Japansk student starta chatteteneste mot sjølvmord: – Dette gjev meg verkeleg håp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan mars har over 500 personar meldt seg til å bidra frivillig for chattetenesta «Anata no Ibasho», som betyr «Ein stad for deg».

– Dette gjev meg verkeleg håp. Dei seier til meg at dei berre måtte gjere noko, seier Koki Ozora til nyheitsbyrået AP.

Læraren som såg eleven

21-åringen som til vanleg studerer ved Keio University har sett opp ei chatteteneste der japanarar som er deprimerte eller einsame kan vende seg.

Til no har chattetenesta fått over 15.000 meldingar, omlag 130 til dagen.

Meldingstenester er oppe 24 timar i døgeret og tek òg i mot førespurnadar frå japanarar utanlands.

Og Ozora veit sjølv kor viktig det er å bli sett og høyrd. Til AP fortel 21-åringen at det var ein lærar la merke til at han aldri lo.

– Utan han hadde eg ikkje eingong vore her i dag. Det var eit mirakel at eg møtte han, seier Ozora.

Studenten Koki Ozora (21) har starta chattetenesta Anata no Ibasho, som betyr «Ein stad for deg», for å hjelpa personar som treng nokon å snakka med. Foto: AP Photo/Hiro Komae

Ei løysing innan 40 minutt

Ozora fortel at dei fleste førespurnadane dei får dreier seg om sjølvmord, men mange handlar òg om desperasjon knytt til å oppdra barn der foreldre i somme tilfelle fryktar dei vil skade borna sine.

Chattetenesta skal lytte og hjelpe til å kome fram til ei løysing innan 40 minutt, noko som inkluderer å ta kontakt med herberge eller politiet.

Japan har i ei årrekkje slite med høge sjølvmordstal, men har sett i verk mange tiltak. 2019 kunne difor landet visa til dei lågaste sjølvmordstala sidan registreringa byrja i 1978.

Sjølvmordstal i Japan i perioden 2010-2019:

Illustrasjon: Statista

Auka innsats mot sjølvmord

I det dystre toppåret 2003 mista 34.427 japanarar livet i sjølvmord.

I 2006 fekk landet ei ny anti-sjølvmordslov, som vart revidert i 2016. Denne inneber mellom anna at lokale styresmakter må leggje planar for korleis dei skal få ned sjølvmordstala.

Sidan 2009 har tala gått jamt nedover og 2019 var det 20.169 japanarar som gjorde sjølvmord, men japanske styresmakter er ekstra uroa for dei høge tala blant unge.

I ein artikkel frå Japan Times kan ein lesa at landet er det einaste blant G7-landa der sjølvmord er den vanlegaste dødsårsaka i aldersgruppa 15-34.

Færre sjølvmord under lockdown

Under koronapandemien opplevde Japan eit ytterlegare fall i sjølvmordstala, ifølgje The Guardian. 

I april i år var det 20 prosent færre som gjorde sjølvmord, samanlikna med april i fjor.

Tidlegare leiar for Japanese Federation of Inochi-no-Denwa, som er ein paraplyorganisasjon for ulike sjølvmordsførebyggjande organisasjonar peikar på at færre tenkjer på sjølvmord under ein nasjonal krise.

– Skule utgjer eit press for nokre unge personar, men i april var det ikkje noko slikt press. Heime med familiane sine føler dei seg trygge, sa Yukio Saito til avisa.

Fram til juni i år var det 10 prosent færre sjølvmord i Japan enn i 2019. Men den positive tendensen skulle ikkje vara. I juli var sjølvmordstala i Japan på same nivå som i fjor og i august var tala 15 prosent høgare enn same månad i fjor, ifølgje Deutsche Welle.

Arbeidsløyse og skulepress

I august var det ei dramatisk auke i kvinner som gjorde sjølvmord. Heile 59 prosent fleire enn same månad i fjor. Det kan ha samanheng med høgare arbeidsløyse, som særleg råkar dei i mellombelse stillingar og deltidsjobbar.

– Denne typen jobbar var dei første som vart kutta under pandemien, seier Masaharu Maeda, som er helseekspert ved Universitetet i Fukushima til Deutsche Welle.

Fleirparten av kvinnene var i alderen 20 til 40 år, som wrestler og realitystjerne Hana Kimura (22) og skodespelarane Sei Ashina (36) og Yuko Takeuchi (40).

Også i aldersgruppa under 18 år opplevde landet ei dobling i sjølvmord i august. Ekspertar ser tala i samanheng med skuleopninga og at det kan vera ekstra press på å ta att det tapte.

– Me har høyrt om barn så unge som fem år snakka om å døy eller at dei vil forsvinna, seier Hiroyuki Nishino, sjef for hjelpeorganisasjonen Tamariba, ifølgje DW til Bloomberg.

– Det er jo eit sakn. Eg har minner med han og vil gjerne behalda dei så lenge eg kan, seier Eirik Hernes om broren Morten, som har heidersplass heime i stova i Odda.