Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Verdsdagen for psykisk helse vert markert kvart år den 10. oktober. Målet er å auka openheita og medvitet om psykisk helse.
Tanken er at dersom ein bryt tabuet kring psykiske utfordringar så vert det enklare å dele tankane sine med andre, og både gi og få støtte. Det kan styrke den psykiske helsa hjå den enkelte, samt skapa eit rausare samfunn for alle.
Aksel Inge Sinding er psykolog og jobbar i Institutt for Psykologisk Rådgivning (IPRO) i Oslo.
Her er hans råd for å vera ein god ven mot deg sjølv og andre:
1: Lytt til kjenslene dine. Dei er der, heile tida, også når du ikkje veit det. Når kjenslene dine blir sterke og vonde, er det eit teikn på at noko viktig for deg er på gang.
2: Kjenslene seier noko om behov. Alle kjensler handlar nemleg om emosjonelle behov. Frykt treng tryggleik. Tristheit treng trøst. Sinne treng å setje grenser. Skam treng bekrefting.
3: Møt deg sjølv med omsorg. Mange bagatelliserer og kritiserer seg sjølv og sine kjensler når dei har det vondt. Prøv å møte deg selv med omsorg, som du ville gjort med ein ven. Prøv å tillate kjenslene å vera der, å forstå dei og å menneskeleggjere korleis du reagerer.
4: Vis sårbarheit. Om du ikkje viser sårbarheit, risikerer du å ikkje få behova dine møtt. Dei fleste likar når andre visar dei sårbarheit, men vi synest det er vanskeleg sjølv.
5: Skap trygge rom. Fortell og vis til andre at dei kan koma til deg, om det er noko vanskeleg dei kjenner på, og ver der med dei – sjølv om kjensler kan vera skummelt.
6: Møt andre med empati. Når du møter nokon som føler på noko vondt, er di oppgåve først og fremst å forstå og vere der på ein aksepterande måte, ikkje å prøve å få bort smerta deira så fort som mogleg.
7: Føl – på godt og vondt. Både gode og vonde kjensler er ein naturleg del av livet og må anerkjennast for at vi skal kunne leve eit godt liv.
Arne Holte er professor i helsepsykologi ved Universitetet i Oslo. Slik definerer han god psykisk helse: evna til å regulera kjensler, tenka fornuftig, styra åtferda si og å klara å styra den sosiale omgangen med andre.
Han meiner at dei sju psykiske helserettane, er dei viktigaste kjeldene til god psykisk helse.
1: Identitet og sjølvrespekt: kjensla av å vera noko og vera verdt noko.
2: Meininga i livet: kjensla av å vera del av noko større enn ein sjølv og at det er nokon som treng deg.
3: Meistring: kjensla av at ein dug til noko og har noko ein får til.
4: Tilhøyrsle: kjensla av å høyre heima ein stad eller å høyra til nokon.
5: Tryggleik: kunne føle, tenke og utfalde seg utan å vere redd.
6: Deltaking og involvering: kjensla av at det speler ei rolla kva ein gjer eller ikkje gjer.
7: Fellesskap: nokon å dela tankar og kjensler med. Å ha nokon som kjenner ein, som bryr seg om ein og vil passe på ein når det trengst.
Vegar til dei sju helserettane
Professor Holte har ikkje berre funne kva som er kjeldene til god psykisk helse – altså dei sju helserettane – men har også tromma saman nokon gode råd for å oppnå desse:
Knytt band: Knytt band med menneska omkring deg. Med familie, vener, kollegaar og naboar. Heime, på jobb, på skulen, i nærmiljøet. Tenk på desse banda som hjørnesteinane i livet ditt og invester tid og omtanke i å utvikle dei. Sosiale band gir støtte, hygge og glede og berikar kvar einaste dag.
Ver aktiv: Gå ut. Ta ein tur i hagen, i parken eller i skogen. Finn fram skia, joggeskoa, ryggsekken, eller sykkelen. Ta ut båten. Spel eit spel. Dans. Trening gir gode kjensler, men viktigare er det å finne ein fysisk aktivitet som du har glede av og som passar din form og uthald.
Ver merksam: Ver tilstades. Ver nysgjerrig. Legg merke til noko vakkert. Ta notis av det uvanlege. Sjå korleis årstidene skiftar, kjenn korleis vinden ruskar i håret. Lytt. Ver i augneblinken – anten du er ute på tur, et middag, eller pratar med vener. Ver merksam på verda omkring deg og på kva du føler her og no.
Fortsett å lære: Prøv noe nytt. Gjenoppdag ein gamal hobby eller interesse. Meld deg på eit kurs. Ta på deg ei ny oppgåve i klubben, på jobben, i nærmiljøet eller heime. Reparer ein sykkel. Oppdag ein ny forfattar eller ein ny musikksjanger. Prøv ei ny oppskrift eller lær å spele eit instrument. Sett deg eit mål som du vil ha glede av å oppnå. Å lære nye ting gir ei kjensle av mestring, men kan også vere morosamt i seg sjølv.
Gi: Gjer noko hyggeleg for ein ven eller ein framand. Vis nokon takksemd. Smil. Bidra med tida og iveren din. Gi ei hjelpande hand. Glede smittar. Å sjå korleis du sjølv og di glede heng saman med andre si glede er viktig, gir større glede og skapar fellesskap.
Kort fortalt – videoressurs
Vil du framleis læra meir? Kort fortalt er ein animasjonsserie som består av korte sjølvhjelpsfilmar om psykisk helse og livsmeistring. I løpet av hausten kjem det til å kome 50 videoar, og allereie no kan ein sjå snuttar som Korleis få betre sjølvbilete? og Kva er psykisk helse?
Frå 2020 inngår faget Livsmeistring i dei nye læreplanane, og NRK Skole, TV Inter, Blå Kors, Mental helse og Høgskolen i Innlandet har gått saman for å laga denne serien som også skal brukast i undervisinga:
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.