I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

– Eg hugsar at læraren sa at snart kjem de til å bli tiltrekt av gutar, så sat eg der og var forelska i Marte, seier Kaisa Hansen (26), som dei siste åra har definert seg som panfil.

Ho er den eine halvdelen av podcastduoen Vaya Con Vulva, som i sommar fekk «Homofrydprisen» av Fri Sør og Skeiv Ungdom Sør. Prisen fekk dei for å setja søkelys på seksuell orientering, kjønn, livssyn og livssituasjon på ein fri, skamlaus og humoristisk måte.

– Me smører tjukt på med vilje. Det er eigentleg for å senka skuldrene til mange flinke piker og gutar som prøver å oppnå eit liv som er heilt surrealistisk og sci-fi, forklarar Hansen.

For Vaya Con Vulva er det viktig å snakka om psykisk helse og psykisk uhelse, for å normalisere dette meir – spesielt på Sørlandet. Og særleg med den skeive delen av befolkninga i tankane.

Les også: – Ein må vere streit for å sei at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det

– Når du først er utanfor fellesskapet, så er du så veldig utanfor, seier Kaisa Hansen, som brenn for psykisk helse blant unge på Sørlandet.

«Hvordan har du det egentlig?»

I levekårsundersøkingar for personar innanfor LHBTQI-miljøet har Sørlandet ofte peika seg negativt ut. Difor tok kommunane Arendal og Kristiansand, saman med både Aust- og Vest-Agder fylkeskommune, initiativ til ei omfattande levekårsundersundersøking i Agder-fylka.

1325 personar har svart på spørjeundersøkinga «Hvordan har du det egentlig?» på nett.

Éin av tre lesbiske kvinner, homofile og bifile menn rapporterer om psykiske helseplager.

Blant transpersonar fortel halvparten at dei slit med psykiske helseplager, mange er einsame og kun eit mindretal er opne med fastlegen om sin kjønnsidentitet.

På bakgrunn av 685 av desse svara og 14 djupneintervju har forskarane frå Østlandsforskning og Likestillingssenteret på Hamar kome fram til nokre konkrete råd til kommunane og fylkeskommunane.

Blant desse er mellom anna betre seksualundervisning, synlegheit og betre kunnskap blant helsepersonell.

Les også: Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag?

Ap-politikar Kai Steffen Østensen (24) meiner dei som ikkje er bekymra for LHBTQI-sine levekår på Sørlandet ikkje har forstått tala.

Den homofile politikaren

Arbeidarpartipolitikar Kai Steffen Østensen (24) hadde aldri tenkt at han skulle vere «den homofile politikaren», men så har det kome sak etter sak som har vore viktig for han å kjempa for.

Sist er levekåra for skeive på Sørlandet, som han og partikollega Fredrik Jensen løfta i ein interpellasjon i fylkestinget i slutten av oktober.

– Me fekk nokre svar frå fylkesordføraren om at han ynskjer å følgja opp det med Rosa kompetanse, som eg meiner kanskje er hovudbiten når det kjem til å forstå levekårsutfordringane. Og så fekk me nokre signal om at seksualitetsundervisning er noko dei ynskjer å jobba med, seier Østensen.

Sist, men ikkje minst, har han løfta sjølvmordsførebygging. Der ville ikkje fylkestinget igangsetje noko planarbeid endå, i påvente av ei ny levekårssatsing for den nye fylkeskommunen Agder 2020.

Les også: Regnbogeordlista anno 2018

– Jævla homo er ein klassikar, som eg har fått mange gongar, seier Kai Steffen Østensen. Som offentleg politikar får han ofte negative merksemd knytt til legning når han ytrar seg i media. Denne kommentaren kom frå ein meiningsmotstandar i abortspørsmålet.

Blodraude tal

– Er du uroa for skeive sine levekår i Agder?

– Om ein svarer nei på det så trur eg ikkje ein har forstått dei tala som er komne fram i levekårsundersøkinga. For dei er ganske blodraude. Når eg seier blodraude så er det i dobbel betydning – ein ting er at dei er raude, ein anna ting er at dei fører til døden hos ei veldig stor gruppe av eit mindretal, seier Østensen.

– Eg er bekymra både fordi eg er ein del av miljøet sjølv og fordi eg som folkevalt har eit ansvar for å leggja til rette for at folk får leva gode liv.

