1 av 5 unge har slutta å gå ut av huset som følgje av pandemien

Dei under 30 år held seg mest heime under koronapandemien. Kvar tredje person i aldersgruppa melder om einsemd.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronapandemien har gjort kvardagen tung for mange. Ei Opinion-undersøking viser at kvar tiande nordmann i all hovudsak har slutta å gå ut av huset.

– Det seier seg sjølv at det er ei påkjenning å isolerast over lang tid. Og ser vi koronaperioden under eitt, er det dei yngste som i størst grad ikkje går ut av huset, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Personar under 30 år utgjer størsteparten av dei som har slutta å forlate huset. Sidan pandemien byrja opplyser i snitt 20 prosent av denne aldersgruppa at dei har slutta å gå ut av huset. Det er klart høgare enn for andre aldersgrupper. Prosentdelen var 11 denne veka.

Einsemd blant unge

I september sa 23 prosent av befolkninga at dei føler seg einsame. Einsemda var på sitt høgaste i mai (27 prosent) og lågast i juli (20 prosent), men har vist ein svak auke etter sommaren.

Einsemd rammar i størst grad dei yngste. Kvar tredje person under 30 år føler seg einsam som følgje av pandemien.

– Gjennom heile pandemien er det den yngre delen av befolkninga som i størst grad opplever kvardagen som psykisk belastande. Unntaket var sommarferien, men no byrjar dei igjen å toppe statistikken, seier Clausen.

generasjon korona Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerødholm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerø-Holm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida. Foto: Svein Olav B. Langåker

Psykisk belastande

Så langt i september opplyser 24 prosent at dei opplever noverande livssituasjon og kvardag som psykisk belastande som følgje av endringar i kvardagsrutinar knytt til pandemien.

Delen er 6 prosentpoeng lågare enn toppunktet i mars, men ein oppgang på 2 prosentpoeng frå botnpunktet i juli.

Opinion spurde 32.000 nordmenn om korleis dei vurderer den psykiske helsa si og livssituasjon etter koronautbrotet.

Les også: Oda (21) sat heime og venta på koronasvar – fekk ikkje digital undervisning

NTNU-student Oda Mo Eikefet (21) fryktar at manglande digital undervisning kan få konsekvensar for studentar i risikogruppene. Foto: Privat