Pionerane bak Bygdepride vitja statsministeren

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pionerane bak Bygdepride vitja statsministeren

– Det er stort at arrangementet vårt har blitt lagt merke til og det er ei ære å bli invitert, seier Frislid.

Saman med medarrangør og styreleiar for Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid, deltok han på ei mottaking i regi av regjeringa i Oslo onsdag ettermiddag.

Anbjørn Steinholm Frislid var ein av medarrangørane av Bygdepride i Volda tidlegare i vår. Foto: Ørsta/Volda Pride

Under arrangementet i statsministerbustaden heldt Solberg ein tale der ho spesielt trekte fram gjengen bak Bygdepride og jobben dei har gjort.

– Det var heilt enormt, sa ein overvelda Sæbønes etter mottakinga.

Les også: Skeive funksjonshemma med eigen flåte i prideparaden

Mykje positiv respons

Det er ikkje berre statsministeren som har vore positiv til jobben Sæbønes, Frislid og dei fire andre i  bygdepridestyret har gjort for skeive på bygda. I etterkant av Bygdepride har tilskiparane fått nesten utelukkande positiv respons på arrangementet.

– 99,9 prosent av tilbakemeldingane har vore gode. Det har vore heilt fantastisk. I lokalsamfunnet i Ørsta og Volda har folk vore svært positive. Folk kjem og klappar oss på skuldra. Dei er glade for at vi viste at Ørsta og Volda er eit inkluderande lokalsamfunn, fortel Sæbønes.

Les også: Fantastisk å bli heia gjennom gatene

Statsminister Erna Solberg saman med grunnleggjaren av Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid (t.v) og Rune Sæbønes. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Byrja på bar bakke

Det var Sæbønes og Frislid som kom med ideen om å arrangere det første Bygdepride-arrangementet i verda.

– Vi byrja heilt på bar bakke. Vi visste ikkje heilt kva vi styrte med og det var eigentleg berre ein morosam tanke som vi møttest for å prate om. Så laga vi eit facebook-side der vi oppmoda folk om å kome på eit skipingsmøte. Der møtte det opp nok folk til at vi fekk laga eit styre, fortel Steinholm Frislid.

Bent Høye og Linda Hofstad Helleland ynskjer velkomen til mottaking i statsministerbustaden i samband med Oslo Pride onsdag.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Vi måtte faktisk òg seie nei til nokon som ville vere med fordi det ikkje var plass til fleire arrangement, legg Sæbønes til.

Les også: Det er 25 år sidan vi starta vegen mot ei full likestilling av homofile sine rettar

Bygda for alle

– Kvifor er det viktig med eit eige pride-arrangement på bygda?

– Ferske undersøkingar viser at 10 prosent av den mannlege befolkninga grøssar når dei blir fortalt om homofilt samliv. Det viser at det framleis er ein veg å gå, seier Sæbønes.

– Eg trur det er viktig med slike arrangement over heile landet, seier Frislid.

Les også: Størst av alt er kjærleiken

Ny Bygdepride neste år

Etter den overveldande suksessen i år kjem det etter alt sannsyn til å bli skipa til festival også neste år.

– Det blir mest sannsynleg ny Bygdepride 10. til 12. mai neste år, seier Sæbønes.

– Kan de seie noko om programmet?

– Det meste er hemmeleg førebels. Men vi kan seie såpass at vi har bede nokre artistar om å halde av dei aktuelle dagane, seier Sæbønes og smiler lurt.

Statsminister Erna Solberg og statsrådane Bent Høye og Linda Hofstad Helleland heldt mottaking i statsministerbustaden i samband med Oslo Pride onsdag.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Les også: Presenterer skei nynorsk-historie på bygdepride

Resten av veka skal dei to bruke på Pride-festivalen i hovudstaden. Laurdag går dei med fana frå Bygdepride i paraden i Oslo.

– Vi skal delta i Prideparaden her på laurdag. Vi har med det same banneret som vi hadde på Bygdepride og går bak det. Vi oppmodar alle bygdisar til å gå saman med oss i paraden, seier Sæbønes.