Auke for Røde Kors’ telefonteneste for unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange unge tell ned til datoane som er sett for opning av skulane, og det er nok fleire som gruar seg til å halde ut dei neste to veken, fortel Nelli Kongshaug, leiar for Kors på Halsen, i ei pressemelding.

Tenesta, som har namnet Kors på Halsen, er gratis, anonym og for dei under 18 år.

Sjølvmordstankar og sjølvskading

Temaa som går att når barn og unge tek kontakt, er sjølvmordstankar, sjølvskading, relasjon til føresette, vener og å føle seg trist og nedstemd, opplyser Røde Kors.

– Når ein legg på koronasituasjonen på toppen av andre vanskelege tankar, så kan det bli ekstra tungt å handtere, seier Kongshaug.

Også samtalar om koronapandemi

Av dei over 650 samtalane som har vorte svara på av Kors på Halsen sine frivillige i påska, handlar 24 av dei konkret om koronapandemien.

– Ungdom er stort sett opptekne av det dei bryr seg om elles, men det er klart at koronasituasjonen kan forverre ein allereie vanskeleg heimesituasjon, seier Kongshaug.

Fleire fortel at dei saknar den gamle kvardagen sin og ikkje minst å vere fysisk saman med venene sine, ifølgje Røde Kors.

– Mange tykkjer nok det er lenge å vente til skulane opnar att, seier Nelli Kongshaug.