Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12. mars 2020 er ein dag for historiebøkene. Dagen byrja som vanleg for dei fleste av oss, men enda med ei historisk stenging av heile landet. Alle avtalar og timar – avlyste. Alle kontor og arbeidsplassar – stengde.

Også terapiromma.

Tilbake sat pasientar og psykologar utan ein måte å treffast på. 

Det er likevel ikkje sånn at ingen har fått psykisk hjelp og terapi dei siste to månadane. Men veldig mange har fått det på ein annleis måte.

Koronakrisa og stenginga av Noreg har nemleg opna for ein heilt ny måte å drive terapi på. No møtest dei på videochat i staden.

Marna Korstadhagen (28) har vore inn og ut av psykiatrien sidan ho var 12 år, men har aldri prøvd videoterapi før koronakrisa. Foto: Privat.

Pionerarbeid innan psykisk helse

– Det var berre telefonterapi i starten. Behandlaren min ringde meg på telefon 1-2 gonger i veka, og så kom videogreiene. 

Marna Korstadhagen (28) har lang erfaring frå det psykiatriske helsetilbodet i landet, men hadde aldri hatt time på videochat før koronakrisa.

Ho gjekk i både traumeterapi, individualterapi og grupperterapi før krisa sette inn. Då landet stengde vart traumeterapien sett på vent, og gruppeterapien vart utsett på ubestemt tid.  

Under koronakrisa har Korstadhagen fått halda fram med den indiviuelle terapien og etter kvart kom også eit gruppeterapi-tilbod på plass. Det ho har vore med på er pionerarbeid innafor psykisk helse.

Trass tekniske utfordringar meiner 28-åringen at videoterapi er «hundre gongar betre enn ingenting» og ser føre seg at fleire kan dra nytte av tilbodet.

– Kanskje det i framtida kan bli ei kjempegod løysing for pasientar som har det veldig vanskeleg og nokre dagar ikkje greier å gå ut døra, til dømes. Om ein i dei tilfella kan ha videoterapi i staden, kan det nok fungera som ein kjempefin plan B. 

Meir ansvar for eigen terapitime

På same måte som anna møteverksemd via videochat er det nokre utfordringar med terapi via video.

– Ein mistar kroppsspråk-tolkinga, det er lettare for å avbryta kvarandre og det gir ikkje den same flyten. Det er litt mykje komplikasjonar med videoterapien, og eg blir veldig sjølvbevisst på korleis eg ser ut og liknande på video, forklarar Korstadhagen.

28-åringen meiner individualterapien har fungert ganske godt, sjølv om ein mistar litt av den naturlege flyten som oppstår når ein sit saman i same rom.

– Eg føler det ikkje er like lett å bli forstått og at ein må vera endå flinkare til å velga ord.

Ho trur difor det er lurt for pasientar som skal i videoterapi å førebu seg ekstra til timane, og gjerne skrive ned tankar og spørsmål før timane. 

– Å ta litt meir ansvar for kva som blir tatt opp sjølv. Det gjeld nok endå meir med terapi på denne måten, der det er vanskeleg å plukke opp småting. Samtalane blir meir hakka opp, mindre flyt, ein kan ikkje lese rommet. Det er eit personleg aspekt ved terapi som går på kva ein føler frå motparten, og den flyten er vekke, seier Korstadhagen og legg til:

– Eg trur det kan vera lettare å ubevisst skjule ting og la vere å ta noko opp i videoterapi, og vanskelegare for terapeuten å plukke det opp.

Gruppeterapichat

Korstadhagen meiner ho sjølv kunne klart seg med vanleg telefonsamtalar med sin terapeut fordi ho kjenner vedkomande så godt, men i gruppeterapi er videochat ein klar fordel.

– Det å kunne sjå ansikta på alle er fint. Det er også mange av dei som har behov for gruppetime, som kanskje har det endå meir no når ein sit isolert. 

Men også på gruppeterapitimane fører videochaten til utfordringar:

– Det blir fort til at ikkje alle får like stor plass. Det er mange som har falle ut løpet og mange seier ikkje så mykje på grunn av tekniske problem. Det er litt trist. 

