logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Illustrasjonsfoto: Stefan Spassov/Unsplash

Unge er ekstra einsame i pandemitida

Kvar fjerde nordmann er einsam, viser ei undersøking av Opinion i oktober. Men for dei under 30 er talet høgare. Her svarer nesten halvparten at dei er einsame.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 22.10.2020 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på personar som føler seg einsame i befolkninga generelt, har auka med 3 prosent sidan september, og 6 prosent sidan juli, viser undersøkinga.

– Opplevinga av einsemd har auka i haust, og er no omtrent på same nivå som dei høgaste målingane i byrjinga av pandemien. Dei yngre slit meir enn før, seier seniorrådgivar i Opinion, Nora Clausen.

Talet på nordmenn som saknar meir kontakt med andre er no på rekordhøgt nivå.

  • Les også: 1 av 5 unge har slutta å gå ut av huset som følgje av pandemien

Nora Clausen. Foto: Opinion

6 av 10 vil ha meir kontakt

Så mykje som seks av ti seier i oktober òg at dei ønskjer meir kontakt med andre menneske. Dette er 9 prosent meir enn i september.

Men også her er talet høgare for dei under 30, der 70 prosent seier at dei saknar kontakt med andre.

– VI saknar kvarandre meir enn nokon gong. Pandemien, tiltak og ei mørkare årstid slit på svært mange, meiner Clausen.

  • Les også: Tenåringsjenter søkte Helsedirektoratet om å få feira bursdagen sin med klassen

Helsedirektoratet stikk hol på bursdagdraumen til tenåringsjentene frå Stord, og viser til at reglane for smittevern ikkje gir unntak. Foto: Adi Goldstein, Unsplash

  • SAMFUNN
  • Einsemd
  • Korona
  • psykisk helse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

FHI: Fleire tok sitt eige liv i fjor

Ungdomsskulen sleit med slåstkampar og rus – slik jobba Abigael og Thobias for å betre miljøet

Einsemdspartiet er godkjent som landsdekkjande parti

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT