Desse sakene hugsar me best frå 2018

Framtida
Publisert
Oppdatert 27.02.2019 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pride over heile landet

Andre helga i mai vart tidenes første Bygdepride arrangert i Ørsta og Volda. Minst 2000 gjekk i paraden i Volda for å støtta like rettar for alle og for å feira kjærleiken og eit fargerikt kjønnsmangfald.

Pionerane imponerte statsministeren, fekk likestillingspris og inspirerte oppstart av Pride-tog fleire stader i Noreg. På heimstaden min, Stord, møtte fleire tusen opp på Storapride i september. Sjå videoen under!

Svein Olav Langåker

Mora til dei to gen-redigerte jentene fekk prøverørsbehandling. Foto: Colourbox

Verdas første genredigerte menneske

Kinesiske forskarar kryssa ei historisk, vitskapleg og etisk grense då dei i slutten på november kunne melda at verdas første genredigerte menneske er fødde.

– Det er særleg interessant og skremmande at jaget etter å koma først går framfor barns beste, seier direktør i Bioteknologirådet, Ole Johan Borge.

I ettertid har det kinesiske vitskapsdepartementet beordra ein stopp for eksperimenta med genredigerte menneske.

Svein Olav Langåker

Tinder-eksperimentet: «Kva tid grein du sist?»

Den saka som utan tvil har teke mest energi og nattesøvn i 2018 er eksperimentet der eg spurte menn på Tinder det enkle, men akk så store spørsmålet: «Kva tid grein du sist?»

Eg fekk utruleg mykje støtte i redaksjonen då eg spurte kva dei syntest om ideen, men kunne ikkje heilt fri meg frå tanken om at det var galskap. Lite visste eg om at svara skulle vere så fantastisk fine og allsidige.

Ideen var at dette enkle spørsmålet kanskje kunne seia noko om korleis det er å vera mann anno 2018. Eg er ikkje sikker på om eg fann svaret, men syntest verkeleg eg fekk gull av dei fantastisk modige mennene som våga å dela.

Andrea Rygg Nøttveit

Skeiv på Sørlandet

Som halvt sørlending har eg lenge skjegla sørover og lurt på kvifor landsdelen stadig kjem dårleg ut på faktorar knytt til likestilling. Heldigvis ser det ut til at Agder-fylka har teke innover seg dei tradisjonelle kjønnsnormene og kva det har å seie for personar innafor LHBTQI-spekteret.

– Det er eit slags moralistisk verdigrunnlag som ligg tungt over Sørlandet, som eg trur mange av oss ikkje vil vedkjenna seg, seier Kaisa Hansen (26), som driv podcasten Vaya Con Vulva saman med Mirjam Storm (32).

Som ei av dei frittalande damene i podcasten «Vaya Con Vulva» sa:

– Det er fleire bedehus enn 7-eleven i Kristiansand og dei er med å byggje opp under heteronormen og kjernefamilien som det einaste alternativet.

Andrea Rygg Nøttveit

– Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Når desember tok til kunne Svalbard notere åtte samanhengande år med temperatur godt over normalen. Rundt om på Spitsbergen kan ein sjå følgjene av global oppvarming.

Klimaforskaren Kim Holmén fortel om fjordar som ikkje lenger frys på vinteren, isbrear som smeltar, og at snøen forsvinn tidlegare.

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal

Han vert likevel ikkje motlaus av å sjå klimaendringane frå kontorvindauget sitt i Longyearbyen:

– Eg vegrar meg for, og vender meg mot håpløysa. Vi må vere optimistar, det finst ikkje noko anna alternativ. Vi må lukkast for det handlar om såpass store saker som liv og fred på jorda.

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal

Snapchat fungerer godt både for å halde kontakte og utveksle erfaringar for unge bønder.

