Tinder: «Kva tid grein du sist?»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.09.2018 17:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein tysdag ettermiddag gjekk det ut 210 identiske meldingar til 210 menn på datingappen Tinder.

Målet var at eit lite, men stort, spørsmål kunne seia noko om korleis det er å vera mann i 2018.

Kjeldetilfang og metode

Meldinga som gjekk ut til 210 menn på datingappen. 49 personar svarte på spørsmålet.

Meldinga som gjekk ut til 210 menn på datingappen. 49 personar svarte på spørsmålet.

Eg komponerte ei melding som, så kort som mogleg, oppsummerte min agenda. Meldinga (som du kan lesa til høgre) gjekk ut til alle dei 210 nordiskspråklege mennene som eg hadde matcha med, men ikkje hatt nokon dialog med på plattformen.

Ei openberr feilkjelde er at utvalet på ingen måte kan seiast å vere ein representativ del av den norske, mannlege befolkninga. Det er rett og slett menn i alderen 26-36 år, som eg har sveipa til høgre på fordi dei såg fine, morosame eller hyggelege ut. Dei fleste av matchane er henta inn i Oslo eller på Vestlandet og har ein interessant fellesnemnar: Dei likar Dangfart Tønnesen på Facebook.

Les også: Møt Dangfart Tønnesen!

Ein anna ting som bør takast med i berekninga er at utvalet er gjort frå Tinder, som impliserer at dei ikkje er i noko fast forhold, men kanskje er på jakt etter ein relasjon.

Prosessen

Meldinga gjekk ut tysdag etter jobb. Fingrane var skjelvne av all tastinga og den gnagande tvilen over kva eg hadde begitt meg ut på. Eg var òg usikker på om Tinder kom til å blokkere meg på grunn av spamming, men tenkte fordomsfullt at det garantert er mange andre som sender ut kopiar i hundrevis.

Og svara tikka inn med det same.

Nokon tulla openbert og svara til dømes «jeg griner nå», nokon ville ha seg fråbedt å bli kontakta for dette føremålet på Tinder (forståeleg nok), nokon var nyfikne på prosjektet og overraskande mange svarte ope og ærleg på spørsmålet.

Eg er verkeleg audmjuk og takksam for alle dei gode svara som kom inn.

Svarprosenten, som etter tre dagar låg på 23 prosent, må seiast å vere langt over forventa. I denne svarprosenten har eg rekna inn alle som faktisk har svart på spørsmålet.

På grunn av utval og metode er det vanskeleg å dra nokre kvantitativt ut av svara, men kvaliteten skal det ikkje stå på.

Så her er eit utval av svara som kom inn:

Det første eg lærte var at det er svært mange flotte, single menn på Tinder, som nokon burde teke tak i for lenge sida.

Mange syntes å sette pris på eit spørsmål med litt meir substans på den overflatiske sjekkeappen.

Fleire fortalte at dei ikkje hadde grine «skikkeleg» på fleire år, og nokre reflekterte vidare over grunnen.

Fleire var nyfikne på prosjektet og spurte vidare om metode og datagrunnlag. Kan dette verkeleg seie noko om det å vere mann anno 2018, med mindre eg har 2000 matchar å intervjue?

Overraskande mange hadde eit godt og konkret svar på akkurat når dei sist felte tårer. Detaljnivået kunne variera frå årstal, til årstid, til konkrete datoar.

Og dei som trur at norske menn anno 2018 ikkje eig kjensler, må tru om att.

Nokre omtalte seg som «lettrørte» og fortalte at dei får klump i halsen og til og med kan felle tårer av dokumentarar og tv-seriar. Og når det kjem til bryllaup er det fleire som må kjempe for å ikkje fylle kanalane.

Og der kjem me til den største feilkjelda i denne «forskingsrapporten», at utvalet er teke frå Tinder, der det sjølvsagt finst mange kjærleikshungrige menneskjer.

Trøysta får vere at mange gret når det verkeleg gjeld, ved samlivsbrot, sjukdom og død.

Og all respekt til alle dei som våga å fortelje om livets berg og dalbanar til ein vilt framand journalist.

Konklusjonen på prosjektet må vere at norske menn gret, dei gjer det kanskje ikkje så ofte eller synleg. Men overraskande mange er opne for å snakka om kjensler og dei tøffe tinga i livet. Så kanskje burde me vere flinkare å spørje?