I levekårsundersøkinga har Østensen bite seg merke i to ting. Det eine er det han omtalar som «dei vanvittige tala» for transpersonar: At 7 av 10 har tenkt på å ta sitt eige liv, medan 3 av 10 har prøvd.

28 år gamle Lilith Christine Nepstad Staalesen frå Vennesla er ikkje overraska over dei dystre tala for transpersonar.

Transtryggleik

For kring eitt år sidan starta Lilith Christine Nepstad Staalesen, som er busett i Vennesla og engasjert i FRI Sør, eit nettverk for transpersonar på Sørlandet. Ho er ikkje overraska over at mange transpersonar fortel om dårleg psykisk helse og einsemd.

28-åringen fortel at det å vere skeiv på Sørlandet er mykje bra, men òg mykje trist.

– Spesielt på bygdene er det vanskeleg. Om du gjer noko som skil seg ut, så risikerer du å vere ute. Når du er ute så er du åleine og er du åleine, så har du mindre tryggleik, forklarar ho.

«Tryggleik» er eit nøkkelord for 28-åringen, som den siste tida har figurert i media fordi ho har trekt sin tidlegare arbeidsgjevar for retten etter at ho vart oppsagd fordi ho sel sex.

Ho fryktar at det å stå fram som skeiv kan vere øydeleggjande for arbeidsmoglegheiter på bygda, men ser ei positiv utvikling der det er meir populært å stå opp for skeive rettar.

Les innlegget frå Luca Dalen Espseth: – Snakk med oss, ikkje om oss!

Å stå fram dagleg

Men 28-åringen er særleg uroa for transpersonar under 18 år, som er avhengige av foreldra si støtte og kanskje ikkje får dette.

– Eg våga ikkje å vere open før eg flytta for meg sjølv og hadde ei stabil inntekt og jobb, samt ein eigen stad der eg kunne vere trygg. Eit stabilt liv der eg visste eg kunne klare meg sjølv.

For Staalesen var det å koma ut for sjefen i daglegvareforretninga ho jobba i noko av det skumlaste ho har gjort.

– Eg visste ikkje om sjefen kom til å finna på å seie at det at du er transperson og kler deg i kvinneklede vil vere så ubehageleg for mange av kundane våre at me kan ikkje ha deg her.

Det skjedde heldigvis ikkje og Staalesen håpar hennar historie kan vere med å trygge dei som framleis ikkje vågar å stå fram med sin kjønnsidentitet.

– Det er ein skummel ting å stå fram som homofil og det er ein skummel ting å stå fram som trans. Men når du står fram som homofil står du fram for dei som er i rommet der og då. Når du står fram som trans og byrjar å vere open om det, så står du på ein måte fram til alle heile tida, påpeikar ho.

Lilith Christine Nepstad Staalesen går ikkje mykje på byen. Ho møter stort sett folk som aksepterer ho og bryr seg ikkje om kommentarar frå framande.

FRI utvikling

Òg leiar i FRI Sør, Anna Charlotte Larsen, fortel at den dystre sjølvmordsstatistikken traff hardt.

– Kvifor kjem Agder-fylka så dårleg ut på desse levekårsundersundersøkingane?

– Det er lett å berre peika på bibelbeltet. Men eigentleg er det knytt til likestilling. Så er spørsmålet samhandlinga mellom graden av religion og likestilling, seier Larsen.

Ho peikar på at regionen framleis har store meinigheiter som ikkje praktiserer likestilling mellom kjønna når det kjem til mellom anna sjefsstillingar.

Men Larsen ser positive tendensar, der store aktørar som fylkeskommunane og kommunane tek LHBTQI-spørsmål på alvor gjennom gode samarbeidsprosjekt.

Ho er oppteken av korleis det offentlege kan møta ulike kjønnsidentitetar og legningar og rosar Kristiansand kommune for enkle, men viktige tiltak som kjønnsnøytrale toalett.

Vidare er ho oppteken av openheit og kunnskap i institusjonar som barnehage og helsestasjon, og kan fortelje at fylkesmannen skal kursa barnehagetilsette om tematikken.

– Det skal seiast at dei fleste i Agder har familie og nære som er glad i dei, slik at dei stolt kan vere seg sjølv. Så håpar eg me har leiarar som ikkje let religiøse leiarar eller andre få lov å la skeive få eit stempel som B-menneske, understrekar Larsen.