Frå skulebenken til mjølkegrava

Tidlegare i haust lanserte Mental Helse Ungdom eit prosjekt som skulle setje søkelyset på den psykiske helsa til unge bønder her til lands. For heile 1 av 5 av dei er einsame og fleire er uroa over gjeldsbyrda som følgjer med ein gard.

Odelsguten Steffen Fjellestad frå Gloppen fortalde at både han sjølv og dei fleste unge bøndene han kjente hadde det greitt, dei driv jo med det dei likar best, men at dei hadde visste ting dei følte på:

– Her er ei melding frå ein som tok over barndomsgarden no i vår, og har drive åleine nokre månadar. Han seier at det er fort for at fôrleverandøren, veterinæren og tankbilsjåføren vert den einaste omgangskrinsen din.

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal

Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame

– Da vi leverte forslaget, trudde eg aldri vi skulle få gjennomslag for nokon ting, sa stortingsrepresentant Freddy Øvstegård (SV), da han kom ut frå Stortinget 29. mai, etter at vedtaket mot retusjert reklame var gjort.

Han vart tatt imot av jublande partileiarar frå ungdomspartia og Press.

Leiarane i Press, Raud Ungdom, AuF, SU og Grøn ungdom er alle under paraplyen Ungdom mot retusjert reklame. Her er dei samla framfor Stortinget når vedtaket mot retusjert reklame blir gjort. Foto: Beate Haugtrø

Tidlegare same månad fremma han saman med Solfrid Lerbekk og Nicholas Wilkinson (SV) eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien for familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Der ba dei om iverksetting av ei nasjonal handlingsplan mot kroppspress.

Det er lett å sjå at ungdom mot retusjert reklame har lang erfaring i å samarbeide om saka. Foto: Beate Haugtrø

No fekk dei fleirtal for påbod om merking av reklame som retusjerer kroppsfasongen til modellane, og for å endre marknadsføringslova for å motarbeide kroppspress mot barn og unge.

Det vart òg vedteke at regjeringa skal utgreie innstramming av kommersiell marknadsføring av kosmetisk kirurgi, særleg reklame som bidreg til usunne kroppsideal og som når barn og unge.

Ungdom mot retusjert reklame hadde lenge kjempa mot retusjert reklame.

Dette var ein dag som verkeleg viste at det er viktig at ungdommen bryr seg. Forslaget starta nemleg med eit forslag på ungdommens bystyre i 2016.

Beate Haugtrø

Kvart ord i songen gav plutseleg meining

Song og kva songen gjer med oss menneska, både helsemessig og sosialt, er eitt av temaa vi har fordjupa oss i i Framtida.no i haust. Dette er òg eit tema som eg sjølv er opptatt av, fordi eg opplever song som veldig viktig.

Lege og behandlar Audun Myskja fortalte oss at song og rørsle er like viktig som kosthald og trening. Kvifor blir songen da tatt bort frå skole og arbeidsplassar?, er det difor fleire som spør seg.

I samanheng med at vi hadde song som tema, utlyste vi òg ein skrivekonkurranse der vi oppfordra ungdommar til å skrive om kva song betyr for dei. Det var Diba Ainechi ved Hersleb vidaregåande skole som vann konkurransen vår.

Diba Ainechi er vinnar av Framtida.no sin skrivekonknkurranse om song. Foto: Beate Haugtrø

I vinnarteksten sin skriv ho om songen Håper du har plass av Cezinando. I teksten skildrar ho korleis kvart ord i songen plutseleg gav meining.

– Det var merkeleg at ein song kunne treffe så presist på det eg følte akkurat der og da. Alt frå stemma hans, orda han sa, korleis songen bygde seg opp. Alt passa med korleis eg følte meg og kva eg trengte å høyre, forklarte Ainechi da Framtida.no intervjua henne etter at ho vann.

Beate Haugtrø

Har du følgt med på nyhende i 2018? Test deg sjølv i nyhendequizen vår for 2018!

Godt nytt år frå Framtida.no-redaksjonen!