Lene Guttulsrud, psykologspesialist på helsestasjon for kjønn og seksualitet i Oslo. Foto: Privat

– Har fått eit heilt nytt syn på videoterapi

Psykologspesialist Lene Guttulsrud jobbar som psykologspesialist på helsestasjon for kjønn og seksualitet i Oslo.

Ho fortel at mange kvir seg for videoterapi og at dei difor har opplevd mykje fråfall i samband med koronakrisa, men at dei som har sagt ja til tilbodet stort sett er nøgde.

– Eg har fått eit heilt nytt syn på videoterapi etter denne tida, og det har funka utruleg bra, seier Guttulsrud og legg til:

– Eg var ganske skeptisk til det og tenkte at online-terapi ikkje er «ordentleg» terapi. Men no vart me tvinga til å hive oss rundt for å halda det gåande. Og eg har blitt skikkeleg positivt overraska!

Ho forsikrar om at dei brukar eit program som skal vera kryptert, i tillegg til at ein har god kvalitet på både lyd og bilete.

Ho presiserer likevel at heller ikkje ho synest det er like bra som å sitje i same rom.

– Det er jo ikkje heilt perfekt. Det er kanskje småting ein går glipp av som ansiktsuttrykk og små nonverbale ting som er lettare å sjå når ein er i same rom. Men 90 prosent like bra. Det går i alle fall fint an å ha online-terapi, har eg skjønt no. 

Opnar for nye moglegheiter

For psykologspesialisten har den nye arbeidskvardagen kutta ein del reisetid, og gjort at ho har kunna utvida opningstidene og kan vera meir fleksibel på tidspunkt.

Ho meiner koronakrisa har ført til at ein har fått prøvd videoterapi skikkeleg i stor skala og sett kven det passar godt for.

– Å ha videochat kan verke tryggande og er mindre intenst enn å sitte i same rom. Det kan kanskje virka tryggare for dei som slit med å sjå folk i augo og har sosial angst til dømes. Ein kan på ein måte gøyme seg bak skjermen. Det trur eg nok har vore ein fordel. 

Samstundes ser ho også at det fort kan fungere som ei sovepute om ein ikkje er medviten.

– Ein skal jo helst øve seg på å kome seg ut om ein slit med det, men det er ikkje alltid ein får til å øve og det kan vera godt med ein pause, og likevel få ein terapitime.

Frisør, men ikkje terapi

Korstadhagen er inne i eit pakkeforløp, eit nasjonalt standardisert pasientforløp, der ein får eit visst tal timar og behandling basert på diagnosar og kven ein er. Framover veit ho lite om kva som skjer, men om kort tid har ho sin siste terapitime truleg også via video.

Det er nesten litt frekt at ein kan gå og klippe håret, men ikkje få ordentleg psykisk hjelp

28-åringen kjenner sjølv folk som skulle ha starta i terapi, men som ikkje har fått tilbod om verken telefon- eller videoterapi. Ho er ikkje i tvil om at koronakrisa har ført til eit større behov for hjelp og er kritisk til at terapien vert avbroten midt i denne situasjonen.

– Eg synest det er ganske idiotisk at eg no kan gå til frisøren og gå på restaurant, men eg kan ikkje gå og sjå terapeuten min. Heile tida har me også kunna gå på Narvesen for å kjøpe pølse. Det er så mykje dei opnar for no. Det er nesten litt frekt at ein kan gå og klippe håret, men ikkje få ordentleg psykisk hjelp. 

Sjølv før koronakrisa har ho alltid halde dei anbefalte avstandane på 1-2 meter til terapeuten sin, noko ho meiner syner at terapi andlet til andlet framleis burde vere mogleg å gjennomføre for dei som treng det mest.

Ho håpar krisa har gjort at det er lettare å snakka om at ein har det vanskeleg.

– Eg har sett at folk generelt har mykje lettare for å spør korleis det står til psykisk. No er det kanskje meir opning for å seie at det ikkje har det så bra, fordi alle har det litt vanskeleg. Det er ein trend eg håpar kan halda fram.

– Folk trekk seg veldig, veldig ofte, seier Tomine Bauge (19), om reaksjonane ho får på at far hennar er død. Foto: Andrea Nøttveit