Les også: Kristen og homo. Hatar gud alle homofile?

Kjærleik er kjærleik, slår dette verket frå ein undergang i Kristiansand fast.

Religionen og sjømenn

– Det er vanskeleg å seie at religion ikkje speler ei rolle, men eg trur ikkje eg vil seie at religion er heile utfordringa, seier Ap-politikar Kai Steffen Østensen

24-åringen er sjølv kristen og sit som yngste representant for Open Folkekirke i Bispedømmerådet for Agder og Telemark.

Østensen peikar på samanhengen mellom LHBTQI-levekår, kjønnsnormer og likestilling, som tradisjonelt sett er dårlegare på Sørlandet enn resten av landet.

Han peikar vidare på at vestre del av Agder er mindre likestilt enn austre del, der Kristiansand ligg og høgkompetansearbeidsplassane er fleire.

– Det er noko med det at me har veldig definerte kjønnsnormer, som gjer at det som har vore annleis ikkje har vore så lett, seier Østensen.

Les også: Fire ting eg har lært av å lesa 12 bøker om homoar

Mangla førebilete

Kjem du til Sørlandet som homofil mann og byrjar å date vil du ganske sikkert bli overraska over det høge talet lukka profilar på datingappar som til dømes Grindr.

– Me har ikkje hatt dei rollemodellane som har klart å stå fram, fordi dei har ikkje hatt støttespelarane, seier Østensen.

Men det er ei mykje mindre synleg gruppe som melder om dårlege levekår, nemleg bifile kvinner.

– Me har nok møtt oss sjølv i døra – i alle fall har eg det – når eg les tala og forstår at her er det ikkje skeive homofile menn, som er mest utsett, seier Østensen.

Han meiner både storsamfunnet og det skeive miljøet må ta ansvar og sikre seg kompetanse på dei ulike seksualitetane som òg mennesker i Agder har.

– Det er sjølvsagt menn som seier dette, forklarar Kaisa Hansen. Ho meiner presset utanfrå kan vere ein av grunnane til at gjerdet kan opplevast høgt i LHBTQI-miljøet i sør.

Fleire bedehus enn 7-eleven

Kaisa Hansen, som definerer seg som panfil og somme tider brukar det meir innarbeidde omgrepet bifil, er ikkje overraska over at bifile kvinner kjem dårleg ut i levekårsundersøkinga.

– På Sørlandet – spesielt i Kristiansand – så er mi oppfatning at heteronormativiteten og kjernefamilien står så urokkeleg dødssterkt på grunn av at det er veldig mange religiøse miljøer her nede, seier Hansen.

– Det er fleire bedehus enn 7-eleven i Kristiansand og dei er med å byggje opp under heteronormen og kjernefamilien som det einaste alternativet.

26-åringen meiner dette gjer homomiljøa sterkare, men òg meir isolert med høgare gjerder.

– Då er det litt enten eller. Men når ein er bifil eller panfil så passar ein ikkje 100 prosent inn i den heteronorma. Ein får aldri heilt innpass der og så får ein heller ikkje heilt innpass i homomiljøet. Det er litt sånn: «Du må bestemme deg for kva du vil».

Mirjam Storm (32) definerer seg ikkje som skeiv, men heller ikkje «100 prosent heterofil». For ho er det viktig at borna hennar veks opp i eit samfunn der dei får vere seg sjølv.

Religionskritikk

Damene i Vaya Con Vulva er uttalt kritiske til religion, men opplever begge at dei i sin kritikk sparkar oppover i samfunnet.

Medan Kaisa Hansen kjem frå ein heim som har vore oppteken av LHBTQI-spørsmål, har makker Mirjam Storm (32) ein litt annan bakgrunn.

Ho har eit brennande engasjement for skeive sine rettar som mellom anna kjem av at ho har ein homofil og ein bifil bror, som i tillegg til ho sjølv har brote ut av Smiths vener.

Storm fortel at storebroren flytta frå heimbyen Kristiansand fordi han opplevde staden som avgrensande og at han framleis synest det er vanskeleg når han kjem på besøk.

– Samstundes har jo han vakse opp i ein veldig lukka kristen meinigheit. Når du har vakse opp i eit så innskrenkande miljø så kjennest alt utanfor som fridom, seier Storm.

 

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE