Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– To vakre kinesiske jenter, Lulu og Nana, kom grinande til verda akkurat som ein kvar annan baby for nokre veker sidan. Jentene er no heime hos mora Grace og faren Mark, fortel forskaren He Jiankui i ein youtube-video.

Han jobbar ved Southern University of Science and Technology i Shenzhen.

Mora til jentene skal ha blitt befrukta med prøverørsbehandling, og forskarane nytta CRISPR-teknologi til å endra genene til embryoa slik at jentene skal vera motstandsdyktige mot HIV resten av livet.

Stort steg framover

Åsmund H. Eikenes har skrive om mogleg redigering av menneskelege gener i dei populærvitskapelege bøkene Handboka og SPRUT. No skal dei første gen-redigerte menneska vera fødde. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

– Dersom det stemmer at dei første genredigerte babyane er fødde, så er det eit stort steg framover. Tenk om dette betyr at foreldre som elles ikkje kan få friske barn, no kan bruka den nye teknologien til å sikra barna sine eit godt liv utan store lidingar, seier Åsmund H. Eikenes til Framtida.no.

Han er forfattar og forskingsformidlar med doktorgrad i cellebiologi, og tidlegare forskingsjournalist i Framtida.no.

– Gjennombrotet dyttar både forskingsfeltet og etikken inn i eit ukjent territorium. Det er mykje vi ikkje veit, mellom anna kva risiko dei nyfødde jentene vert utsette for i framtida, seier Eikenes.

LES OGSÅ: Noreg – eit sorteringssamfunn?

– Skrekkblanda fryd

– Eg reagerer med skrekkblanda fryd. Særleg sidan nyhenda ikkje har følgje av dokumentasjon utover ein YouTube-video.

Eikenes er skuffa over at eit slikt gjennombrot ikkje skjer på ein open og ryddigare måte.

– Då mistar fagfeltet sjansen til å vurdere datagrunnlaget og til å evaluera forskingsresultata slik dei vanlegvis gjer.

LES OGSÅ: Lagar sperm på labben

Utfordrar grenser

Ny genteknologi gjer det lettare enn før å redigera genene til alle levande vesen. Men dette utfordrar både lovverket for genteknologi og sjølve forståinga av kva eit menneske er.

For knapt to år sidan la det amerikanske National Academy of Sciences (NAS) fram ein rapport om genmodifisering av menneske. NAS tilrår at det skal bli lovleg å utføra genetiske endringar i menneskelege kjønnsceller og embryo.

Men samstundes åtvarar mange forskarar mot konsekvensane av slike endringar på lang sikt.

Ole Johan Borge er direktør for Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Bioteknologirådet: – Skremmande

– Det er særleg interessant og skremmande at jaget etter å koma først går framfor barns beste, seier direktør i Bioteknologirådet, Ole Johan Borge.

Han trur det tar lengre tid før fleire land opnar for slik gen-redigering av menneske, sjølv om fleire miljø har tatt til orde for at det kan vera etisk akseptabelt.

– Viss det blir opna for dette ein gong, så vil det vera naturleg å starta med det som vil hindra utvikling av alvorleg sjukdom for dei som kan vera disponerte for det. I dette tilfellet her, er reseptoren som er fjerna på grensa til å vera ein forbetringseigenskap. Det finst andre måtar å unngå HIV på enn å endra på arvestoffet vårt. Dei fleste er einige om at ein ikkje bør endra på genene for å forbetra eigenskapane våre.

LES OGSÅ: Det skjer ein revolusjon på labben – genteknologi for alle

 

Fakta: CRISPR

CRISPR-teknologien baserer seg på to delar: eit enzym som kuttar i DNAet, og ein guide som fortel kvar enzymet skal utføre kuttet. Saman utgjer dei ein enkel, billig og svært effektiv måte å kutta DNA i levande celler.