Over halvparten av studentane kjenner seg isolerte på grunn av korona
Koronasituasjonen har prega kvardagen som student negativt, og over halvparten av studentane kjenner seg isolerte, viser undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ei spørjeundersøking blant studentmedlemmene i Teknas studentorganisasjon, svarte over halvparten av studentane at dei har følt seg isolerte den siste tida, skriv NRK.
- Les også: Studentane fekk ein tøff koronavår
Saknar familie og venner
Nesten halvparten meiner òg at koronautbrotet har gjort det vanskeleg å henge med på studiet. Over 40 prosent svarer at dei saknar familie og venner.
Rebekka Lie er leiar av Teknas studentorganisasjon. Ho fortel til NRK at det er fleire faktorar som speler inn.
Studentane har vore nøydde til å halde seg på hybelen. Det har vore få sosiale arrangement, og skolen har vorte erstatta med digitale plattformer.
– Den psykiske helsa blir forverra av å halde seg så mykje inne og ikkje vere sosial. I verste fall kan psykiske plager gå utover studia og medføre fråfall. Så dette er eit samfunnsproblem og noko ein må ta på alvor, seier Lie.