Sosiale medium påverkar ikkje dei fleste unge negativt

Forskar i samfunnspsykologi tvilar på at strengare aldersgrenser er riktig medisin for dei som treng det.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det er mange positive sider med sosiale medium som ofte forsvinn litt i debatten, seier Amanda Iselin Olesen Andersen på telefon til Framtida.no.

Ho disputerte nyleg med doktorgradsavhandlinga «Methodological Challenges in Researching the Impact of Social Media Use on Adolescent Mental Health».

Forskinga ser på samanhengen mellom sosiale medium og psykisk helse, og har kome fram til at sosiale medium er meir enn berre skjermtid. Det viste deg nemleg at dei som rapporterte fleire psykiske helseplager opplevde meir negativ sosial samanlikning på sosiale medium, medan dei med høg livskvalitet oftare opplevde positiv merksemd på sosiale medium.

Foto: Iselin Gudding/UiB

Komplisert bilete

– Eg skal vera ærleg å seia at eg tenkte at sosiale medium er mest negativt for psykisk helse. Eg tenkte at det ikkje er så komplisert, som eg i ettertid har skjønt at det er, forklarar forskaren om tankane ho gjorde seg i forkant.

Ho har mellom anna undersøkt ulike opplevingar av stress, som sosial samanlikning og FOMO (fear of missing out) i ulike aldersgrupper, og vart overraska over funna.

– Det var nokre faktorar som hang saman med stressopplevinga, men dei aller fleste ungdommane opplevde ikkje sosiale medium som stressande, forklarar Andersen.

Ho fann òg at FOMO var knytt til press hjå ungdommar, men at det ikkje hang saman med dårlegare psykisk helse for studentar.

– Den største misforståinga er det at veldig mange trur at sosiale medium er veldig dårleg for veldig mange. Det stemmer jo at det er nokre risikofaktorar for nokon. Det er det kjempeviktig at me tek tak i, men for snittet så har det ikkje så veldig stor påverknad på den psykiske helsa.

Forskaren peikar på nokre har positivt utbytte av sosiale medium og nokre har negativt, og at dei to på sett og vis nullar kvarandre litt ut.

– Difor er det vanskeleg å tenkja seg at ein skal finna ei løysing som passar for alle.

Unge får med seg nyheiter i sosiale medium. Illustrasjonsfoto: Mathea Kulbotten

Enormt engasjement

Forskinga kjem kort tid etter regjeringa sin høyringsfrist for forslaget om å innføra ei absolutt aldersgrense på 15 år på sosiale medium. Høyringa har skapt enormt engasjement, og har fått over 8000 svar frå alt frå fagfolk og organisasjonar, til privatpersonar.

Sentralt ungdomsråd i Oslo vil gå enno lenger og innføra 16 års aldersgrense.

Barne- og ungdomsorganisasjonen Press – Redd Barna Ungdom var på si side tidleg ute og kalla det eit «forferdeleg forslag» som går ut over ytringsfridom, barn og unges rett til å delta i samfunnet og moglegheitene deira til innhenting av informasjon.

– Så mykje, ikkje berre det sosiale livet, er i sosiale medium. Det er også der regjeringa når deg, der avisene er mest tydeleg til stades og der det er den lågaste terskelen for å ytre seg i ein debatt. Å fjerne det opp til 15 år synest vi er synd, sa leiar i Press, Marius Sjølyst, til Framtida.no då forslaget kom i fjor.

Marius Sjølyst er leiar i Press - Redd Barna Ungdom. | Foto: Press

– Me må sjølvsagt beskytta dei unge, men eg veit ikkje om aldersgrenser løysar det, seier forskar Andersen.

– Det er jo litt rart å tenkja seg ein automatisk vert utrusta til å navigera på sosiale medium når ein når ein viss alder. Det er kanskje noko ein må få inn litt før med digital kompetanse, kommenterer Andersen.

Fryktdebatt

Forskaren meiner at mykje av debatten rundt sosiale medium er påverka av frykt for nye medium og håpar meir data kan bidra til eit meir løysingsorientert fokus.

– Eg skjønar jo at det er meint for å beskytta unge, men eg har litt vanskeleg for å tru at det er den rette løysinga.

Andersen peikar på at sosiale medium er mykje forskjellig. Skal ein til dømes ha same aldersgrenser for YouTube som Instagram?

Ho peikar på fleire positive effektar ved sosiale medium, som ein kanskje tek litt for gitt.

– Det er ein viktig sosial arena for mange av dei unge. Det er der dei opprettheld kontakten med familie og vener. Det er kanskje der ein får seg nye vener om dei ikkje har det nettverket frå før.

Det kan òg vera ein plattform der unge får støtte, kan utforska identiteten sin kreativt og få tilgang på informasjon.

Framtida.no spurde ungdomsskuleelevar om kva dei synest om Instagram sine nye retningslinjer for brukarar under 18 år, var dei kritiske.

– Det spørst veldig om det hindrar deg i å sjå på det du likar, sa Thea Nesse (15).

Thea Nesse går i 10. klasse på Tranevågen ungdomsskule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Sjølv om vaksne kanskje har betre føresetnadar for å vurdera risikoen, meiner forskar Andersen det er viktig å lytta til dei det gjeld.

– Me må hugsa dei unges stemmer i dette. Korleis deira faktiske oppleving er og kva dei tenkjer.

Inn i skulen

– Skjønar du dei som er redde for at ungar vert forsøkskaninar?

– Ja, det gjer eg jo. Eg skjønar at ein òg tenkjer litt føre var og at det er fornuftig, svarar forskaren.

Forskaren meiner likevel det er ei betre løysing å rusta elevane gjennom opplæringa.

– Skulen kan vera ein god arena for å læra opp og støtta dei unge og rusta dei for eit betre vaksenliv. Eg tenkjer jo at foreldre òg har eit ansvar her, men eg trur at mykje av det digitale passar inn i det som skal lærast på skulen.

Som motargument mot strengare aldersgrenser viser ho til at unge kan omgå reglane og enda opp på plattformer med enno mindre kontroll og større innverknad enn det me ser i dag.

Plattformansvar

Ho meiner ei løysing er å stille plattformene til ansvar for at dei faktisk er alderstilpassa.

– Så vidt eg har skjønt er ikkje aldersgrensene sett utifrå modenskap og ungdommane si utvikling. Det er i utgangspunktet for å handtera å samla inn data, seier Andersen.

Instagram har nyleg teke grep for å verna tenåringar opp til 18 år mot skadeleg innhald. Ungdomsskuleelevar Framtida.no snakka med opplevde å sjå lite skadeleg innhald og var lunkne til dei nye retningslinjene

– Eg tenker at det sikkert er ting på Instagram som kan påverka ungdommar. Men eg synest ikkje at det påverkar meg, sa Leon Stokke (15) til Framtida.no.

Andersen meiner at plattformene burde verta ansvarleggjort slik at forskinga ikkje kjem i etterkant, men at dei sjølv forska på konsekvensane av nye funksjonar som likarklikk, algoritmar og liknande, før implementering.

– Slik at dei på ein måte må bevisa at det er trygt, før dei legg det til. Den type tilnærming, trur eg er meir fornuftig.