«Kjære ordførar! Hjelp generasjon prestasjon no!»

Sunniva Helene Dahlstrøm
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag slit fleire norske ungdommar enn nokon gong med utfordringar knytt til psykisk helse. Dette påverkar skulegangen vår.

Vi som er unge veit at dette er eit faktisk problem, men det er vanskeleg å gjere noko med det åleine. Opplegg for undervising om psykisk helse burde vere obligatorisk i læreplanane i skulen!

Førebilete redigerer kroppsfasongane

Ifølgje psykologen Tillmann Von Soest blir ungdom utsett for meir press i dag enn nokon gong. Ein skal ha dei rette kleda og dei beste karakterane, og viss ikkje, blir du ikkje alltid akseptert. Dette er ikkje tilstrekkeleg for alle norske elevar, og dimed aukar presset.

Sosiale medium har også stor påverknad mellom oss unge.

Store førebilete redigerer kroppsfasongane sine utan å seie i frå om dette. Vi som lesarar klarer ikkje skilje dette frå verkelegheita, og dimed trur vi at kroppane deira er kva som er ønskeleg.

Skulen burde fortelje og oppdatere elevane om dette – det burde vere pensum!

Burde ikkje dette vere på læreplanen kvar veke?

Kvart år har vi noko som heiter Verdsdagen for psykisk helse og organisasjonen bak dette har laga eit opplegg for ei skuletime, relatert til nettopp psykisk helse.

Opplegga er delt på forskjellege trinn og eitt av måla for 1-4 trinn er «Kva kan vi gjere i barnehage/klasse for å vere snille og gode mot oss sjølv og med kvarandre». Dette er eit mål for ein dag innan eit heilt år, burde ikkje dette vere på læreplanen kvar veke?

Eg veit at du som ordførar ikkje har moglegheit til å endre læreplanen, men det er likevel mykje du kan gjera!

Ein må dusje hjernen for negative tankar

Du kan gje ei oppfordring til skulene om å arbeide med psykisk helse, og du kan jobbe for at det blir diskutert på statleg nivå.

Å jobbe med psykisk helse blir litt som å dusje for å halde seg rein, ein må dusje hjernen for negative tankar.

Det blir vanskeleg dusje vekk alle negative tankar viss det ikkje er nok vatn, når du plutseleg skal dusje som sekstenåring. Derfor må psykisk helse inn på læreplanen allereie  frå tidleg grunnskule, ein må førebyggje.

Framtidsangst

Sosiologen Guro Ødegård fortel at forventningar om å lukkast seinare i arbeidslivet set eit enormt fokus og press på unge.

Ei undersøking frå NOVA i 2017 om psykisk helse som omfattar heile landet, viser til ein stor auke i angst blant unge.

Folkehelseinstituttet fortel at det har vore store endringar i talet på antidepressiva. Mellom ungdomar i alderen 15-19 år hadde det auka med heile 48 prosent frå 2008-2017.

Er ikkje dette veldig urovekkjande? For kva skjer i aldersspennet 15-19 år? Vi veks opp til å bli unge vaksne som vert kasta ut i den ekte verda. Psykisk helse må inn på skulens agenda i dei tidlege åra!

Alle har ei psykisk helse

Dagens skule er ikkje bra nok, vi treng nytt fokus i læreplanen.

Alle elevar skal bli høyrde, ein skal vite at alle har ei psykisk helse, og psykisk helse er viktig. Norske elevar må lære frå tidleg alder korleis ein skal kome gjennom vanskelege periodar, og korleis ein kan hjelpe kvarandre, før det er for seint.

Generasjon prestasjon treng hjelp.

Kjære ordførar, forandringar trengst no.