverande Ap- og Senterparti-regjeringa ei ny ordning for å slette studiegjeld til folk som flytta til distriktskommunar.
Ordninga skulle frå 2026 innebere at alle som bur i ein av dei 189 minst sentrale kommunane i Noreg, ville få sletta studiegjelda si med 25 000 kroner i året. Ei liknande ordning finst allereie i Troms og Finnmark.
I det ferske budsjettforslaget har Ap derimot endra på gjeldssletteordninga. Dei har redusert ordninga til å gjelde færre kommunar – no 88 kommunar. Det er dei minst sentrale kommunane med størst problem med mangel på kompetent arbeidskraft som er aktuelle.
Regjeringa vil også avgrense perioden ein kan få sletta studielånet til tre år. Dei meiner ordninga vil verte meir treffsikker og i større grad rettast mot folk i etableringsfasen.
Denne endringa er blant punkta i statsbudsjettforslaget som har fått Senterpartiet til å steile.
Askvoll er ein av kommunane der tilflyttarar framleis vil få sletta studiegjeld. | Foto: Egil Husabø
Paraplyorganisasjonane Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og LNU får også auka driftstilskot, ifølge LNU.
Jakob Øvensen Aanderaa er leiar i LNU. | Foto: Elise Knutsen, LNU
Betre psykisk helsehjelp
Regjeringa gir 140 millionar kroner meir til psykisk helsehjelp.
Mellom anna skal ein bygge opp eit lågterskeltilbod innanfor psykisk helse og rus gjennom ei tilskotsordning.
Regjeringa vil også bygge opp omreisande helseteam knytt til barnevernsinstitusjonane.
Fleire skal få tilgang på digital helsehjelp. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier i ei pressemelding at digitale tilbod som eBehandling har ein dokumentert effekt mot angst og depresjon, og at det er stort potensial for at fleire kan ta det i bruk.
– Det er mange fordelar. Behandlinga kan starte raskt, ein treng ikkje ta fri frå skule eller jobb for å reise til behandling, eller bruke tid på å reise til og frå. Det kan også korte ned ventetidene, seier han.
Foto: Kelly Sikkema/Unsplash
Vil beskytte born mot ulovleg reklame
Regjeringa vil styrke Forbrukartilsynet med 15 millionar kroner for å utvikle og ta i bruk digitale tilsynsverktøy for å beskytte born betre mot ulovleg reklame på nett.
– Marknadsføring overfor born skal ikkje bidra til kroppspress, spele på sosial usikkerheit eller oppmode til farleg åtferd, seier barne- og familieminister Lene Vågslid i ei pressemelding.
Barne- og familieminister Lene Vågslid | Foto: Astrid Waller
Kjempar mot desinformasjon på nett
Regjeringa vil bruke 37,5 millionar kroner på å løfte ytringsfridommen og kjempe mot desinformasjon. Dette gjer dei mellom anna gjennom Tenk – senter for kjeldemedvit, styrking av Medietilsynet og oppstart av eit forskingssenter som skal forske på det offentlege ordskiftet og følge med på ytringsfridom, polarisering og desinformasjon i Noreg.
Regjeringa vil også auke støtta til Senter for undersøkande journalistikk, Landslaget for lokalaviser og Institutt for journalistikk med 4,5 millionar kroner.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.